I 1957 starta han eit valforskingsprogram saman med Stein Rokkan på Institutt for samfunnsforsking. Det var også ved Institutt for samfunnsforsking han hadde fast kontorplass etter at han blei professor emeritus.
Spesialfeltet hans var heile tida studiet av val, veljaråtferd og politisk leiarskap. Henry Valen er kjent som valkommentator i NRK og for å ha forfatta boka "Valg og politikk". Han blei fødd i Hadsel i Vesterålen i 1924.
Valen har gitt ut ei rekkje artiklar og bøker, bl.a. Political Parties in Norway (dr.avh., utg. i samarbeid med D. Katz, 1964), Velgere og politiske frontlinjer (med W. Martinussen, 1971), Valg og politikk (1981), Electoral Change: Responses to Evolving Social and Attitudinal Structures in Western Countries (med M. N. Franklin, T. T. Mackie m.fl., 1992), Konflikt og opinion (med B. Aardal, 1995), Brussel midt imot: folkeavstemningen om EU (red. med A. T. Jenssen, 1995) og Political Representation in a Multiparty State (med Donald Matthews, 1998).
I eit intervju med Uniforum i 1998, gav Henry Valen klart uttrykk for at han syntest studentane var mykje meir arbeidssame og flittige enn mange vil ha det til. Men ein ting sa han seg svært lei for:
- Men eg synest at dei er altfor lite engasjert i politikk i dag. Sjølv skulle eg gjerne ha ynskt at dei var litt meir interesserte i å forska på norsk politikk enn det dei er. Den er då så utruleg spennande. Eg har stor glede av den kontakten eg har med studentar gjennom hovudoppgåve- og doktorgradsrettleiing. Mitt hovudinntrykk er at det ikkje er stor skilnad frå ein studentgenerasjon til den neste, meinte Valen.
Henry Valen var gjesteprofessor ved University of Michigan i USA, Oxford University i Storbritannia og ved universitet i Sverige, Australia og i New Zealand. Han var også medlem i Det Norske Vitskapsakademiet og i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.
(Kjelder: Store Norske leksikon, Uniforum og NRK)
Logg inn for å kommentere