Det var i går Byrådet i Oslo og kulturminister Trond Giske gjorde det klart at dei hadde laga ein heilt ny plan for den framtidige lokaliseringa av kunstmusea i Oslo.
Dei ville flytta både Munch-museet, Stenersen-museet og Deichmanske bibliotek til ein heilt ny kulturbygning i Bjørvika, samtidig som Nasjonalmuseet skal flyttast til ein ny bygning på Vestbanetomta.
I dag gjorde museumsdirektør Elen Roaldset på Naturhistorisk museum ved UiO det klart at museet gjerne kunne tenkja seg å overta nabomuseet på Tøyen.
- Det synest eg er veldig interessant. Synest også det er interessant at kommunen ser positivt på oss. Me er heilt klart interesserte i å sjå på dei løysingane ei flytting av Munch-museet gir, seier Elen Roaldset til NRK.
Ho viser til at museet har behov for lokale og arbeider med ei utgreiing for å kartleggja magasinbehova til museet.
Vil flytta frå Tullinløkka
Direktøren for Kulturhistorisk museum, Egil Mikkelsen er derimot ikkje interessert i å overta nabobygningen på Tullinløkka.
- Eg har nyleg sett PowerPoint-presentasjonen til kulturminister Trond Giske, der han forklarar kvifor det er så viktig at Nasjonalmuseet får nye lokale. Han konstaterer der at det er naudsynt å forlata Tullinløkka, fordi det er så vanskeleg å skapa godt klima for kunstmåleri i så gamle bygningar. Det må jo vera endå viktigare for gamle sverd og andre gjenstandar frå vikingtid og mellomalder, understrekar han.
Skrinla Tullinløkka for ti år sidan
Museumsdirektøren minner også om at Universitetet i Oslo tidlegare har vore inne på tanken om å byggja det nye kulturhistoriske museet på Tullinløkka.
- Den ideen skrinla universitetet for ti år sidan. Difor er det ingen grunn til å forandra strategien om at me skal til Bjørvika. No er me dessutan snart ferdige med ein reguleringsplan som skal sendast til Kunnskapsdepartementet. Der fortel me kva behov me vil ha i eit nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika.
- Eg har også snakka med teknisk direktør Frode Meinich ved UiO. Også han er heilt klar på at me held fram med planane om å byggja eit nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika, slår Egil Mikkelsen fast.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere