Med røntgen ut til pasientane

Ein handikapbil, eit heildigitalt røntgenapparat på fire hjul og radiografen Sigmund Oswold har revolusjonert helsetenesta for sjukeheimane i Oslo. No slepp dei å senda dårlege pasientar med ambulanse eller drosje til Ullevål sjukehus for å ta røntgen av dei. Slik sparer helsevesenet mange millionar kroner.

MOBIL RØNTGEN - Innsparingane ved å bruka mobil røntgen vil koma opp i mange millionar kroner, trur medisinprofessor Frode Lærum. Til høgre radiograf Sigmund Oswold .
Foto: Ståle Skogstad

Til no har den vesle mobile røntgeneininga behandla 1000 pasientar og gjort 1300 undersøkingar, sidan den starta opp for rundt to år sidan. Dermed har kvar femte sjukeheimspasient i Oslo hatt glede av denne tenesta til Ullevål universitetssjukehus, som har fått finansiering til oppstarting frå Høykom, Forskingsrådets program for breibandtenester. Tanken om å etablera eit slikt mobilt røntgenteam kom likevel frå Frode Lærum, som er professor i eksperimentell radiologi og internasjonalisering på Universitetet i Oslo og Rikshospitalet.

- Fekk ideen saman med kona

- Ideen blei fødd i samtalar med kona mi, som er fysioterapeut på ein sjukeheim. Me tenkte at det må då vera betre å frakta røntgenapparatet til pasienten i staden for at pasienten må leggja ut på ei slitsam reise med ambulanse eller drosje. I USA hadde det allereie eksistert liknande røntgenbilar som hadde frakta lågteknologisk utstyr ut til pasientane, fortel Frode Lærum.

Men han ville ha høgteknologisk digitalt utstyr, slik at røntgenbileta både kunne bli betre og bli overførte via Internett til eit sjukehus der ein røntgenlege kunne vurdera dei. Og Ullevål universitetssjukehus tende på ideen, og no er dei i ferd med å gå over frå å vera eit prøveprosjekt til å bli ei permanent ordning.

- Kort fortalt fekk me kopla saman eit enkelt røntgenapparat med ein svært komplisert røntgendetektor. Apparatet har same vekt og same storleik som ein rullestol og kan lett trillast inn og ut av ein handikapbil med ein radiograf som sjåfør. Ute i felten tar radiografen bilete av pasienten og tar vare på bileta på ein harddisk som han leverer til røntgenavdelinga på Ullevål mot slutten av dagen, forklarar Frode Lærum. Og i løpet av ein dag kan radiograf Sigmund Oswold rekkja å besøkja mange sjukeheimar.

Mange klemmar frå gamle damer

- Eg har utført undersøkingar av opp til 12 pasientar for dagen. I løpet av den tida røntgenbilen har vore i drift, har eg vore innom 48 av dei 55 sjukeheimane i Oslo. I den tida har eg truleg fått fleire klemmar frå takksame gamle damer enn det eg hadde fått til saman i åra før eg starta med dette, flirer Oswold.

Helsetenesta sparer millionar

Lærum trur at helsetenesta i Oslo har spart millionar på denne ordninga.

- Oslo har 5000 sjukeheimssenger, og dei har spart 2600 drosje- eller ambulanseturar på den tida me har halde på. Berre ved bruk av ambulansetransport er pasientane borte frå sjukeheimen i gjennomsnitt fem timar, sjølv for enkle røntgenundersøkingar. Dei sjuke og ofte demente pasientane er utslitne og forvirra når dei kjem tilbake. Men dei sparer óg på bruk av tilsette. For vanlegvis vil seks personar vera involverte dersom ein sjukeheimspasient må sendast til eit sjukehus for å ta røntgen. Innsparingane vil dermed koma opp i mange millionar kroner, trur Lærum.

Han ser føre seg at også andre helseregionar i Noreg vil ha mykje å vinna på å innføra mobil røntgen med ei liknande medisinsk teneste.

- I Noreg er det til saman 43 000 sjukeheimssenger og
13 000 sjukehussenger. Eg trur slike tenester kan letta inntakspresset på sjukehus, seier Lærum. Likevel er han mest oppteken av dei reint menneskelege fordelane med å ta røntgenapparatet ut til pasienten.

- Over 70 prosent av sjukeheimspasientane er senil demente. For dei kan ei lita miljøendring lett føra til ei forverring av sjukdomen. Dersom det er klart at dei har fått eit lårhalsbrot, skal dei sjølvsagt sendast til eit sjukehus. Men ofte er det tvil, og då er det viktig for både pleie og behandling å få klar kunnskap om dette, men utan at det blir ei lite naudsynt ekstra bør for pasienten eller helsevesenet, fortel Lærum.

Det har likevel ikkje vore heilt enkelt å få andre helseregionar til å oppretta ei liknande teneste.

- Viss du skal introdusera noko nytt i helsesektoren, så må du ta vekk noko anna. Når det er sagt, vil eg gjerne gi all mogleg honnør til Ullevål universitetssjukehus, som tende på denne ideen og har gjort ein flott innsats for å få dette realisert, understrekar Lærum.

Skal senda røntgenbilete via satellitt

Og verken han eller Oswold kviler på laurbæra.
- Det er utvikla fjernstyrte system som gjer at når me har tatt røntgenbileta, så kan me trykkja på ein knapp og få ei parabolantenne til å folda seg ut på taket av bilen. Med neste tastetrykk kan me automatisk få sendt røntgenbiletet via Thor-satellitten direkte til Ullevål sjukehus over Internett. Dermed vil ikkje avstanden mellom røntgenbilen og sjukehuset ha noko å seia lenger. Me slepp å frakta harddiskar eller leita oss fram til ulike breibandskontaktar i veggane på dei mange sjukeheimane. Då vil me ha eit sjølvforsynt system som også kan nyttast i distrikt med dårlegare infrastruktur, til dømes ved katastrofar, konstaterer Lærum.

Emneord: Forskning, Medisin Av Martin Toft
Publisert 11. okt. 2006 10:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere