Den raudgrøne regjeringa skuffar forskarar og studentar

Både studentar og forskarar er vonbrotne over budsjettframlegget til regjeringa. - Manglande løyvingar til forsking vil gå ut over den forskingsbaserte undervisninga og det vil råka både studentar, næringslivet og resten av samfunnet hardt, seier leiar for Forskarforbundet ved UiO, Bjørn Øgaard. Norsk Studentunion er også uroa over framtida til norsk høgare utdanning.

IKKJE OFFENSIVT: - Forskingsbudsjettet er ikkje så offensivt som me hadde håpa,meiner adm. dir. Arvid Hallén i Noregs forskingsråd.
Foto: Martin Toft

- Med eit kutt i basisløyvingane til universitet og høgskular på 274 millionar i budsjettframlegget for 2007, så er det lite igjen av lovnadene frå Soria Moria-erklæringa om at det skulle satsast sterkt på grunnforskinga og basisløyvinga til stipendiatstillingar. Det seier leiar for Forskarforbundet ved UiO, Bjørn Øgaard i ein kommentar til Uniforum. Han trur det kan bli hardt for regjeringa å nå målet om at investeringar i forsking og utvikling skal utgjera tre prosent av bruttonasjonalproduktet i 2010.

Må leggja seg i selen

- Då må regjeringa verkeleg leggja seg i selen i åra framover, om den skal klara det. Men eg synest det er positivt at regjeringa vil løyva 10 milliardar kroner ekstra til Fondet for forsking og nyskaping, sjølv om eg er einig med medisinprofessor Per Brandtzæg i at det kunne ha vore ein god idé å ha overført ein del av pengane frå Oljefondet til Forskingsfondet. Eg trur det ville ha vore ei betre investering enn å plassera pengane inn i den internasjonale aksjemarknaden. For kvar krone regjeringa investerer i forsking, vil me få mange kroner tilbake, understrekar Øgaard.

Misnøgde studentar

- Soria Moria ville gi alle høve til å utvikla evnene sine. Årets budsjettforslag viser manglande kunnskap om mekanismar i samfunnet ved ikkje å inkludera høgare utdanning i dette, seier Jens Maseng, leiar i Norsk Studentunion (NSU).

- Soria Moria-erklæringa seier at satsing på forsking og utdanning er noko av det viktigaste eit samfunn kan gjera. Dette er noko NSU støttar, men me ser lite igjen av desse orda i regjeringas budsjettframlegg. Tvert imot er dette eit budsjett som set høgare utdanning opp mot andre viktige samfunnsoppgåver, seier han. Løyvinga til 460 nye studentbustader er ein reell nedgang sidan i fjor, skriv NSU i ei pressemelding.

- Spesielt skuffande er det at Regjeringa fylgjer i Bondeviks fotspor og fjernar dei 10 millionane som i fjor blei tatt inn igjen i budsjettet nettopp av Stoltenberg-regjeringa, seier Maseng. Regjeringa satsar på barnehagar, men ikkje på studentar, konstaterer han.

Moderat kritikk frå Forskingsrådet

Administrerande direktør Arvid Hallén i Noregs forskingsråd kjem med moderat kritikk av budsjettframlegget.

- Forskingsbudsjettet er ikkje så offensivt som me hadde håpa. Men i ein total samanheng, der regjeringa har prioritert hardt mellom gode formål, må me akseptera årets budsjett som brukbart i eit mellomår. Det er veldig bra at det blir lagt inn ti milliardar i Forskingsfondet, men det er svært negativt at fridomsgraden vår i høve til avkastinga er borte. Detaljstyringa til departementa er blitt for stor, seier Hallén, som er glad for at Forskingsrådet har fått gjennomslag for ei stor satsing på den norske deltakinga i det internasjonale polaråret (IPY).

- Fylgjer ikkje måla sine

Leiar i Universitets- og høgskulerådet, Gunnar Stave er mykje krassare i kritikken av budsjettframlegget.

- Budsjettet viser at regjeringa ikkje fylgjer opp måla sine innanfor høgare utdanning og forsking. Dei har valt bort satsing på kunnskapssamfunnet til fordel for andre mål, seier Stave i fylgje Universitets- og høgskulerådet.

- Det faktum at det ikkje er ei einaste ny stipendiatstilling i budsjettet representerer nullsatsing i forskarrekruttering. Måla om auka forskingsinnsats og tre prosent av BNP verkar fjernare og fjernare, seier Stave.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 6. okt. 2006 17:02 - Sist endra 10. des. 2008 14:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere