Eit antropologisk blikk på verda

Norske kystfiskarar, australske urfolk, pilegrimsvandring i Andesfjella og poesiopplesing i Paris. Inntrykka spenner over eit vidt felt når 32 sosialantropologar frå UiO viser fram bilete og ting frå feltarbeid over heile verda. Resultatet er blitt "Verdenskaleidoskopet", ei heilt ny utstilling i Galleri Sverdrup på Blindern. Utstillinga blei opna av universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe fredag 4. april og skal stå fram til 25. mai.

DISKUSJON: Cecilie Øien og Arnd Schneider ynskjer at utstillinga skal inspirera til diskusjon om rolla til bilete og objekt i antropologisk forsking.
Foto: Yngve Vogt

Utstillinga viser viktige fotografi og gjenstandar frå feltarbeid både ved Sosialantropologisk institutt og Etnografisk seksjon ved Kulturhistorisk museum. Alle bileta er henta frå forskarane sine eigne arkiv. Både Sosialantropologisk institutt og Norsk antropologisk foreining støttar denne visinga økonomisk.

Antropologane Cecilie Øien og Arnd Schneider har vore initiativtakarar til utstillinga, og begge ynskte alle dei frammøtte velkomne til utstillinga, på norsk og engelsk.

- Det er spesielt for oss antropologar å tenkja visuelt i staden for gjennom ein tekst. Me ynskjer at utstillinga skal inspirera til diskusjon om stillinga til bilete og objekt i antropologisk forsking, sidan desse altfor ofte blir gløymde i forskinga og blir degraderte til ei støtterolle i arbeida våre, slo Øien fast. I invitasjonen til utstillinga går det også fram at bilete og objekt er ein integrert del av forståinga antropologar har av andre kulturar.

- Me trur at bileta og objekta har ein formidlingsdimensjon i seg sjølv, som strekkjer seg ut over vitskaplege dokument, konstaterte initiativtakarane.

Arnd Schneider viste til at det var ei anna utstilling i Galleri Sverdrup som inspirerte han til å planleggja denne utstillinga.

- Det var jubileumsutstillinga til Den internasjonale sommarskulen, fortalte han, før han overlet ordet til universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

PÅ UTSTILLING: Sosialantropolog Signe Howell ser på eitt av bileta på utstillinga. (Foto: Yngve Vogt)

- Det er svært flott at me har eit eige galleri i Georg Sverdrups hus, som eg meiner er den flottaste bygningen i Oslo. Dette blir den 45. utstillinga me opnar her. Den ser svært spennande ut, og eg skal snart ta meg ein ny tur hit og ta meg tid til å sjå utstillinga i ro og mak, sa ho, før ho opna utstillinga med å dela ut orkidear til arrangørane. Rundt 60 personar deltok på opninga.

Utstillinga står fram til 25. mai.

Emneord: Galleri Sverdrup, Museene Av Martin Toft
Publisert 4. apr. 2008 16:29 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere