Blindern kan bli freda

Blindern campus bør fredast. Det foreslår det internasjonale rådet for monument og stader (ICOMOS). Blindern er viktig arkitektonisk, men også som eit symbol på opprettinga av Statens lånekasse, som førte til at høgare utdanning blei tilgjengeleg for alle, konstaterer organisasjonen.

FREDA? Blindern campus blir foreslått freda i ein rapport frå det internasjonale rådet for vern av monument og stader (ICOMOS).
Foto: Ola Sæther

Det er i rapporten "De nære tap. 20. århundrerapporten", det internasjonale rådet for monument og stader (ICOMOS) foreslår å freda universitetsområdet på Blindern. Med støtte frå Riksantikvaren blei ein konsulent hyra inn for å føra rapporten i pennen. I referansegruppa sat blant andre kunsthistorikar Espen Johnsen frå UiO. Organisasjonen meiner at nyare stader som blant andre Aker brygge, Sametinget og Oslo lufthavn Gardermoen også bør vernast for ettertida.

- Blindern blei oppført i to hovudfasar på 1930-talet og på 1960-talet. Den første fasen er prega av at høgare utdanning var noko borgarskapen hadde hevd på. Den andre fasen er det synlige beviset på innføringa av Statens lånekasse for utdanning og behovet for ein radikal kapasitetsauke i universitetsutdanninga. Det var ein føresetnad for dagens samfunn, seier Eirik T. Bøe, som var prosjektleiar for rapporten.

- Bakgrunnen for å laga denne rapporten, var å få meir fokus på arkitektur frå det 20. hundreåret, fortel Bøe.

Retrostempel

På Forum for universitetshistorie ved UiO sit arkitekt og kunsthistorikar Trond Rogstad og skriv om historia bak universitetsbygningane på Blindern. Han synest det er flott at ICOMOS har foreslått å freda Blindern campus.

- Det er svært positivt at Blindern blir sett på med nye auge. Årsaka kan vera at dette universitetsområdet ikkje lenger blir sett på som samtidshistorie, men som eit heilstøypt anlegg frå ein stilperiode som me no verdsett høgare. Det byrjar å få eit retrostempel. Difor håpar eg at campusområdet og bygningane i framtida kjem til å bli like positivt vurderte av dagens brukarar som av bygningshistorikarar og vernestyresmaktene.

- I eigedomsmarknaden er funkis eit positivt ladd verdiomgrep, medan det tidlegare var utskjelt, konstaterer Rogstad. Likevel er det den arkitektoniske heilskapen som karakteriserer dette universitetsområdet.

Blindern-aksen

- Det som gjer området så homogent, er eit par grep som blei tatt svært tidleg. I 1924 teikna arkitekturprofessor Sverre Pedersen sin berømte Blindern-akse. Den skulle gå frå Blindern og heilt til Vigelandsparken. Den blei aldri realisert, men ideen om denne aksen blei boren vidare og gjennomført på Blindern, slår Rogstad fast.

Både Fysikkbygningen, Farmasibygningen og bygningen til Institutt for teoretisk astrofysikk (Svein Rosselands hus) frå 1930-talet fylgjer Sverre Pedersens Blindern-akse. Etterkrigsbygningane på Øvre Blindern respekterer også Pedersens akse, og også der blir den same raude teglsteinen brukt som på Nedre Blindern.

- Innhenta av modernismen

- Trass alle likskapane finst det likevel tydelege skilnader. Førkrigsbygningane var opphavleg teikna med klassiske søyler rundt delar av inngangspartiet, ikkje ulikt veggpartiet til sentrumsbygningane. På vegen frå teiknebrett til bygging, blei bygningane i mellomtida innhenta av gjennombrotet til modernismen. Bygningane blei slik ein slags blandingsarkitektur, klassisistiske bygningar, men utan ferniss og søyler. Svein Rosselands hus er stilistisk meir moderne og grensar opp til etterkrigsarkitekturen, fortel Rogstad.

Men det er høgblokkene litt lenger oppe på Blindern som er dei viktigaste symbola på etterkrigsarkitekturen.

- Øvre Blindern, blei bygd i den seinmodernistiske stilen til etterkrigstida, som var prega av velferdsstaten sine likskapsideal, og med stor varsemd i materialar og detaljering. Niels Treschows hus, som blei bygt i 1956, er eit gode døme på etterkrigsarkitektur i Noreg. Det er utforma som internasjonal seinmodernistisk høgblokkarkitektur, men kledd med norske mursteinar, fortel Rogstad.

Han viser til at det var arkitekt Leif Olav Moen som i samarbeid med den danske arkitekten Nils Ole Lund teikna desse bygningane. Begge meinte det var rett å fylgja Sverre Pedersens Blindern-akse frå før krigen og å sikra samanheng i materialet ved å bruka raud teglstein.

Også Administrasjonsbygningen og velferdsbygningane (Frederikkebygningen og Kristian Ottosens hus) er markerte bygningseiningar frå denne perioden. Som alle bygningane på Blindern, ligg dei godt skilde frå einannan.

- I mellom bygningane ligg eit stort grøntområde med gangstigar. På den måten oppfordrar området meir til rørsle enn til opphald. Men å stykka dette området opp i enkeltblokker har også sin pris. Kvar blir seg sjølv nok. Slik kan det vera at bygningane ikkje klarer å formidla nokon samla akademisk identitet, meiner han.

- Nei, det kunne like godt ha vore kontorlandskapet til eit stort industriselskap. Bygningane er ikkje-monumentale og likeverdige og uttrykkjer på den måten velferdsstaten sitt likskapsideal, legg han til.

- Ikkje lenger ein steinørken

- Kvifor blei det bygd høghus?

- Det finst det ikkje noko klart svar på. Årsaka kan vera at det på den måten blei plass til eit stort utomhusanlegg. I dag kan ingen lenger kalla Blindern for ein steinørken, når ein ser på korleis grøntanlegget no kjem til sin rett, seier Rogstad.

Emneord: Universitetspolitikk, Urbygningen, Universitetsbiblioteket Av Martin Toft
Publisert 30. okt. 2006 10:10 - Sist endra 10. des. 2008 14:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere