Det er med livet som innsats dei 40 universitetstilsette i den gamle veglaboratoriebygningen i Gaustadalléen 25 med tilkomst frå Problemveien går til og frå jobben. Og denne hausten får dei selskap av mange studentar som skal ha gruppeundervisning og lesesalar i bygningen. Dermed vil kryssingane av Problemveien auka dramatisk.
- Utan nokon form for sikring må me kryssa to trikkelinjer og ein bilveg i tillegg til at me må passa oss for kryssande anleggstrafikk i samband med bygginga av nytt informatikkbygg. Innkjøringsvegen til Forskingsparken er mellombels også flytta til denne dumpa ved Forskningsparken stasjon, og det fører sjølvsagt også til auka trafikk, fortel verneombod Per Leikvang og professor Dagfinn Worren.
Fleire turar for dagen
Sidan Per Leikvang arbeider på Innkjøpsseksjonen medan Dagfinn Worren arbeider i Norsk Ordbok, må dei jamt ta turar til Blindern for å ha møte med resten av avdelinga og instituttet.
- Innkjøpsseksjonen har behov for å treffa andre i Økonomi- og planavdelinga i Sentraladministrasjonen, seier Leikvang. - Norsk Ordbok er tverrfagleg og me har behov for å gå til HF-fakultetet på Blindern for å treffa kollegaer, legg Worren til.
- Og me kan ikkje løysa ein trikkebillett kvar gong me skal dit, sjølv om det hadde vore det tryggaste, repliserer Leikvang.
Ein påkjørsel og eit totalvrak
Den farefulle kryssinga av trikkeskinner og Problemveien ved Forskingsparken stasjon har gått føre seg heilt sidan UiO flytta fleire av dei tilsette over til Veglaboratoriet for over to år sidan. Sidan den gongen har ein av medarbeidarane til Norsk Ordbok blitt påkjørt, medan ein personbil blei totalvrak då den kolliderte med trikken tidlegare i sommar. Både Per Leikvang og Dagfinn Worren meiner det berre er blitt tatt omsyn til biltrafikken.
- Det er sett opp trafikklys for bilistane i samband med kryssing av trikkespora, men desse lysa er ofte defekte, og det var også årsaka til at ein bil kolliderte med trikken i sommar. Sidan denne dumpa ligg midt mellom to brekker, har bilane ein fart på minst 50 kilometer i timen når dei kjem nedover på begge sider, fortel Worren og Leikvang.
Krev lysregulert gangfelt
Dei viser til dei nye måla for høgare kvalitet på helse-, miljø- og sikringsarbeidet ved UiO, som Styret vedtok 11. mai i år, og som blant anna tar opp ytre miljø og arbeidssituasjon.
- Dei trafikkforholda som me opplever i Gaustadalleen 25, kan umogleg harmonera med dei vedtatte HMS-måla. Det er viktig at det kjem både strakstiltak og permanente tiltak her. Det hadde sjølvsagt også hjelpt litt om fartsgrensa kunne ha blitt sett ned til 30 km/t, peikar dei på.
Til saman er det fire sporvegskryssingar utan gangfelt eller trafikklys frå Forskningsparken stasjon og opp til stasjonen i Gaustadalléen.
- Men først og fremst krev me at det blir laga eit gangfelt over trikkelinjene og Problemveien i dumpa vest om Forskningsparken stasjon, og det må vera lysregulert og styrt av fotgjengarane.
Verneombod Per Leikvang har tatt opp saka med Teknisk
avdeling, som har presentert trafikkproblema for Oslo
Sporveier og Oslo kommune.
- Men det ser ikkje ut som om dei klarer å få Oslo Sporveier
og Oslo kommune til å gjera noko i denne saka, meiner
Leikvang og Worren.
Oslo kommune lovar ingenting
Uniforum har vore i kontakt med informasjonsdirektør Merete
Agerbak-Jensen i Oslo Sporveier. Men ho viser til at det er
Oslo kommune som har ansvaret for denne vegen.
Der treffer me sjefsingeniør Tor Olav Magnseth i
Trafikkplanseksjonen hos Samferdselsetaten i Oslo kommune,
som er klar over situasjonen.
- Eg var med og laga trikketraseen. Men me har ingen planar om å endra den noverande trafikkløysinga der. Det er eit fareskilt og ein gul blink som varslar bilistane om når trikken kjem. Når det gjeld den mellombelse innkjøringa til Forskingsparken, kan ikkje eg gjera noko med det. Det har gått rykte om at det skal lagast eit signalanlegg i staden for ein varselblink, men eg veit ikkje korleis statusen er akkurat no, seier han til Uniforum.
Logg inn for å kommentere