UiO får ti bod for god forskingsskikk

UiO lanserer no ti bod for god forskingsskikk. - Me hadde behov for eit overbyggjande verdigrunnlag for alle dei tiltaka me har gjort for å kvalitetssikra forsking, seier prorektor Haakon Breien Benestad.

TI BOD: Prorektor Haakon Breien Benestad syner fram UiOs ti bod for god forskingsskikk. Bak står forskingsdirektør Terje Mørland og rådgjevar Solveig Aas i Forskingsadministrativ avdeling.
Foto: Ståle Skogstad

Det var avsløringa av forskingsfusket til den tidlegare overlegen og forskaren Jon Sudbø, som førte til fortgang i arbeidet med å innføra felles etiske retningslinjer for forskinga på UiO. Forskingskomiteen har jobba i eit heilt år med dette, og resultatet er fem hovudtiltak for å hindra at fleire skal bli freista over evne til å ta snarvegar i forskinga.

- Det første tiltaket var å skriva ned ti bod for god forskingsskikk. Boda måtte vera så generelle at dei kunna gjelda for alle fagområde på UiO, og etter mykje diskusjon fram og tilbake har me nok klart det, fortel prorektor Haakon Breien Benestad, som har ført dei ti boda i pennen. Og det har han gjort i nært samarbeid med forskingskomiteen og direktør for Forskingsadministrativ avdeling, Terje Mørland.

- Nikodemus-prinsipp

- Eit anna tiltak me har gjennomført er å endra mandatet til det forskingsetiske utvalet, leidd av teologiprofessor Svein Aage Christoffersen. Før kunne utvalet berre ta opp saker der det var mistanke om forskingsfusk, medan det no også skal vera eit rådgjevande organ for å fremja god forskingsskikk, understrekar Mørland.

- Og me har innført eit Nikodemus-prinsipp, slik at det vil vera mogleg for ein som ynskjer å varsla om forskingsfusk, å gå rett til utvalsleiar Svein Aage Christoffersen for å fortelja han om det, legg prorektor Haakon Breien Benestad til.

Det er også blitt laga ei ny handbok for god forskingsskikk, i tillegg til at det på alle doktorgradsprogram blir skjerpa inn på kravet om aktiv deltaking.

- Det vil no bli lagt større vekt på opplæring i forskingsetikk, og det blir tettare oppfylging av kandidatane. I høve til tidlegare blir dei viktigaste endringane kravet om at minimum eitt år av doktorgradsprogrammet skal gjennomførast etter opptak ved UiO. Dessutan skal kandidaten delta i eit aktivt forskingsmiljø, og hovudrettleiaren skal vera tilsett på universitetet.

- Gjennom ein slik praksis vil alle kandidatane bli godt informerte om kva som er god forskingsskikk. Og på den måten trur me at me skal klara å hindra at nokon legg fram eigne forskingsprosjekt som ei fiks ferdig doktoravhandling kort tid etter at dei har byrja på doktorstudiet, slik Jon Sudbø gjorde, forklarar Breien Benestad.

Det siste tiltaket UiO vil setja i verk er eit pilotprosjekt for webbasert dokumentasjon av etisk praksis og forskingsdata.

- Det blir lagt til rette for at det kan leggjast inn dokumentasjon av etisk praksis i forskingsdatabasen Frida. Der vil alle som legg inn forskingsdokumentasjon, få ei sjekkliste der dei må kryssa av ulike punkt for å dokumentera at naudsynte godkjenningar og kontraktar er i orden. Det dreiar seg i hovudsak om personvern og ordningar for biomedisinsk forsking.

- Forskarane skal også leggja inn referansenummer på søknaden sin til dei nasjonale etiske komiteane, i dei tilfella dei vil ha løyve til dyreforsøk, eller til Datatilsynet når dei vil bruka persondata, fortel Mørland.

- Krava til dyreforsøk og personvern blir strengare og strengare også internasjonalt, så her gjeld det å halda seg à jour med til dømes EUs Code of Conduct innanfor forsking. For å få ein lovnad frå alle forskarar på UiO, ber me dei om å kryssa av på ei erklæring om at dei vil fylgja dei forskingsetiske retningslinjene som gjeld for fagområdet, understrekar Breien Benestad.

- Korleis trur de forskarane vil reagera på dette?

- Alt som gir dei meir arbeid, vil dei vera skeptiske til. Tiltaka skal i første omgang berre setjast ut i live i avgrensa pilotmiljø. Dersom ting blir for vanskelege, vil me ha høve til å justera, seier Breien Benestad. Og data som ligg til grunn for ein publikasjon, skal lagrast som ei "pakke" som berre kan opnast ved mistanke om fusk, men det vil ta lang tid før alt går på skinner.

Fem pilotmiljø

- I første omgang vil det vera fem pilotmiljø, eitt kvar ved Det medisinske fakultetet, HF og SV, i tillegg til to på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Seinare skal me få resten av UiO med på alle tiltaka, konstaterer rådgjevar Solveig Aas i Forskingsadministrativ avdeling.

- Men vil dette vera nok til å hindra framtidig forskingsfusk?

- Smarte menneske som vil fuska, vil kanskje klara det uansett. Det er umogleg å laga eit vasstett system. Men UiO har ansvaret for at alle tilsette fylgjer norsk lov og etiske retningslinjer på eige fagfelt. Gjennom desse tiltaka gjer me det mykje vanskelegare å fuska. Me har lagt vekt på å ha retningslinjer som heller legg til rette for god forskingsskikk enn ein streng kontroll. På den måten vil reglane heller ikkje koma i konflikt med lova om akademisk fridom, slår Terje Mørland og Haakon Breien Benestad fast.

- Det er også oppretta ein eigen nettportal, der både dei ti boda og resten av tiltaksplanen ligg tilgjengelege, legg Aas til.

UiOs 10 bud for god forskningsskikk
1. Du skal innrette deg etter både rettigheter og plikter i loven om akademisk frihet.
2. Du skal være deg bevisst at ærlighet er en absolutt betingelse for vitenskapelig arbeid.
3. Du skal handle i overensstemmelse med det etiske regelverk som gjelder på ditt forskningsområde.
4. Du skal gi anerkjennelse til kolleger og kunnskapskilder som har betydning for din egen forskning.
5. Du skal, så sant det er mulig, delta i et kollegialt fellesskap som kommuniserer og analyserer forskningens metoder og resultater.
6. Du skal kunne gjøre rede for hvordan du forvalter midler som er stilt til din disposisjon.
7. Du skal sørge for at dine vitenskapelige resultater er solide nok til å støtte konklusjonene dine, og for at rådata/kildeinformasjon for publikasjonene er tilgjengelige.
8. Du skal følge reglene for vitenskapelig publisering innen ditt fagfelt.
9. Du skal la forskningsformidlingen være nøktern; konsekvenstenkningen bør omfatte både mulig nytte og mulige etiske dilemmaer.
10. Du skal vedlikeholde og videreutvikle din vitenskapelige kompetanse.
Emneord: Universitetspolitikk, Etikk Av Martin Toft
Publisert 5. okt. 2007 13:43 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere