Noregs eldste by var dansk

Kaupang blei grunnlagt rundt år 800 og var ein av dei eldste byane i Danekongens rike, men ikkje Noregs første by, sidan Noreg ikkje eksisterte på den tida. Det er eitt av hovudfunna i boka Kaupang in Skiringssal, som omtalar hovudresultata i Kaupang-undersøkinga. Boka blei presentert av prosjektleiar, professor Dagfinn Skre i Gamle Festsal i Urbygningen torsdag 15. mars.

KAUPANG: - Noregs første by var dansk, slo professor Dagfinn Skre fast under lanseringa av den første boka om Kaupang.
Foto: Ola Sæther

- Då Kaupang blei grunnlagt rundt år 800 eksisterte ikkje Noreg som eit rike. Derimot rekna Danekongen området rundt Oslofjorden som ein del av riket sitt. På same måte som han hadde grunnlagt byar i utkanten av riket sitt både i sør, i vest og i aust, var Kaupang byen som danna ytterpunktet for Danekongens rike i nord, fortalde prosjekleiar for Kaupang-undersøkingane, Dagfinn Skre under lanseringa av boka om Kaupang. Boka er den første av seks band om dei mest omfattande arkeologiske utgravingane frå vikingtida i Noreg.

Utgravingane av vikingbyen Kaupang ved Larvik blei avslutta i 2003, og prosjektet har til saman fått 43 millionar kroner, 13 av desse millionane har kome frå Universitetet i Oslo. Prosjektet blei starta av Charlotte Blindheim, medan Dagfinn Skre overtok då ho blei pensjonist og har vore prosjektleiar dei siste ti åra. Undersøkingane har registrert 100 000 funn frå Irland i vest til Russland og dei arabiske landa i aust. 28 forskarar frå fleire land har deltatt i utgravingane.

- I boka argumenterer me for at Kaupang var ein by, Noregs første, grunnlagt ca. 800, og forleten omkring 950. Arkeologiske undersøkingar i andre norske byar viser at Trondheim og Oslo blei grunnlagt rundt 200 år seinare, medan Bergen og Tønsberg blei til først i midten og slutten av 1000-åra, slo Skre fast. Han viste til at Kaupang oppfylte den britiske arkeologen Susan Reynolds' definisjon av ein by. - Det skal vera ein stad der innbyggjarane i hovudsak livnærer seg av noko anna enn landbruk og fiske. Funna me har gjort viser at innbyggjarane var handverkarar som dreiv med utstrekt grad av handel. Det var også ei brei etnisk samansetjing av byen. Byen hadde både frankarar og slavarar som innbyggjarar, peika Skre på.

- Kaupang hadde mange av dei same kjenneteikna som dei tre andre skandinaviske byane frå denne tida, Birka, Hedeby og Ribe. I alle desse fire byane var bygrunnen inndelte i faste tomter, kvar med eit bustadhus. Kaupang kan ha hatt 90 til 100 slike tomter, og mellom 400 og 800 fastbuande innbyggjarar, sa han. Skre viste også til at det ikkje var tilfeldig at byen blei lagt der den no ligg.

- Kaupang ble grunnlagt i maktsenteret Skiringssal, som i eit par generasjonar hadde blitt styrt av Ynglingane, den kongeslekta som Snorre meinte dei norske kongane frå Harald Hårfagre og framover også tilhøyrde. Initiativet til grunnlegginga av Kaupang kom truleg frå Danekongen, som var den mektigaste herskaren i Sørvest-Skandinavia på denne tida, trur Skre. Han viser til at boka kombinerer skriftlege kjelder med arkeologiske, og samla viser dei at Skiringssal hadde mange fellestrekk med andre skandinaviske maktsenter frå same tid, som Uppsala i Sverige og Lejre på Sjælland.

- Kjernen i slike maktsenter var ein hallbygning, ein residens og festhall. Der budde den lokale kongeslekta, og der blei dei kultiske måltida, blóta, haldne. Restane etter denne hallen er no graven ut på Huseby, om lag ein kilometer frå Kaupang. Dette er sannsynlegvis sjølve Skirings-salen, den salen eller hallen som heile maktsenteret hadde namnet sitt etter, reknar Skre med. Grunnen til det er at dei har gjort eit anna viktig funn like ved.

- Ikkje langt frå hallen låg ein tingstad med røter fleire hundreår tilbake. Like ved tingstaden låg ein heilag sjø og eit heilag fjell. På 700-tallet, under Ynglingane, fekk denne tingstaden truleg mykje meir å seia , og den blei sannsynlegvis tingstad for heile Vestfold. Det kan henda at folk kom frå heile Oslofjordområdet. Dette var maktsenteret til Ynglingane og store folkemengder kom dit på tingmøte og religiøse fester. Der blei byen Kaupang grunnlagt, konstaterte Dagfinn Skre. Funna viser at byen dei første tiåra hadde handelssamband sørover, til Frankarriket og til Danmark. Forskarane meiner også at det er grunn til å tru at folk frå Frankarriket kan ha vore blant dei fastbuande i byen.

- Mot slutten av 800-tallet blir Danekongen sin påverknad i området svekka, og Kaupang sitt samband mot Dei britiske øyane og Østersjøområdet blei sterkare. Aktiviteten på Kaupang heldt fram mot midten av 900-talet. Då blei landet langs Oslofjordområdet kristna, og folk slutta dermed å koma til dei heidenske festane i Skiringssal. Dette er trulig ein hovudgrunn til at Kaupang blei forlate på denne tida, fortalde Dagfinn Skre til dei frammøtte, blant andre til ein imponert kunnskapsminister Øystein Djupedal.

- Vanlegvis får arkeologar grava i jorda som eit resultat av eit vegprosjekt eller byggjeprosjekt, men Kaupang-undersøkingane kom i gang fordi ein visste at ein ville finna interessante ting der. Og difor har arkeologane halda på i om lag 100 år med dette prosjektet, sa Djupedal.

- Kaupang-undersøkingane er eit godt døme på vellykka tverrfagleg samarbeid, og viser kor viktig det er at regjeringa i dag har gitt tilslutnad til at universitetsmusea i hovudsak skal vera knytte til universiteta. Eg gler meg til å lesa boka, la han til. Rektor Geir Ellingsrud rekna med at boka skulle få mykje å seia.

- Me reknar med at den vil få eit lengre liv enn dei døgnflugene som til vanleg får masse spalteplass i avisene. Tidlegare rektor Kaare R. Norum takka som leiar for prosjektrådet alle dei andre samarbeidspartnarane. Frå Anders Jahre-fondet til Noregs forskingsråd og Vestfold fylkeskommune og Larvik kommune.

Emneord: Kaupang Av Martin Toft
Publisert 15. mars 2007 17:57 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere