Fire kandidatar kjempar om éin plass i Universitetsstyret

Ei kvinne og tre menn stiller som kandidatar til val på ny representant for dei mellombelse vitskaplege tilsette i Universitetsstyret. To av kandidatane kjem frå HF, ein frå SV og ein frå MN-fakultetet. Dei knivar om éin plass.

Dei fire som deltar i valet er stipendiat Martin Kirkengen frå Fysisk institutt, stipendiat Dag Einar Thorsen frå Institutt for statsvitskap, postdoktor Kristin Aavitsland frå Institutt for kulturstudium og orientalske språk og Alexander Refsum Jensenius frå Institutt for musikkvitskap.

Alle kandidatane er godkjende av Valstyret ved UiO, og veljargruppa deira kan stemma på ein av dei under det elektroniske valet som altså går føre seg frå 21. mai til 23. mai kl. 16.00. Veljarane kan sitja framfor PCen og stemma, og resultatet skal bli klart med ein gong valet er over.

Alle som er tilsette i 50 prosent eller meir i ei mellombels vitskapleg stilling ved UiO, har røysterett ved dette valet. Denne veljargruppa omfattar både doktorstipendiatar og postdoktorstipendiat, men også universitetslektorar og førstemanuensar i mellombelse stillingar, kan stemma ved valet.

Til saman har rundt 1600 personar ved UiO røysterett ved dette valet. Den som blir valt, skal overta plassen til Klaus Magnus Håland Johansen som er den første som har representert denne veljargruppa i Universitetsstyret.

Valperioden varer i eitt år, frå 1. august 2007 til 31. juli 2008. Seinare denne veka vil Uniforum nett no spørja ut alle kandidatane om kva dei står for i forskjellige universitetspolitiske saker.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. mai 2007 14:22 - Sist endra 10. des. 2008 14:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere