Ole Henrik Magga får UiOs menneskerettspris

Tidlegare sametingspresident,samiskprofessor Ole Henrik Magga er tildelt UiOs menneskerettspris for 2006. Det vedtok Universitetsstyret denne veka. - Eg synest det er gledeleg at mitt gamle og eigentlege universitet verdset arbeidet mitt så høgt at det vil meg ein pris for det, seier ein overraska og glad Ole Henrik Magga til Uniforum.

FÅR UiOs MENNESKERETTSPRIS: Samiskprofessor og tidlegare sametingspresident Ole Henrik Magga er tildelt UiOs menneskerettspris - Lisl og Leo Eitingers fond.(Foto: Randi Solhaug, UiT)

Ole Henrik Magga (59) blei valt til den aller første presidenten for Sametinget i 1989 og sat fram til 1997. Frå 1987-88 var han professor i finsk-ugriske språk ved Universitetet i Oslo. Då han gjekk av som sametingspresident takka han ja til ei forskarstilling ved Samisk høgskule i Kautokeino.

Magga har heile tida markert seg som ein leiande forkjempar for rettane til urfolk over heile verda. Han var den første leiaren for FNs permanente komité for urfolk. Dessutan var han ei av drivkreftene bak danninga av Verdsrådet for urfolk i 1976.

- Og det er nettopp arbeidet for rettane til urfolk både nasjonalt og internasjonalt som har gjort han fortent til å få UiOs menneskerettspris - Lisl og Leo Eitingers fond, fortel juryleiar, prorektor Haakon Breien Benestad til Uniforum.

UiOs menneskerettspris er slett ikkje ukjend for Ole Henrik Magga.

- Eg har sjølvsagt høyrt om denne prisen, men eg hadde aldri tenkt meg at eg skulle få den. Det er svært bra det UiO gjer med å setja fokus på menneskerettar, og denne gongen på urfolksrettane, gjennom tildelinga av denne prisen. Det trengst verkeleg, synest han.

Ole Henrik Magga arbeider no som professor ved Samisk høgskule i Kautokeino, og han kjem gjerne til Oslo for å ta imot prisen den dagen den skal delast ut.

- Det gler eg meg stort til, og då får eg også høve til å treffa gamle venner frå menneskerettsmiljøet ved Norsk senter for menneskerettar, seier han.

Magga er fødd i Ávzevuopmi på Finnmarksvidda. Seinare reiste til Oslo og der blei han den første samen i Noreg som tok doktorgrad i sitt eige morsmål, samisk.

- Du var tidlegare professor i finsk-ugriske språk ved UiO. Lengtar du nokon gong tilbake?

- Eg må vedgå at eg alltid får ei nostalgisk kjensle kvar gong eg går på campus på Blindern. I studietida budde eg på Blindern studenterhjem, rundt 1968, og då var det faktisk ikkje tillate for jenter å bu der, trass i radikaliseringa av studentane på den tida. Men ein gong då brannalarmen gjekk, kom det minst like mange jenter som gutar ut frå romma, ler han.

Kjelder: NRK Sami Radio, Wikipedia, Dagbladet og Ole Henrik Magga.

Emneord: Sentrene, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 14. sep. 2006 12:09 - Sist endra 10. des. 2008 15:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere