Lovprist for å ha redda italiensk

Franskprofessor Marianne Hobæk Haff er tildelt den italienske republikken sin riddarorden. Ho får prisen for innsatsen ho gjorde for å redda italienskfaget på UiO. - Det er ei stor ære å få denne heideren, seier Hobæk Haff til Uniforum.

RIDDAR: Franskprofessor Marianne Hobæk Haff viser fram det synlege teiknet på at ho er tildelt den italienske republikken sin riddarorden.
Foto: Ola Sæther

Det var for tre år sidan leiinga ved HF ynskte å spara pengar ved å ikkje tilsetja nye folk etter at fagfolk på italiensk hadde gått av med pensjon. Men då hadde dei ikkje rekna med dåverande instituttleiar for Klassisk og romansk institutt, Marianne Hobæk Haff.

- Eg dreiv forhandlingar med fakultet og fekk dei til å løyva 200 000 kroner, nok til å lønna ein halv universitetslektor i to år. Dessutan gjekk eg i allianse med den italienske ambassadøren Uberto Pestalozza, som tok kontakt med det italienske utanriksdepartementet og klarte å overtala dei til å finansiera ei halv førsteamanuensisstilling i italiensk språk i tre år. Det kunne ikkje HF-dekanen seia nei til.

- Eg dreiv også reklame for italiensk blant studentane og eg tok kontakt med programkonsulenten for språkprogrammet og oppfordra henne til spesielt å nemna italiensk på informasjonsmøtet for studentane. Alt dette førte til at studenttalet på italiensk fekk eit oppsving, fortel Hobæk Haff. Difor synest ho at ho har fortent den italienske heideren.

- Ja, utan den jobben eg gjorde den gongen, trur eg italiensk ville ha vore nedlagt som fag på UiO i dag. Det er morosamt at eg som ikkje kan eit ord italiensk, men derimot er franskprofessor, får ein slik pris frå den italienske regjeringa, synest Hobæk Haff, som blei tildelt riddarordenen under ein seremoni i den italienske ambassaden for kort tid sidan.

Emneord: Fakultetene, Italiensk Av Martin Toft
Publisert 24. okt. 2006 11:47 - Sist endra 10. des. 2008 15:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere