Kjempar for plass i toppforskingssenter

I den nye "Masterplan for universitetets områder" står det ikkje eitt ord om at Institutt for molekylær biovitskap skal inn i det framtidige Life Science-senteret i Gaustadbekkdalen. Instituttleiar Reidunn Aalen meiner dette er eit brot på styrevedtaket frå desember 2005, medan teknisk direktør Frode Meinich seier at det ikkje er mogleg å få plass til alle som vil inn i den bygningen.

OVERRASKA: Instituttleiar Reidunn Aalen er overraska over at Institutt for molekylær biovitskap ikkje er blant dei fagmiljøa masterplanen foreslår skal inn i Life Science-senteret.
Foto: Ståle Skogstad

- Eg er svært overraska over at reint bygningsmessige vurderingar skal avgjera om Institutt for molekylær biovitskap blir med blant dei fagmiljøa som skal inn i den nye bygningen for livsvitskapar i Gaustadbekkdalen. Det seier instituttleiar Reidunn Aalen etter å ha lese "Masterplan for universitetets områder."

I 2014 skal både Kjemisk institutt og fleire andre fagmiljø flytta inn i ein ny bygning for livsvitskapar eller Life Science i Gaustadbekkdalen. Bakgrunnen er at det vil bli billegare for staten å byggja ein ny bygning enn å modernisera den gamle kjemibygningen frå 1967.

I styrevedtaket frå desember 2005 går det fram at også andre fagmiljø frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet bør kunna flytta inn i denne bygningen, når den står klar. Der heiter det at "det er både i utredningen og i høringsrunden anført gode grunner for at også Farmasøytisk institutt og Institutt og (for red.merknad)molekylær biovitenskap bør innlemmes. Universitetsdirektøren bes foreta en nærmere analyse av arealbehovene til Kjemisk institutt, Farmasøytisk institutt og Institutt for molekylær biovitenskap, med et spesielt blikk på "arealmessige og faglige synergier" som vil kunne utløses gjennom samlokalisering av det nye anlegget."

Etter å ha sett gjennom "Masterplan for universitetets områder", meiner instituttleiar Reidunn Aalen at forfattarane av planen ikkje har tatt omsyn til denne delen av styrevedtaket. For henne ser det ut som om dei som har skrive masterplanen berre har lagt vekt på reint bygningsmessige vurderingar i staden for å ta stilling til dei faglege spørsmåla.

- Det er ingen som har kome til oss og spurt oss om faglege synergiar og kvifor det er viktig at instituttet vårt får lokale i eit slikt Life Science-senter. Faktum er at dei 20 professorane og mellom 50 og 60 mellombels vitskaplege tilsette ved dette fagmiljøet står for ein stor del av den beste forskinga i livsvitskapar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Av dei seks satsingsområda fakultetet nettopp har vedtatt å støtta innanfor Life Science, stakk vårt institutt av med tre. Me fekk også tre av dei seks prosjekta som gjekk til UiO innanfor Forskingsrådets satsing på funksjonell genomforsking. Instituttet vårt er dessutan også det instituttet på MN-fakultetet som leverer flest doktorgradskandidatar til dei medisinske miljøa ved UiO.

- Fagmiljøet vårt gjer det godt både gjennom publisering av artiklar i forskingstidsskrift med godt ord på seg og gjennom det nære samarbeidet mange av forskarane våre har med sentra for framifrå forsking i dei medisinske fagmiljøa, fortel Reidunn Aalen.

Ho synest difor det er overraskande at Farmasøytisk institutt som i stor grad driv eit profesjonsstudium, skal inn i det nye senteret samtidig som hennar institutt ikkje ser ut til å få plass i den framtidige prestisjebygningen til UiO.

Ein gjennomgang Uniforum har gjort av den siste internasjonale evalueringa av den farmasøytiske forskinga i Noreg frå desember 2006,viser at dei ulike forskargruppene på Farmasøytisk institutt berre fekk karakter frå svak, middels god til svært god. Men det var inga forskargruppe som fekk karakteren framifrå (excellent). Den internasjonale evalueringsgruppa tilrår likevel at Farmasøytisk institutt får plass i Life Science-senteret.

- UiO må visa at det meiner alvor

- Mange av våre forskargrupper fekk karakteren framifrå/excellent då biofaga blei evaluerte på slutten av 1990-talet. Eg trudde at det var toppforsking som skulle drivast i det nye senteret, og då må UiO visa at det meiner alvor, understrekar ho.

Om lag 50 prosent av budsjettet ved instituttet er løyvingar frå Kreftforeininga og Noregs forskingsråd.

- Me har meir støtte frå Forskingsrådet enn noko anna institutt ved fakultetet. Instituttet er også brua mellom kjemi og molekylærmedisin. Me forskar og underviser i grunnleggjande fagfelt som biokjemi, mikrobiologi, molekylærbiologi, cellebiologi og fysiologi. Det vitskaplege utstyret me har gått til innkjøp av, er også i den absolutte verdstoppen og vil vera til stor nytte for dei andre forskingsmiljøa som skal inn i Life Science-senteret, slår ho fast.

Ein annan viktig grunn til at ho ynskjer å flytta instituttet til det nye senteret, er det nære samarbeidet dei har med både Kjemisk institutt og det medisinske fagmiljøet.

- Det går også klart fram av argumentasjonen vår i høyringsfråsegna me har sendt til både fakultetsleiinga og til rektor Geir Ellingsrud. Me håpar UiO tar meir omsyn til toppforskinga som skal gå føre seg der, enn å løysa ein romkabal som har vanskeleg for å gå opp, seier Aalen.

Ingen glipp

- Tidlegare prorektor og professor i farmasi, Anne-Brit Kolstø, du leier arbeidsgruppa for Life Science-senteret. Er det ein glipp at masterplanen ikkje har tatt med Institutt for molekylær biovitskap mellom dei fagmiljøa som skal inn i det nye senteret?

- Nei, det er nok rett. Det som er mest kritisk er dei dårlege lokala til Kjemisk institutt i Kjemibygningen og til Farmasøytisk institutt i Farmasibygningen. Og når me ynskjer heile instituttmiljø som har behov for å koma inn der, så blir det dei to. Det er likevel ikkje til hinder for at tverrfaglege toppforskingsgrupper der Institutt for molekylær biovitskap også er med, kan få plass i det nye senteret i tillegg. Andre meir eller mindre mellombelse senter, som til dømes Bioteknologisenteret, som leiger lokale utanfor universitetet, vil det også kunna vera aktuelt å plassera i det nybygde senteret, seier Anne-Brit Kolstø til Uniforum.

- Ikkje plass til alle

Teknisk direktør Frode Meinich slår fast at det ikkje blir plass til alle dei fagmiljøa som vil inn i det planlagde Life Science-senteret.

- Gaustadbekkdalen som område har ein avgrensa kapasitet og det er ikkje plass til alle som ynskjer å vera med i eit Life Science-senter. Det er det einaste som er heilt klart. Masterplanen er utarbeidd av Teknisk avdeling på oppdrag frå Universitetsdirektøren, men med representantar frå alle fakultet i arbeidsgruppa, understrekar han.

- Masterplanen er slik sett ikkje eit svar på det styret tok opp i ei lausriven sak om Life Science-senteret. Det er mange fordelar og ulemper ved å flytta eller ikkje flytta ulike institutt til Gaustadbekkdalen. Dette vil bli ein politisk diskusjon uansett, seier Frode Meinich i ein kommentar til Uniforum.

Fristen for å levera inn høyringsfråsegner til masterplanen gjekk ut denne veka, og Universitetsstyret skal for første gong realitetshandsama innhaldet i planen i møtet 11. september.

Emneord: Biologisk institutt, Forskning, Fakultetene, Kjemi, Bioteknologi Av Martin Toft
Publisert 6. juni 2007 11:48 - Sist endra 10. des. 2008 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere