Den tidlegare overlegen ved Radiumhospitalet og førsteamanuensis II ved UiO hadde klaga denne avgjerda inn for Universitetsstyret.
I vedtaket frå Universitetsstyret blir klagen avvist, fordi ein ser det som påvist at Jon Sudbø har manipulert med datagrunnlaget i dei tre første artiklane i doktoravhandlinga si. Ein ser det difor som dokumentert at det ligg føre fusk av vesentleg omfang i avhandlinga.
Klagen blei difor avvist fordi doktorgraden er tildelt på feil grunnlag og vedtaket om tildeling er ugyldig. I det endelege vedtaket heiter det at Universitetsstyret tar doktorgraden frå Jon Sudbø og ber universitetsdirektøren syta for at doktordiplomet blir innlevert.
Ingen auke i kopiprisen
Saka om oppfylginga av UiOs interne evaluering av Kvalitetsreforma blei utsett til eit seinare møte. Til glede for studentane, vedtok styret ikkje å heva prisane på kopiar, betaling av utskrifter, prisar på kompendium og kopisamlingar og prisen på kopieringsautomatar for studieåret 2007/2008. Prisane blir dermed dei same som for studieåret 2006/2007. Dei to studentrepresentantane fekk også med seg dei andre i styret på at alle framtidige endringar i kopiprisane skal leggjast fram for Studentparlamentet før det går vidare til universitetsdirektøren, som får fullmakt til å gjennomføra mindre prisjusteringar og andre endringar.
Logg inn for å kommentere