Jussdekan får støtte frå Akademikarane

- Det er heilt rett av jussdekan Jon T. Johnsen å auka lønna til jussprofessorane, slik at den når eit nivå som kan konkurrera med det private næringslivet. Det seier forhandlingsleiar Curt A. Lier i Akademikarane Stat til Uniforum.

STØTTE: Forhandlingsleiar Curt A. Lier i Akademikarane Stat støttar lønnsauken til jussprofessorane. (Foto: Akademikarane)

Det er hovudoppslaget i Uniforum nr. 15, som har fått forhandlingsleiar Curt A. Lier i Akademikarane Stat til å reagera. Oppslaget viser til at fleire jussprofessorar hadde fått ein lønnsauke på mellom 154 000 og 204 000 kroner i dei lokale 2.3.4-forhandlingane. Lier meiner at dette er lønn som fortent.

- Det hadde vore ein stor sjanse for at Universitetet i Oslo hadde mista desse jussprofessorane, dersom dei ikkje hadde blitt tilbydde ei lønn som er konkurransedyktig med lønna dei ville ha fått i det private næringslivet. Det er den einaste måten UiO kan klara å halda på og rekruttera dei aller beste, slik at både undervisninga og forskinga vil halda eit høgast mogleg nivå, også i framtida, understrekar Lier.

Han kritiserer samtidig Tenestemannslaget ved UiO, som takka nei til å leggja fleire pengar i potten for dei generelle lønnsforhandlingane, altså 2.3.3-forhandlingane.

- NTL saboterte denne løysinga, og då meiner me i Akademikarane at universitetsleiinga gjorde rett, då dei klarte å ordna lønnsauke for spesielt konkurranseutsette stillingar i 2.3.4-forhandlingane, presiserer han. Lier synest ikkje at NTL og Parat har retten på si side i argumentasjonen sin mot ein slik lønnsauke.

- Det stemmer ikkje at det må liggja føre eit konkret jobbtilbod for å kunna tilby desse arbeidstakarane lønnsauke i 2.3.4-forhandlingane. Faktisk så er det nok at fakultetsleiinga ser det som ein fare at dei kan koma til å bli rekrutterte til det private næringslivet, slår Lier fast.

Emneord: Universitetspolitikk, Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 12. des. 2006 09:58 - Sist endra 10. des. 2008 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere