Lærer entreprenørskap i Göteborg og Oslo

UiO utvidar masterstudiet i innovasjon og entreprenørskap med spesialisering innanfor Life Science. Det skjer i nært samarbeid med MedCoast/Oslo Cancer Cluster og Göteborg International Bioscience Business School (GIBBS). I første omgang blir det tatt inn seks studentar som skal ta det første semesteret i Göteborg, før dei tar resten av masterstudiet ved Universitetet i Oslo. Også industriselskapa SAAB og AstraZeneca deltar i samarbeidet.

KUNSTIGE BLODÅRER: Karl Richard Nilsson har grunnlagt selskapet Arterion som har klart å utvikla kunstige blodårer basert på cellulose.
Foto: Ola Sæther

Det er Senter for entreprenørskap ved UiO som står bak det nye spesialiserte masterstudiet i entreprenørskap innanfor Life Science. Det skjer altså i samarbeid med Göteborg International Bioscience Business School (GIBBS) som er etablert av Göteborgs universitet og Chalmers i fellesskap.

I løpet av studiet vil studentane få kunnskap om korleis dei skal få omgjort gode nyskapingsidear til berekraftige verksemder. Dessutan vil dei læra meir om leiarskap i slike små forskingsbaserte oppstartsbedrifter. Bortsett frå det første semesteret, vil studentane praktisera det dei lærer gjennom praktisk opplæring i leiing av nyskapingsverksemder.

- Flott

UiO-rektor Geir Ellingsrud er svært nøgd med at samarbeidet har kome i gang.

- Göteborg ligg nærare Oslo enn Bergen, så difor er det flott at Senter for entreprenørskap har fått til eit samarbeid med Gothenburg International Bioscience Business School (GIBBS) om dette masterstudiet.

- Denne masterutdanninga koplar forsking og entreprenørskap, noko som er ein ny fugl i universitetsverda. Det er viktigare enn nokon gong at forskinga vår kan danna grunnlaget for noko konkret, så raskt som mogleg. Universitetet er svært opptatt av å utvida samarbeidet med næringslivet endå meir. Difor vil me gjerne ynskja dette tiltaket lykke til, sa Ellingsrud.

- Glad for interessa

Senterleiar Truls Erikson er glad for at både norske og svenske selskap vil delta for å kunna gjera den nye masterutdanninga så bra som mogleg.

- Det er også eit klart oppsving i interessa for entreprenørskap blant studentar. Tidlegare hadde me rundt 14 søkjarar til masterstudiet vårt. I år hadde me over 60 søkjarar til 15 plassar. Seks av dei byrjar på det nye masterstudiet og drar til Göteborg International Bioscience Business School (GIBBS til hausten, seier Erikson.

Når me no kan gi dei eit heilt nytt tilbod, er det takk vere dei store industrielle aktørane som Oslo Cancer Cluster, Medcoast, Saab og AstraZeneca. Det vil gi studentane ein realfagleg mastergrad innanfor entreprenørskap i livsvitskap (Life Science), sa han.

Også styreleiar i Oslo Cancer Cluster, Jonas Einarson var svært nøgd med dette tilbodet.

- Noreg er i verdstoppen innanfor kreftforsking. Dersom alle småselskap som er bygd på patentar på kreftmedisin hadde blitt slått saman, ville Noreg hatt verdas nest største selskap i kreftmedisin.

- Visjonen vår er å få inn mange slike små selskap på eit eige område ved Radiumhospitalet. Saman med Rikshospitalet og Ullevål universitetsjukehus er Oslo Cancer Cluster den einaste industriklynga i Noreg som har tilgang til forskar som både er med i senter for framifrå forsking og senter for forskingsdriven innovasjon. Me vil sjølve gjerne vera med på å utdanna folk som kan starta nye bedrifter i denne bransjen, sa Einarson.

Den svenske gründaren og tidlegare studenten, Karl Richard Nilsson demonstrerte også korleis ein god og litt tilfelig idé hadde utvikla seg til å bli selskapet Arterion som har klart å utvikla kunstige blodårer basert på cellulose. Det produktet leverer dei no til sjukehusa.

Søknadsfristen for det nyeoppretta masterstudiet er 15. april. Og dei første seks studentane er allereie tatt opp, og vil dra til Gøteborg til hausten.

Emneord: Internasjonalisering, Næringsliv, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 5. juni 2008 13:05 - Sist endra 10. des. 2008 15:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere