Bondevik: - Vestens atomkraftpolitikk er dobbeltmoralsk

- Vesten tillet land som er på vår side å ha atomkraft, medan me vil hindra at land som ikkje er det, får det. Det kallar eg for dobbeltmoral, sa Noregs tidlegare statsminister, teologen Kjell Magne Bondevik under eit møte med Irans tidlegare president, teologen Mohammad Khatami på Universitetet i Oslo i går.

KAN IKKJE: - Eg kan ikkje forsvara noko eg ikkje sjølv har sagt, svara Khatami på spørsmål om kva kommentar han hadde til utspelet frå Irans president om at han ville utsletta Israel frå kartet.
Foto: Ola Sæther

Rundt 400 norske og utanlandske studentar fylte opp Sophus Lies auditorium på Blindern då Irans tidlegare president Mohammad Khatami og Noregs tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik skulle samtala om behovet for dialog mellom den islamske verda og Vesten. Møtet var eit samarbeid mellom Oslosenteret for fred og menneskerettar og Den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo. Irans tidlegare president, Mohammad Khatami innleidde samtalen med ei lang utgreiing om utviklinga av globaliseringa før og no.

Forsvarte ikkje omstridd utsegn

Møtet tok likevel ikkje ordentleg av, før studentane fekk høve til å stilla spørsmål til Khatami og Bondevik. Den første studenten som stilte spørsmål til Khatami, kom frå Israel, og han ville gjerne vita kva kommentar Khatami hadde til utsegna til dagens president Mahmoud Ahmadinejad om at han ville utsletta Israel frå kartet.

- Eg kan ikkje forsvara noko eg ikkje sjølv har sagt, svara Khatami, før han heldt fram:

- Det som er klart, er at det ikkje kan bli noko rettferdig løysing, før palestinarane får gjennomslag for dei rettmessige territorielle krava sine, slo Khatami fast.

Også Kjell Magne Bondevik kom inn på det temaet.
- Det blir ikkje ein ordentleg fred mellom palestinarane og israelarane før dei har klart å finna ei løysing på spørsmålet om Jerusalem og dei heilage stadene. Opphavet til all ekstremisme er kjensla av å bli utsett for audmjuking. Å bli okkupert gjennom mange år, opplever mange palestinarar som ei audmjuking, og det fører ofte til ekstremisme. Difor må ein gjera noko med røtene til ekstremismen for å bli kvitt den, meinte Bondevik.

Sa nei til president George W. Bush

Han var også oppteken av å visa at både vestlege land og muslimske land handlar ulikt.

- Før den amerikanske invasjonen av Irak fekk eg ein telefon frå president George W. Bush, som gjerne ville at Noreg skulle delta. Det sa eg nei til, fordi planane ikkje var blitt godkjende av FNs Tryggingsråd. Samtidig støtta fleire muslimske land invasjonen, peika han på.

Irans tidlegare president var mest oppteken av å snakka om islam, og mindre om storpolitikk.

- Den islamske sivilisasjonen byggjer på religiøs tenking, og kjerneverdiar som demokrati og toleranse eksisterer også i den islamske verda.

- Dessverre blir den islamske verda ofte møtt med vestleg arroganse, og den får difor ei kjensle av å vera underlegen. Med slike haldningar, bør ein ikkje venta at resten av verda respekterer Vestens synspunkt i politiske spørsmål.

- Dei største trugsmåla i verda i dag er okkupasjon og terrorisme. Løysinga på desse problema er dialog mellom nasjonane i staden for ein monolog. Globaliseringa gjer det mogleg for alle nasjonar å ha ei stemme, medan det tidlegare berre var den amerikanske stemma me høyrde, meinte Khatami.

- Vil finna dei felles verdiane

Både Khatami og Bondevik var opptekne av behovet for å snakka saman, på tvers av ulike religionar og politiske synspunkt.

- Ingen av dei heilage skriftene til islam, jødedommen og kristendommen inneheld negativ omtale av andre religionar. Så det er grunnen til at Oslosenteret for fred og menneskerettar og Khatamis stifting kan samarbeida for å finna fram til dei felles verdiane våre.

- I ein situasjon der media og enkelte politikarar frå ulike delar av verda er med og byggjer opp eit fiendebilete mellom Vesten og Den islamske verda, er det svært viktig at me set oss ned og snakkar saman for å bli kjende med kvarandre. På den måten kan ein skapa fred i staden for konfliktar.

- Det er grunnen til at eg også har møtt studentar ved eit universitet i Teheran. Det er den unge generasjonen som må lærast opp til dialog med folk frå andre kulturar og religionar, sa Bondevik. Og Khatami var einig.

INGEN NEGATIV OMTALE: - Ingen av dei heilage skriftene til islam, jødedommen og kristendommen inneheld negativ omtale av andre religionar, sa Kjell-Magne Bondevik i samtalen med Mohammad Khatami.(Foto: Ola Sæther)

- Politikarar brukar religion som eit påskot for å gå til krig, medan det er økonomiske grunnar som er dei eigentlege årsakene, konstaterte han.

Kravde Irans rett

Den tidlegare presidenten kravde også at Iran må få lov til å utnytta fortrinna sine.

- Iran har rett til å utnytta sine kulturelle og vitskaplege framsteg for å utvikla heile landet, stod han fast på. Khatami gjorde det også klart at han støtta menneskerettane, og lista opp verdiar som demokrati, religionsfridom, ytringsfridom og at kvinner og menn hadde lik verdi overfor Gud.

- Ingen skal heller bli undertrykt, understreka han.

Noregs tidlegare statsminister vedgjekk at han var godt nøgd med at ein gamal spådom ikkje er blitt oppfylt.

- Sekulære folk tenkte lenge at religion ville spela ei mindre viktig rolle i framtida. Dei tok feil, og det er eg glad for, sa han.

Emneord: Den internasjonale sommerskole, Iran, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 25. juni 2008 13:15 - Sist endra 10. des. 2008 19:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere