Norske ord me ikkje visste om

Lyflonad og maularmat er to av mange heller ukjende norske ord som Norsk Ordbok gir oss forklaringa på og opphavet til i det sjuande bandet av Norsk Ordbok. I alt er det planlagt 12 band fram til heile prosjektet skal vera fullført til grunnlovsjubileet i 2014. Det sjuande bandet går frå L til mugetuft, er på 819 sider og har i alt opp mot 32 000 artiklar. Bandet er skrive av 29 redaktørar, som har brukt eitt år og fem månader på arbeidet, skriv UiO i ei pressemelding.

LANSERER BAND: Norsk Ordbok-redaktørane Åse Wetås frå Sandnes og Leiv Inge Aa frå Sogndal.
Foto: Ola Sæther

Band 7 blir lansert på Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet, Ørsta, torsdag 26. juni kl. 10-11, m.a. med prolog av Edvard Hoem: Orda eg ikkje visste om (sjå meir på http://www.aasentunet.no).

Norsk Ordbok gir ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og nynorsk skriftspråk, både sakprosa og skjønnlitteratur. For kvart ord finn ein tyding(ar), ordhistorie, dialektformer og døme på bruk i litteratur og talemål.

Alle norske dialektar er dekte i Norsk Ordbok, men somme stader har hatt flittigare innsamlarar enn andre. Av dei orda som ikkje er vanlege over heile landet, kjem dei fleste frå Trøndelag, dernest mange frå Vestlandet, og eit stigande tal frå Agder, Austlandet og Nord-Noreg.

Har satsa på ord frå Nord-Noreg

Innsamling av ordtilfang frå Nord-Noreg har vore eit særleg satsingsområde i Norsk Ordbok dei siste åra, og det vil setje merke på ordboka framover. Dei ti kommunane som er nemnde oftast i band 7, er Oppdal, Voss, Valle, Sparbu, Suldal, Hol i Hallingdal, Nøtterøy, Selje, Stryn og Surnadal.

Mange ord frå målføra har aldri vorte ordboksførte før dei no blir det i Norsk Ordbok. Døme kan vere lyflonad 'omnsvarme' (Meløy), maregrein 'greinvase på bartre' (Spydeberg), maularmat 'mat ein må ete mykje av for å bli mett' (Hemnes), for ikkje å nemne mugetuft 'stad der det har lege ein dunge med høy' (Meldal) - det førebels siste ordet.

I forskingsfronten

Å laga ei stor vitskapleg dokumentasjonsordbok som Norsk Ordbok føreset at alt blir gjort på data, frå gjennomgang av tilfanget gjennom redigering og fram til satsproduksjon.

Prosjektet Norsk Ordbok 2014 har i lag med Eining for digital dokumentasjon ved UiO skapt eit redigeringssystem som ligg i forskingsfronten for fagfeltet leksikografi.

Denne satsinga på IT-løysingar med høg kvalitet kjem alle språkinteresserte nordmenn til gode, ettersom alt underlagstilfanget for NO 2014 ligg på nettet og kan søkjast i av alle som vil, på adressa http://no2014.uio.no.

Prosjektet Norsk Ordbok 2014 står for redigeringa av Norsk Ordbok. Prosjektet er eit spleiselag mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Universitetet i Oslo, og skal fullføre verket i jubileumsåret 2014. Det vil seie at det kjem eit nytt band kvart år framover.

Redaksjonen held til på Universitetet i Oslo, med ei mindre avdeling ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim.

Emneord: Nynorsk, Forskning
Publisert 23. juni 2008 13:12 - Sist endra 10. des. 2008 15:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere