Irans tidlegare president Mohammad Khatami er invitert av Noregs tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik til å leia eit lukka seminar om religion, demokrati og ekstremisme, arrangert av Oslosenteret for fred og menneskerettar. Khatami var Irans president frå 1997 til 2005, og blei rekna som reformvennleg.
Den første delen av seminaret går føre seg på UiO. Under opphaldet på Blindern, fekk også Mohammad Khatami tid til å overrekkja ei gåve på fleire hundre bøker til persiskstudiet ved Det humanistiske fakultetet.
Førsteamanuensis Finn Thiesen tok imot bøkene på vegner av det persiske fagmiljøet ved UiO. Også studentar i persisk fekk utdelt gåver av den tidlegare iranske presidenten, som sjølv har universitetsgrader i filosofi frå universiteta i Esfahan og Teheran. Han har også undervist ved det religiøse universitetet i Qom, før han blei statsråd og seinare president.
Etter ein lengre samtale rundt bordet med tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik og førsteamanuensis Finn Thiesen, gjekk dei to tidlegare statsleiarane saman ut av lokalet for å delta på seminaret om religion, demokrati og ekstremisme.
Logg inn for å kommentere