Brot i telefon- og nettsambandet på Veglaboratoriet

Alle dei UiO-tilsette i Veglaboratoriet i Gaustadalléen 25 har vore utan telefon- og nettsamband sidan klokka 10.00 i formiddag. - Det kan vera på grunn av brot på ein av Telenors kablar, og Telenor har lova å reparera feilen til klokka 12 i morgon, seier IT-direktør Arne Laukholm.

SETT UT AV SPEL: Prosjektdirektør Kristin Bakken i Norsk Ordbok har måtta oppretta fire mellombelse arbeidsplassar på Blindern på grunn av brot på telefon- og datasambandet.
Foto: Ola Sæther

Det moglege kabelbrotet har ført til full arbeidsstans hos blant andre dei 26 tilsette i Norsk Ordbok. - Ein dag med arbeidsstans fører til at me taper eit månadsverk, seier prosjektdirektør Kristin Bakken. Dei tilsette har frist på å levera siste korrektur til neste band av Norsk Ordbok førstkomande fredag 7. desember.

- Heldigvis er det lite som står igjen, men det er likevel viktig nok. Difor har me oppretta fire mellombelse arbeidsplassar i lokala til Institutt for lingvistiske og nordiske studium på Blindern. Dei vil vera operative frå i morgon tidleg, seier Kristin Bakken til Uniforum.

Seksjon for leksikografi og målføregransking og Seksjon for namnegransking er også blitt sette ut av spel på grunn av brotet i telefon- og nettsambandet. Det same har dei tilsette i Innkjøps- og rekneskapsseksjonen til UiO. Dessutan har dei som arbeider med innføring av det nye personal- og lønnssystemet POLS, også vore utan telefon- og datasamband sidan i formiddag. Heller ikkje dei tilsette i bioinformatikkgruppa til Institutt for informatikk har kunna arbeida på PCen sin eller har kunna ta telefonar sidan klokka ti i formiddag på grunn av det som truleg er eit kabelbrot.

- Me har undersøkt om det kan ha vore gravemaskiner som har kome bort i kabelen. Så langt ser det ikkje slik ut. Difor er det meir sannsynleg at brotet kan ha blitt utløyst av ei masseutgliding, fortel Arne Laukholm. Dersom det er eit kabelbrot, tvilar han på at det kan bli reparert før klokka tolv i morgon, torsdag 6. desember.

- Røynslene våre seier at det kan ta lenger tid, seier han til Uniforum.

Emneord: Arbeidsforhold, Forskning Av Martin Toft
Publisert 6. des. 2006 16:54 - Sist endra 10. des. 2008 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere