Eldstemann alltid mest intelligent

Den eldste i syskenflokken er alltid meir intelligent enn syskena som kjem etterpå. Men det er den sosiale og ikkje den biologiske rekkjefylgja som avgjer dette. Det viser forsking som forskarane Petter Kristensen og Tor Bjerkedal nyleg publiserte i det vitskaplege tidsskriftet Science . Resultata har vekt stor oppsikt internasjonalt.

DEN SOSIALE REKKJEFYLGJA: - Det som er nytt i forskinga vår ,er at det er den sosiale rekkjefylgja i syskenflokken som er viktig, ikkje den biologiske, konstaterer forskar Petter Kristensen.
Foto: Ståle Skogstad

Både NRK-Dagsrevyen, Aftenposten, TV 2, Los Angeles Times og Nature har publisert stoff om dei oppsiktsvekkjande funna som medisinprofessor Petter Kristensen og pensjonert medisinprofessor Tor Bjerkedal har gjort om samanhengen mellom intelligens og rekkjefylgja i syskenflokken.

Petter Kristensen er professor II ved Institutt for allmenn-og samfunnsmedisin ved UiO, medan Tor Bjerkedal er pensjonert professor frå same institutt. Etter at dei to først publiserte artikkelen sin i Science, har nyhendet om desse funna gått sin sigersgang i massemedia over heile verda.

- Det som er nytt i forskinga vår, er at me kan slå fast at det er den sosiale rekkjefylgja som er avgjerande, ikkje den biologiske, slik mange har trudd tidlegare. Me har samla fødselsdata for 250 000 menn frå 1967 til 1986 og kopla dei med IQ-testane på sesjonen frå 1985 til 2004. Då har me funne ut at i dei tilfella der den førstefødde døyr like etter fødselen, overtar sysken nummer to rolla til den førstefødde. Og nummer tre i syskenflokken overtar rolla til nummer to. Det viser at det er den sosiale og ikkje den biologiske rekkjefylgja som er viktig, understrekar Kristensen.

- Har nøsta opp i gamle teoriar

Han viser til tidlegare forsking som har spekulert i at mora har danna antistoff mot barnet sine antiprotein. Den britiske forskaren Francis Galton skreiv ei bok som han kalla for "English Men of Science", og hevda at alle store menn gjerne var den eldste i syskenflokken.

- No har me klart å nøsta opp i alle desse gamle teoriane, og me kan slå fast at det finst ein effekt av kva nummer du er i syskenflokken og kva IQ-poeng du får, men den effekten er altså sosial og ikkje biologisk, understrekar han.

Kristensen og Bjerkedal har funne ut at det i gjennomsnitt er mellom to og tre IQ-poeng mellom den førstefødde og nummer to i syskenflokken. Denne effekten er uavhengig av evnenivået til foreldra. Men skilnaden er størst der foreldra har god utdanning.

- Det mest interessante var at mellom dei som hadde ei mor med universitetsutdanning, var skilnaden endå større enn blant dei som ikkje hadde ei mor med ei så høg utdanning. Førebels veit me ikkje grunnen til at det er slik, men det kan vera at når det første barnet er kome til verda, så blir mora heime ein lengre periode enn etter fødsel nummer to. Då er det viktigare for henne å venda tilbake til jobben så fort som mogleg.

Får utdelt likt sett med ressursar

- Kvifor er det slik at den førstefødde får fleire IQ-poeng?

- Ein familie får på ein måte utdelt eit likt sett med ressursar, og dess fleire ein er i syskenflokken, dess færre ressursar blir det på kvar. Og det ser ut til at den førstefødde drar fordel av å vera fødd før dei andre, fordi foreldra ei stund kan bruka alle ressursane på han.

- Då burde vel einebarn vera svært intelligente?

- Det er ingenting som tyder på at dei er meir intelligente enn førstefødde i ein stor barneflokk. Årsaka kan vera at dei ikkje har høve til å bryna seg på yngre sysken. Samtidig er det klart at dei med høgast utdanning ofte har to til tre barn, medan foreldre til einebarn har lågare utdanning.

Nyttig bruk av norske register

- Kor viktig synest du at dette funnet er?

- Det er jo sjølvsagt litt viktig at me har funne ut at det er det sosiale og ikkje det biologiske som spelar inn når den førstefødde er den mest intelligente i syskenflokken. Likevel så vil me leggja mest vekt på at forskinga vår er eit godt døme på korleis ein kan bruka norske register.

- I Noreg har alle personar eit unikt personnummer som kan knytast til Medisinsk fødselsregister og andre offentlege register. På den måten kan me stilla data over nesten ein kvart million menn på beina. Det gir Noreg eit fortrinn samanlikna med til dømes USA, men både i Sverige og i Danmark er det mogleg å gjera det same.

Første gong publisert i Science

- Kva synest du om at artikkelen dykkar er blitt publisert i Science?

- Det er sjølvsagt svært morosamt. Science publiserer oftare funn frå molekylærmedisinsk forsking enn funn frå den typen observasjonsstudiar som me har utført. Eg har tidlegare aldri verken prøvd å få publisert eller fått publisert vitskaplege artiklar i Science. Difor er dette sjølvsagt svært artig for oss, seier Petter Kristensen, som til dagleg er forskingssjef ved Statens institutt for arbeidsmiljøforsking (STAMI).

Emneord: Medisin, Forskning Av Martin Toft
Publisert 26. juni 2007 09:38 - Sist endra 10. des. 2008 14:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere