UiO får molekylærmedisinsk senter i meisterklassen

UiO får ein av tre nordiske nodar eller delmiljø av det europeiske forskingssenteret for molekylærbiologi (European Molecular Biology Laboratatory, EMBL). Det har hovudkvarter i Heidelberg i Tyskland. Den norske avdelinga får sete i Forskingsparken i Gaustadbekkdalen.

MEISTERLIGA: UiO får eit molekylærmedisinsk fagmiljø i europeisk meisterliga når forskingssenteret EMBL legg eit av tre nordiske knutepunkt til Oslo.
Foto: Ola Sæther

- Eg er svært glad for at me har lykkast med å få denne noden knytt til det molekylærmedisinske miljøet ved Universitetet i Oslo, seier rektor Geir Ellingsrud, som saman med rektorane ved universiteta i Umeå og Helsingfors, skriv under forskings- og samarbeidsavtalen med EMBL i Heidelberg onsdag 3. oktober.

- Eit slikt senter vil få forskinga vår endå eit steg framover, sidan EMBL er eitt av dei mest prestisjefylte molekylærbiologiske grunnforskingsmiljøa i Europa. Det blir difor eit viktig prosjekt for heile det molekylærmedisinske miljøet i Oslo - og i Noreg - sidan senteret og har ei klar nasjonal rolle.

Vitskapleg utveksling

Partnarskapen skal oppmuntre til vitskapleg utveksling og samarbeid mellom dei tre nordiske partnarane. Det skal samtidig gjere tilgangen til den vitskaplege infrastrukturen, vitskapleg utstyr, databaser og andre tenester hos kvarandre lettare.

Dei tre nordiske nodene er knytt saman i Nordic EMBL Partnership in Molecular Medicine, og alle tilhøyrer molekylærmedisinske forskingsmiljø. I Helsingfors heiter senteret Institutt for molekylærmedisin, i Umeå Laboratorium for molekylær infeksjonsmedisin, medan senteret i Oslo vil få namnet Centre for Molecular Medicine, Norway.

- Kvar partnar har ei lang historie med forsking på område som er relevante for molekylærmedisin og vil bringa inn ein eineståande portefølje med ekspertise,kunnskap og utstyr, seier administrerande direktør for EMBL, Ian Mattaj, i ei pressemelding. Han skal sjølv leie den nordiske styringskomiteen.

- Gjennom å kombinere styrken til kvar av dei tre nordiske partnarane, står me endå betre rusta til å takla nokre av dei mest utfordrande problema innanfor biomedisinen, seier Mattaj.

I Noreg er dette fagmiljøet sterkt på molekylærmedisinsk forsking knytt til sjukdomsmekanismar, medan Sverige har fokus på mikrobiologisk patologi og molekylær infeksjonsmedisin, og Finlands styrke er genetisk epidemiologi.

Partnarskapen inneber at dei tre nordiske nodane nyttar seg av EMBL sin modell for internasjonal rekruttering, utveksling av forskarar og vitskapleg fagfellevurdering. Det blir etablert ein felles styringskomité for dei tre nodane, med to representantar frå kvar node. Kvaliteten på forskinga blir heile tida vurdert av ein komité av eksterne ekspertar.

Skal samarbeida med sjukehusa

Dei nordiske nodane kan på eiga hand inngå samarbeidsavtalar med andre nasjonale partnarar, både forskings-og helseinstitusjonar. UiO arbeider med ein samarbeidsavtale med Helse Sør-Øst som vil vere ein tung og viktig partnar i senteret. Eit godt samspel med universitetssjukehusa vil vere avgjerande for at senteret skal lukkast med visjonen sin, får Uniforum opplyst av seksjonssjef Elin Kristine Kaurstad i Forskingsadministrativ avdeling ved UiO.

Noregs forskningsråd har oppnemnt ei nasjonal referansegruppe som skal ha ansvar for nasjonal koordinering og syta for at andre regionar kan dra nytte av dei faglege fordelane og fordelane med omsyn til rekruttering, som EMBL-noden inneber.

Senteret i Oslo blir lagt under EMBIO. Leiar for EMBIO, Odd Stokke Gabrielsen, har på vegner av rektor, forhandla fram avtalen med EMBL og har vore ein sentral person i utforminga av avtaledokumenta med Helse Sør-Øst.

Senteret vil ha eit eige styre med representantar frå Helse Sør-Øst, den nasjonale referansegruppa i Forskningsrådet og UiO. Styret skal ha ansvar for å setja i gang senteret, lysa ut direktørstillinga og skal vidare syta for overordna koordinering og framdrift for senteret.

Får lokale i Forskingsparken

Det vil i fyrste omgang bli lokalisert i Forskingsparken, og om alt går i orden, kanskje om nokre år i den nye Life Science-bygningen i Gaustadbekkdalen.

- Hovudprinsippa for eit EMBL-senter er blant anna at dei skal ha mellombelse tilsette gruppeleiarar som blir rekrutterte frå dei beste toppforskingsmiljøa i verda.

Dei tre medisinprofessorane Kjetil Taskén, Ole Petter Ottersen og Stefan Krauss har vore sentrale i utforminga av senteret sin profil og søknaden til Norges forskningsråd, og dei har alle tre forskargrupper med i oppbygginga av senteret, opplyser seksjonssjef Elin Kristine Kaurstad i
Forskingsadministrativ avdeling ved UiO til Uniforum.

Kontrakten med EMBL gjeld i første omgang for fem år, med høve til fem til. Kostnadane blir dekte av Kunnskapsdepartementet gjennom Forskningsrådet, Helse Sør-Øst og UiO.

Emneord: Forskning, Internasjonalisering, Medisin Av Martin Toft
Publisert 3. okt. 2007 15:20 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere