2000 demonstrerte mot statsbudsjettet

- Eg klarer ikkje å endra forslaget til statsbudsjettet for 2008, men eg skal sjå kva eg klarer å få til i revidert budsjett for 2008. Det lova minister for forsking og høgare utdanning, Tora Aasland (SV) overfor Uniforum etter at ho hadde talt til 2000 demonstrerande studentar og akademikarar framfor Stortinget i formiddag.

DEMONSTRERTE: 2000 demonstrerte mot framlegg til statsbudsjett. I forgrunnen står statsråd Tora Aasland og talar til demonstrantane.
Foto: Yngve Vogt

"No er det nok", var slagordet for demonstrasjonen som klarte å samla rundt 2000 studentar og akademikarar imot regjeringa sitt framlegg til budsjett for forsking og høgare utdanning.

Demonstrasjonen starta med appellar på Universitetsplassen, før demonstrantane tok den korte turen til Stortinget for å høyra appellar frå viserektor Inga Bostad ved UiO og leiar for Studentparlamentet, Heine Skipenes.

Til slutt kom minister for forsking og høgare utdanning, Tora Aasland direkte frå ein regjeringskonferanse og heldt ein forsvarstale for regjeringa sin politikk, før ho fekk overrekt underskrifter mot budsjettforslaget frå organisasjonar som representerer over ein million personar.

- Me vil gjerne ta imot appellar og krav frå dykk studentar, men samtidig skal de vita at både universiteta og høgskulane er sjølvstendige og kan i stor grad sjølve avgjera korleis dei skal disponera pengane. Universitets- og høgskulelova gir dykk også mange rettar. Om de er misnøgde med den, kan de som jusstudentar kome med framlegg til Stortinget om moglege endringar, var oppropet ho kom med.

- Eg er heller ikkje nøgd med det regjeringa har fått til innanfor utdannings- og forsingssektoren så langt. Men eg skal gjera det eg kan for at studietida skal bli det den var tenkt å bli. Eg skal vera studentane sin minister, lova ho, medan studentane svara ho med tilropet. - Me vil ha pengar. No er det nok!

Jusstudentane tok initiativet

Leiar for Studentparlamentet, Heine Skipenes gav honnør til jusstudentane for å ha tatt initiativet til demonstrasjonen. Difor starta demonstrasjonen i dag ein halvtime før Fakultetsstyret ved Det juridiske fakultetet skulle inn og diskutera moglege kutt på til saman åtte millionar kroner på fakultetsbudsjettet. Mesteparten av kutta vil råka undervisnings- og eksamensopplegget for studentane.

- Dersom forslaga blir vedtatte, vil det seia at jusstudentar som blir sjuke på eksamensdagen ikkje får ta eksamen tre veker etterpå, slik som i dag, men må venta eit halvt år på neste høve til å ta eksamen, sa Skipenes til Uniforum, like før demonstrasjonen kom i gang. Men studentane ynskte også å markera motstand mot regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2008.

- Me treng sterkare satsing på høgare utdanning og heile kunnskapssektoren. Studentane blir heile tida råka av kutt, sidan 70 prosent av universitetsbudsjetta er bunden til lønn og administrasjon. Så lenge studentane ikkje har ei eiga lov om studentrettar, så vil det vera lettast å vedta kutt som går ut over demonstrantane, slo Skipenes fast.

- Forferdeleg

Og han fekk støtte frå leiaren for Stortingets utdannings- og forskingskomité, Ine Marie Eriksen Søreide (H).

- Djupedal og regjeringa har lenge trudd at dei kunne halda studentane for narr med tomt snakk. Det er forferdeleg det som skjer no, og som eg har fått ferske rapportar om, seinast på eit møte i Universitets- og høgskulerådet 8. oktober. Der fortalde dei at innsparingane først og fremst går utover dei små språkfaga, teknologifaga og allmennlærarutdanninga. Me treng fleire lærarar, så difor er rektorane som eg har snakka med kjempefrustrerte.

-Dessutan har universiteta og høgskulane brukt opp heile reserven sin etter at dei blei lova at kvileskjeret frå hausten 2007 ikkje skulle bli kopiert i 2008.

- Men ville du ha demonstrert om ei Høgre-regjering hadde presentert det same framlegget til utdannings- og forskingsbudsjett?
- Høgre ville aldri ha lagt fram eit så dårleg budsjett, hevda ho overfor Uniforum.

- Auka grunnløyvingar

Framfor Stortinget appellerte også viserektor Inga Bostad ved UiO til regjeringa og Stortinget om å løyva meir pengar til høgare utdanning og forsking.

- Me må klart og tydeleg forsvara universitet sin plass i samfunnet. Tankefridomen må få gode vilkår, fordi den er grunnen som framtidas kunnskap skal byggjast på. Me vil difor ha auka grunnløyvingar som universiteta sjølve kan disponera i motsetnad til alle dei øyremerkte pengane.

- Me veit best korleis me kan så for å hausta dei beste studentane og forskarane. Difor ynskjer me ein auke i grunnløyvingane til universiteta og høgskulane, sa Bostad.

Leiar for Studentparlamentet, Heine Skipenes la fram tre krav til regjeringa.
- Me krev auka satsing på høgare utdanning over statsbudsjettet og lovfesting av studentrettar. Dessutan krev me at me får høve til å vera heiltidsstudentar, slo Skipenes fast.

Emneord: Studentsaker, Forskning, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 25. okt. 2007 14:42 - Sist endra 10. des. 2008 14:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere