Løyvde 16,1 mill. kr. til nytt lønnssystem

Det nye lønns- og personalsystemet POLS ved UiO får ei ekstraløyving på 16,1 millionar kroner. Det vedtok Universitetsstyret onsdag 2. mai. - Dette er positivt og vil gi oss høve til å tilsetja fleire ekstra personar, seier lønningssjef Trond Ryd til Uniforum.

POLS FÅR 16,1 MILL. KRONER:- Hovudmålet vårt er å få løyst alle problema så raskt som mogleg., seier lønningssjef Trond Ryd.
Foto: Ola Sæther

Bakgrunnen for løyvinga er problema med innføringa av det nye personal- og lønnssystemet og den uvissa dette skaper når det gjeld utbetaling av lønn og refusjonar og ikkje minst avstemminga mot rekneskapssystemet.

Pengane kjem frå reserven til styret, og dei skal altså brukast til å tilsetja frå 10 til 12 personar, både i faste stillingar, i mellombelse stillingar og som vikarar. Dei skal sysselsetjast i fire ulike delprosjekt som saman skal arbeida for å få sluttført innføringa av POLS på UiO.

- Vil stabilisera drifta av lønn

- Me trudde heile tida at Styret ville stemma for denne løyvinga, sidan det tidlegare hadde sagt klart frå om at me måtte få kontroll over dei problema som innføringa av det nye personal- og lønnssystemet hadde skapt. Pengane skal brukast til å finansiera fire ulike delprosjekt som saman skal arbeida for å få kontroll over avstemminga og over utbetaling av lønn til dei som er timelønna og til refusjonar av reiseutgifter og utbetaling av overtidslønn. I første omgang vil dette stabilisera drifta av lønn, slik at utbetalingane kan gå etter planen, seier lønningssjef Trond Ryd.

Den siste gongen det var problem, var då dei som skulle ha refundert reiseutgiftene sine den 4. april, ikkje fekk desse pengane før ei veke seinare. Like før var det store problem då utbetalinga til dei timelønna skulle skje 30. mars. Utbetalinga blei utsett til lønnsutbetalinga i april.

Innføringa av det nye lønns- og personalsystemet har tidlegare fått sterk kritikk frå representantar for Tenestemannslaget ved UiO i Uniforum, medan direktør Marianne Andreassen i Senter for statleg økonomistyring (SSØ) i same avis har gått ut og forsvart planen for innføring og gjennomføring av systemet ved UiO.

- Skal løysast raskast mogleg

Lønningssjef Trond Ryd er glad for at Styret har løyvd pengane som skal til for å få etablert dei fire delprosjekta som saman skal arbeida for få alle delar av det nye personal- og lønnssystemet på skinner.

- Hovudmålet vårt er å få løyst alle problema så raskt som mogleg. Difor vil me byggja opp meir kunnskap og kompetanse på denne løysinga internt, slik at me også sjølve kan handsama feil, og ikkje berre må ty til leverandøren Senter for statleg økonomistyring (SSØ) heile tida. Difor tar me no grep for å få gjort ting på eiga hand, fortel han.

Løyvinga skal brukast på alle delprosjekta som blir leidde av høvesvis organisasjons- og personaldirektøren, økonomidirektøren og IS-direktøren. Når alle dei nye medarbeidarane er på plass, vil ein del av dei flytta inn i 6. etasje i Administrasjonsbygningen, medan andre skal ha arbeidsplassen sin i Veglaboratoriet der prosjektorganisasjonen held til i dag.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 3. mai 2007 14:14 - Sist endra 10. des. 2008 15:26

Logg inn for å kommentere