30 år, professor og småbarnsmor

- Alle vitskaplege tilsette uavhengig av kjønn må få garanti om barnehageplass. Det er det viktigaste kriteriet for å rekruttera personar av begge kjønn til forsking. Det seier 30 år gamle Kristine B. Walhovd, som nettopp er blitt tilsett som professor i psykologi.

30 ÅR OG PROFESSOR: 30 år gamle Kristine B. Walhovd er nyleg tilsett som professor ved Psykologisk institutt. - Barnehageplass til barna våre var føresetnaden, seier ho.
Foto: Ola Sæther

Medan andre på hennar alder, er i ferd med å bli ferdige med ein mastergrad, har 30 år gamle Kristine B. Walhovd nyleg blitt tilsett som professor i psykologi.

Samtidig er ho småbarnsmor og kone til ein ung professor i psykologi. Sjølv meiner ho at det ikkje har skjedd mot alle odds.

- Det har jo gått relativt fort, men det er fordi eg bestemte meg tidleg for at kva eg skulle studera. Eg byrja på psykologi og blei verande på det faget. Her har eg hatt svært gode vilkår både som student og forskar, fortel ho. Men ho vedgår at det også har vore litt tilfeldig.
- Nei, det handlar dessutan litt om flaks. Viss den førsteamanuensis-stillinga som eg søkte for tre år sidan, ikkje hadde blitt ledig akkurat då, ville eg heller ikke sete her som professor i dag.

- Må flagga ambisjonane sine tidleg

- Kva råd har du til andre kvinner som vil gjera karriere i akademia?

- Dei må flagga ambisjonane sine så tidleg som mogleg og seia frå kva dei ynskjer å forska på. Det gjeld å vera aktiv i fagmiljøet og påverka slik at det blir søkt om finansiering av stipend frå Noregs forskingsråd på forskingsprosjekt som kjem innanfor eige fagfelt. Sidan Forskingsrådet ikkje lenger gir individuelle stipend, må det skje på den måten.

- Men korleis er det mogleg for ei mor til to små barn og kone til ein minst like ambisiøs professor å klara å kvalifisera seg til å bli professor?

- Den aller viktigaste føresetnaden er at me har fått plass til begge barna våre i ein av barnehagane til universitetet. Etter den siste fødselen har mannen min og eg delt svangerskapspermisjonen mellom oss, slik at me har kunna jobba deltid. Sidan me begge no er professorar i psykologi, kan heller ingen av oss bruka argumentet om at min jobb er viktigare enn din jobb, så me klarer å fordela arbeidsoppgåvene oss imellom utan at me treng ta den krangelen, understrekar ho. Begge barna er i barnehagen mellom sju og åtte timar kvar dag.

- Bør gi barnehagegaranti

- Universitetet i Oslo bør gi garanti om barnehageplass til både stipendiatar og alle andre vitskaplege tilsette med små barn. Dessutan bør det også vera lettare å leggja til rette for å jobba deltid, med frikjøp frå undervisning. Det går nemleg ikkje an å slå av og på brytaren for forsking, for det skjer noko heile tida.

- På same måte må me få ha kontora våre også den tida me er borte i samband med fødsel og kjem tilbake for å jobba deltid. Berre slik går det an å få tinga til å gå rundt både på jobb og på heimebane, slår ho fast.

Walhovd meiner at garanti om barnehageplass er den beste måten både å få kvinner og menn til å satsa på ein akademisk karriere.

- Derimot er eg ikkje positiv til øyremerking av eigne professorat for kvinner. Det er mykje viktigare å bli frikjøpt frå undervisning, slik at ein kan jobba på deltid berre med forsking.

No leier ho eit forskingsprosjekt der ho og fleire andre forskarar ser på plastisitet, det vil seia evna hjernen har til å forandra seg.

- Prosjektet går ut på å finna ut kva delar av hjernen som kan visa oss kor flinke folk kan bli. På den måten kan me undersøkja kven som vil ha utbyte av trening av minnet, og i kva grad hjernen kan forandra seg ved hjelp av trening. Testpersonane brukar dataspel i forsøka våre, fortel ho.

Emneord: Likestilling, Psykologi Av Martin Toft
Publisert 3. okt. 2007 16:42 - Sist endra 10. des. 2008 14:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere