Forskingsministeren er framleis i tenkjeboksen

- Lik rett til høgare utdanning, god forskarutdanning og spissing av enkelte fagmiljø gjennom satsing på breidd, er dei overordna måla i utdannings- og forskingspolitikken vår. Rapporten til Stjernø-utvalet kan vera eit verkemiddel for å få det til, slo forskingsminister Tora Aasland fast på eit seminar om styringsreformer i høgare utdanning onsdag 9. april.

VERKEMIDDEL: - Rapporten til Stjernø-utvalet kan vera eit verkemiddel for å få til utdannings- og forskingspolitikken vår, sa statsråd Tora Aasland.
Foto: Martin Toft

Dette var første gongen forskingsminister Tora Aasland kommenterte rapporten til Stjernø-utvalet om ny struktur i høgare utdanning, etter at den blei lagd fram 22. januar i år. Seminaret blei skipa til av Universitets- og høgskulerådet og Norden i fokus.

Men heller ikkje denne gongen kom ho med noko klart svar på korleis ho såg på forslaga frå Stjernø-utvalet, til dømes om samanslåingar av somme institusjonar og nedlegging av nokre av dei minste.

- Det finst 51 studiestader for høgare utdanning i Noreg. 41 av dei har under 2000 studentar. Nokre meiner at det er eit problem, og kva gjer me med det? spurde ho.

- Balanse mellom forsking og undervisning

- Dessutan er det blitt sagt at samanslåingar skal skje på frivillig basis. Akkurat på det punktet har det nok vore ein del dobbeltkommunikasjon, konstaterte ho.

Aasland viste til at det er mange ting ein må ta omsyn til, når regjeringa etter kvart skal staka ut ein politikk for forsking og høgare utdanning 20 år fram i tid.

- Det må vera balanse mellom forsking og undervisning, og balanse mellom ei betre oppfylging av studentane og høvet til å få meir samanhengjande tid til forsking. Målet vårt er at både undervisninga og forskinga skal bli endå betre. Då kjem me også inn i eit nytt dilemma.

- Skal me syta for at høgskulane får motivasjonspengar for at dei skal gjera profesjonsutdanningane sine endå betre, eller skal me gi universiteta høve til å utvikla sine profesjonsstudium? Det som står i høgsetet for oss, er at me vil ha eit stort mangfald innanfor norsk høgare utdanning og forsking, understreka ho.

- Større grad av autonomi enn tidlegare

Statsråden kom også inn på innføringa av Kvalitetsreforma i 2003 og høgskulereforma frå 1994.

- Desse reformene har gitt institusjonane ein langt større grad av autonomi enn tidlegare. Dei har fått ansvar for å oppretta nye fag og leggja ned fag utan at dei lenger treng godkjenning frå Kunnskapsdepartementet.

- Mange meiner at trange budsjettrammer gjer dette til ein illusjon, men det er likevel eit faktum. Samtidig skal eg ikkje fråskriva meg ansvaret for denne sektoren. Det har vore ein vilja politikk å styrkja autonomien til institusjonane. Det vil sjølvsagt også få konsekvensar for den nasjonale politikken, peika ho på.

Aasland trekte også opp linjene for område der ho gjerne vil ha nasjonal styring.

- Både når det gjeld dimensjonering, fordeling av profesjonsutdanningar frå bachelor- til master- og doktorgradsnivå, vil dette vera relevante område for nasjonal styring, meinte ho.

Lita tru på konkurranse

Konkurranse mellom dei norske institusjonane for ein kvar pris, hadde ho lita tru på.

- Ein forskar som hadde analysert utdanningspolitikken i fleire europeiske land, fann ut at auka konkurranse berre fremja standardisering, viste ho til. Førebels hadde verken ho eller regjeringa tatt noko endeleg standpunkt til innhaldet i rapporten frå Stjernø-utvalet.

- Når innspela frå alle institusjonane kjem, vil me sjå på dei i høve til dei røynslene og konsekvensanse dei andre nordiske landa har hatt med reformene sine. Dessutan vil me sjå på innhaldet i innspela i høve til ein eigen analyse. Norsk forsking og høgare utdanning har både høg kvalitet og viser gode resultat i dag. Det syner ikkje minst tildelinga av prosjekt innanfor EUs 7. rammeprogram, der mange norske forskingsmiljø deltar, presiserte ho.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 9. apr. 2008 17:14 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere