Sommarskulen får avleggjarar

- Det er rom for fleire sommarskular i Oslo, så lenge dei er supplement til kvarandre og ikkje blir kopiar. Det seier direktør Einar Vannebo i Den internasjonale sommarskulen ved UiO i ein kommentar til at både Handelshøgskolen BI og Universitetet for miljø- og biovitskap i år har hatt eigne sommarskular for første gong.

FREDSSKAPANDE: - Den internasjonale sommarskulen er på mange måtar eit fredskapande og tillitsskapande prosjekt, meiner direktør Einar Vannebo.
Foto: Ola Sæther

Før helga avslutta Den internasjonale sommarskulen den 61. sesongen sin. 520 ordinære studentar har fylgd kurs i seks veker og 52 Erasmus-studentar har tatt tre veker lange kurs på Blindern. I tillegg har 10 japanske studentar deltatt på eit eige oppdragskurs. Det er direktør Einar Vannebo svært nøgd med.

- Det har gått veldig bra, sjølv om sommarveret var det dårlegaste me har hatt sidan me starta opp i 1947, vedgår han.

Har starta nettverk

Vannebo er glad for at sommarskulen endeleg har klart å få til eit felles nettverk for alle dei tidlegare studentane.

- Me har fått opp ei eiga Alumnus-side, og har sendt ut e-post til alle studentane frå i sommar om å bli med i Alumnus-foreininga. Den første dagen melde 50 personar seg inn. Seinare vil me også utvida nettverket til å omfatta studentar frå tidlegare år. Til saman har over 24 000 personar deltatt på kursa til sommarskulen sidan 1947, så me reknar med at Alumnus-foreininga kan bli svært stort, trur Vannebo.

Han meiner at desse personane gjer ein god jobb for UiO.

- Dei kjenner universitetet og profilerer det i heimlanda sine, og ein god del av dei har kome tilbake som studentar seinare utan at me fører nokon eigen statistikk over kor mange det gjeld. I ein lang periode var sommarskulen faktisk det einaste tilbodet av større omfang for internasjonale studentar ved UiO, konstaterer han. I dag deltar heile universitetet i internasjonaliseringa.

Internasjonale kurs byrja på sommarskulen

- Dei siste 20 åra har studentmobilitet og internasjonalisering av studia vore eit prioritert område for UiO. Då gjer det godt å vita at mange av dei tverrfaglege engelskspråklege mastergradskursa, som til dømes "Internasjonal helse" og "Fred og konfliktstudiar" byrja som kurstilbod på Den internasjonale sommarskulen, og seinare har dei blitt ein del av porteføljen til universitet. Det same gjeld for norskundervisninga for utanlandske studentar. Den byrja også på sommarskulen. For oss har det vore viktig å integrera Den internasjonale sommarskulen i det som skjer på undervisningsfronten ved heile universitetet, understrekar han.

Difor trur Einar Vannebo at sommarskulen også kan vera til stor nytte for resten av universitetet.

- Den kan brukast til å rekruttera studentar og for å få til større fleksibilitet på studentutvekslinga med partnaruniversiteta våre i utlandet. Det er lettare å få studentar til å delta på eit seks veker langt sommarkurs enn på eit to år langt masterstudium, konstaterer han.

- Rom for fleire sommarskular

I år har både Handelshøgskolen BI og Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås for første gong hatt eigne sommarskular.

- BI har hatt 60 studentar på den tre veker lange sommarskulen sin, og dei har deltatt på dei sosiale arrangementa me har arrangert for studentane våre. Me har samarbeidd nært med BI om det sosiale tilbodet.. No går også Høgskulen i Oslo svanger med planar om å etablera sin eigen sommarskule. Det er tydeleg at fleire ser det som interessant, og det er rom for fleire, så lenge sommarskulane er supplement til kvarandre og ikkje blir kopiar, presiserer Vannebo. Han ser difor ikkje på dei nye sommarskulane som noko trugsmål.

- Den internasjonale sommarskulen har likevel ein eineståande posisjon i Europa, sidan den er så stor og har eit så vidfemnande kurstilbod. Storparten av studentane våre er her i seks veker i eit læringsfellesskap, slik at heile prosjektet får ein eigen dynamikk. Difor seier me "Come to Norway, meet the world". Det har hatt ein skjelsetjande effekt på dei studentane som har deltatt på kursa våre, sidan det er obligatorisk å delta på undervisninga for at dei skal bli godt kjende med kvarandre. Difor gjennomfører over 90 prosent av studentane kursa. Mange knyter både personlege og faglege nettverk på desse kursa, er han overtydd om.

- Fredsskapande prosjekt

Likevel trur han det er ein annan ting som er endå viktigare.

- Sommarskulen er på mange måtar eit fredskapande og tillitsskapande prosjekt, både gjennom det faglege og det kulturelle tilbodet vårt som er ein viktig reiskap for å skapa ei eiga forståing mellom folk frå ulike nasjonar, meiner han. Utfordringa blir dermed å få studentar til å koma til hovudstaden i det vesle landet Noreg.

- For å få det til må me utnytta tilknytingspunkt som folk assosierer med Oslo. Då kjem me ikkje utanom stikkord som energi, miljø og fredsforsking. I iveren etter internasjonalisering må me ikkje gløyma at studiet av skandinavismen og norsk kultur og samfunn er ei drivkraft i seg sjølv for at studentar kjem hit. Difor vil me utnytta kjende norske kunstnarar som Edvard Munch, Henrik Ibsen og Edvard Grieg og norske område som Jotunheimen, Telemark og Bergen for alt dei er verde, for å få studentane til å koma til Den internasjonale sommarskulen, seier Einar Vannebo.

Emneord: Den internasjonale sommerskole, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 6. aug. 2007 11:18 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere