Det er universitetsdirektøren som ber Universitetsstyret om å dela dei 30,2 millionar kronene mellom alle fakulteta og einingane ved UiO.
Dersom innstillinga blir vedtatt, får
Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet mest tilbake, med
5,3 millionar kroner. Det er 17,6 prosent av den samla potten
på 30,2 millionar kroner. Det medisinske fakultetet får
tilbake 4,4 millionar kroner, medan Det humanistiske
fakultetet får 4,3 millionar.
I tillegg får Teknisk avdeling rundt 3,5 millionar av den samla potten på 30,2 millionar kroner. Deretter fylgjer Det samfunnsvitskaplege fakultetet med 2, 7 millionar kroner.
Det juridiske fakultetet, som i fjor haust hadde fleire krisemøte om den vanskelege økonomiske situasjonen sin, får rundt 1,5 millionar kroner tilbake, dersom Universitetsstyret vedtar framlegget frå universitetsdirektøren.
Som Uniforum tidlegare har meldt, skal Universitetsstyret også avgjera om Kontrollutvalet skal førast vidare ut valperioden til det sitjande styret. Det går både fagforeiningane og fleire av styremedlemene i mot.
Styret skal dessutan ta stilling til framlegget om å innføra ny intern finansieringsmodell frå neste år. Eit av elementa inneber at det skal innførast internhusleige ved UiO. Fagforeiningane ved UiO har gått sterkt imot det framlegget. Både UiOs endelege rekneskap og konsernrekneskap for 2007 kjem også opp til godkjenning
Tildeler prisar
Universitetsstyret skal også vedta kven som får UiOs forskingspris, formidlingspris og pris for godt læringsmiljø for 2008. Og det blir avgjort kven som får UiOs menneskerettspris for 2008. Styret skal formelt avgjera kven som får stillinga som tilsett instituttleiar ved Institutt for arkeologi, konservering og historie på HF. Dette er det siste instituttet på HF som innfører ei ordning med tilsetting i staden for val av instituttleiar.
Resultata frå fase 2 av Prosess fagleg prioritering skal også opp til handsaming i Universitetsstyret denne gongen.
Styremøtet byrjar kl. 9.00 og varer heilt fram til kl. 18.00. Møtestaden blir Rådssalen i 10. etasje i Administrasjonsbygningen.
Logg inn for å kommentere