Vil ha rektor som øvste toppleiar

- Det bør berre vera ein toppleiar på UiO, og det må vera rektor. Denne tilrådinga kom avgått universitetsdirektør Hanne Harlem med i sluttappellen sin under markeringa for henne onsdag 2. mai.

EIN TOPPLEIAR: - Det bør berre vera ein toppleiar på UiO, og det må vera rektor, sa Hanne Harlem i sluttappellen sin 2. mai. I bakgrunnen viserektor Inga Bostad.
Foto: Martin Toft

Etter mange festtalar og godord frå rektor Geir Ellingsrud, dekan Knut Fægri, fakultetsdirektør Bjørn Hoel, teknisk direktør Frode Meinich, leiar for Studentparlamentet, Line Johanne Strand, generalsekretær for Universitets- og høgskulerådet, Ola Stave og hovudtillitsvald Live Rasmussen frå Forskarforbundet, tok Hanne Harlem sjølv ordet på den aller den siste arbeidsdagen sin som universitetsdirektør for Universitetet i Oslo.

- Eg er overtydd om at det er naudsynt med ei endring av styrings- og leiingssystemet på UiO, uavhengig av kven som er rektor. Det står nemleg ikkje i høve til dei oppgåvene ei leiing av universitetet må ta vare på. Eg synest det er meiningslaust å forsøkja å dela mellom administrasjon og fag eller politikk, når det gjeld leiing av universitetet. Prinsipielt meiner eg at universitetsleiarar ikkje bør veljast, men eg vil også råda universitetet til å innføra ei ordning med berre ein toppleiar og ikkje ei todelt universitetsleiing som i dag, med ein universitetsdirektør som administrativ leiar og ein rektor som fagleg leiar, vald frå ein politisk ståstad. Den øvste toppleiaren bør vera rektor, som må veljast ut på ein best mogleg måte, slik at ein kan ta vare på den kompetansen ein toppleiar på universitetet må ha, understreka ho. Harlem forklarte også nærmare kvifor ho hadde landa på dette standpunktet.

- Å driva utvikling og endring av ein så stor organisasjon dreiar seg om ein kombinasjon av retning og kunnskap og kompetanse om korleis ein får det til, gjennom til dømes økonomi, personaladministrasjon, organisasjonsutvikling og kvalitetssystem for studium. Alt dette er vesentlege element i det å driva den totale faglege verksemda ved universitetetet.

- I dag leier rektor den faglege verksemda ved universitetet, medan universitetsdirektøren leier administrasjonen. Delinga mellom fagleg og administrativ leiing, er lite praktisk i ein så stor organisasjon som universitetet. Sjølvsagt kan rektor og universitetsdirektøren samarbeida, men dei har klare avgrensingar i rollene sine, hadde ho konstatert.

- Universitetsdirektøren har alltid hatt klare rammer for kva han eller ho kan seia noko om, delta i diskusjonen om eller å gjennomføra. Rektor er altså vald på grunnlag av ein politisk ståstad. Måten ein avgjer kven som skal vera rektor på legg ikkje vekt på kompetanse om endrings- og utviklingsarbeid eller kunnskap om korleis ein faktisk dirv ein stor organisasjon.

- I tillegg vil rektor ofte oppleva at han eller ho har eit mandat som gjer det vanskeleg å gå inn og ta krevjande og omdiskuterte avgjerder. På mange måtar blir dei to leiarane på kvar sitt vis, sett litt sjakk matt.

- Det er grunnen til at eg meiner UiO bør overlata både den administrative og den faglege leiinga til rektor, slo ho fast. Harlem la til at UiO bør retta meir merksemd til samfunnet utanfor universitetet enn i dag.

- Me må bli flinkare til å fortelja kva me har brukt dei auka løyvingane våre til. Faktum er nemleg at UiO aldri har fått større løyvingar enn universitetet har fått i løpet av dei siste åra. Eit anna råd vil vera å tilsetja fleire folk med røynsle frå samfunnet utanfor universitet, og oppfordra tilsette ved UiO til å forlata universitetet for ei stund og koma tilbake seinare, konstaterte ho, før ho takka assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen og rektor Geir Ellingsrud for det gode samarbeidet dei hadde hatt.

- Å få deg som assisterande universitetsdirektør, Tove, gjorde jobben og livet mitt betre meir morosamt og lettare. Bidraget ditt i form av kraft, refleksjon og evne til å sjå og ta vare på både menneske og moment eg sjølv ikkje fekk til så godt åleine, takkar eg deg for.Eg er lei meg for at eg sviktar deg, men det måtte bli slik.

- Geir, du er ein flott og fin person. Eg er imponert over evna di til å stå fast på dei avgjerdene du har meint har vore rette, sjølv om du har møtt motstand. Du er rett og slett flink å halda på roa, dei gongene det har storma rundt UiO.

Universitetet i Oslo er ein fantastisk institusjon som leverer framifrå forsking, masse god undervisning og og har godt nøgde studentar og tilsette som trivst. Eg vil difor ynskja Universitetet i Oslo lykke til, var det siste ho sa, før fleire av dei frammøtte tok ein personleg avskil med Hanne Harlem.

Tidlegare under markeringa heldt rektor Geir Ellingsrud på vegner av heile universitetssamfunnet ein takketale for Hanne Harlem.


- Du har sterke meiningar og du veit å hevda dei. Samtidig ser du lett alle nyansane i ei sak og er flink til å absorbera kva andre meiner. Me vil også hugsa deg for det faste sitatet ditt: "Ingenting er meir opplysande for ei sak enn fakta." Du har også ei imponerande evne til handling og er flink med både formell og uformell kontakt. Personleg så vil eg takka deg for god opplæring den første tida eg hadde tatt over som rektor. Tusen takk for tolmodet du viste då. Me vil ynskja deg lykke til vidare, sa Geir Ellingsrud.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. mai 2007 14:16 - Sist endra 10. des. 2008 19:11

Logg inn for å kommentere