Klimaendringar aukar faren for pest

Klimaendringar kan føra til fleire tilfelle av pest. Varmare vårar og fuktigare somrar kan skapa forhold som vil auka førekomsten av pestbakterien i ørkenrotter i Sentral-Asia. Det går fram av ein vitskapleg artikkel som biologiprofessor Nils C. Stenseth ved UiO denne veka får publisert i forskingstidsskriftet PNAS i USA. - Ein temperaturauke på ein grad om våren kan auka førekomsten av pestbakterien med opptil 50 prosent, opplyser han til Uniforum.

MEIR PESTBAKTERIAR: - Ein temperaturauke på ein grad om våren kan auka førekomsten av pestbakterien med opptil 50 prosent, opplyser biologiprofessor Nils C. Stenseth til Uniforum.
Foto: Ståle Skogstad

- Klimaendringar kan ikkje føra til nokon ny svartedaude, men det er heilt klart at ei lita temperaturendring, kan gi langt fleire pesttilfelle enn i dag, slår biologiprofessor Nils Chr. Stenseth fast. I dag leier han det internasjonale toppforskingssenteret Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis (CEES) på UiO. Det er gjennom bruk av feltdata frå det nasjonale overvakingsprogrammet av ørkenrottebestanden i Kasakhstan frå 1949-1995 og ved hjelp av nye statistiske metodar, Stenseth og kollegaene hans har funne ut at det er ein klar samanheng mellom førekomsten av pestbakterien Yersina pestis i ørkenrotter og klimaet.

- Gjennom prøvar av årringar frå tre i Kasakhstan fann me ut at då Svartedauden braut ut i dette området på 1300-talet, var det varme vårar og fuktige somrar. Det same var tilfellet då pesten braut ut i det same området på 1800-talet, fortel han. Desse tala fekk han frå den sveitsiske forskaren Jan Esper, som er ein av medforfattarane. Han er svært nøgd med at forskarane har fått tilgang til data frå overvakingsprogrammet til helsestyresmaktene i Kasakhstan.

- Etter at dei sette i verk dette overvakingsprogrammet i 1949, gjekk talet på pesttilfelle i landet ned frå over hundre dødsfall til eit par dødsfall i året, fortel han. Også tidlegare har han og dei andre forskarane vore nær eit gjennombrot når det gjeld årsaka til at førekomsten av pestbakterien varierer frå år til år.

Pestbakteriar påverka av klimaet

- I ein artikkel som eg og andre forskarar publiserte i Science i 2004 om denne bakterien, hadde eg ei kjensle av at det var ein del av variasjonen som me ikkje kunne forklara heilt overtydande. Det kunne me ha gjort om me hadde inkludert klima som ei årsak til variasjonen i førekomsten av denne bakterien, seier Stenseth til Uniforum.

Difor fekk ein av doktorkandidatane til andreforfattar Noelle I. Samia frå University of Iowa i oppgåve å kjøra alle tala i overvakingsprogrammet gjennom eit kraftig statistikkverkty.

- Resultatet av dette arbeidet gjorde at me kunne skriva denne artikkelen og konkludera med at klimaendringar har påverka førekomsten av pestbakterien, slår Stenseth fast. Han var ikkje heilt sikker på kva som kunne bli konklusjonen etter undersøkingane.

- I USA har forskarar undersøkt pest som smittar frå menneske til menneske som tyder på ein liknande samanheng mellom førekomst av pestbakteriar og klimaendring, men det er første gong nokon har funne ein klar samanheng mellom førekomsten av pestbakterien som lever i ørkenrotter og klimaendring, konstaterer han.

Svartedauden

Likevel ser han på dei funna dei har gjort i Sentral-Asia som meir interessante enn funna frå USA.

- Det er nemleg i desse områda dei genetiske og klimatiske forholda som førte til både Svartedauden og Asiasjuka, oppstod, slår han fast.

Det er altså førekomsten av pestbakterien Yersina pestis, Nils Chr. Stenseth og kollegaene hans frå universitet i Noreg, Kasakhstan, Sveits, Danmark, Belgia, Storbritannia og USA har forska på. Denne bakterien lever på ørkenrotter i halvørkenar og på stepper i Sentral-Asia, og bakterien blir brakt frå ørkenrotter til andre dyr og menneske gjennom bit frå lopper. Ørkenrottene blir ikkje sjølve smitta av denne pestbakterien, men tener berre som bustad for den.

- I Sentral-Asia kan menneske også bli smitta gjennom infisert kamelkjøt, sidan kamelane ofte likar å liggja på stader som også er tilhaldsstad for desse ørkenrottene, fortel Stenseth.

2000 dødsfall i året

I dag døyr rundt 2000 menneske i året av denne pesten, dei aller fleste i Aust-Afrika og i Kongo, men det er berre i Europa og på austkysten av USA at det ikkje finst tilfelle av pest. Dei som får pest, blir i dag behandla med antibiotika straks dei har fått smitten i seg.

- Men dei må gå til lege før det er gått fire dagar. Etter den tid kan pesten smitta frå menneske til menneske gjennom dropesmitte. Og då blir den skikkeleg farleg, åtvarar Stenseth.

Når han er ute i felten, må både han og dei andre forskarane ta sine forholdsreglar.

- Me sjekkar alltid om me har hovna opp i lymfeknutane. Dersom me har det, må me gå rett til ein lokal lege, fordi det kan tyda på at me har fått eit loppebit, og at me altså kan ha fått i oss pestbakterien. Sjølv har eg aldri opplevd det, men fleire av kollegaene mine i Kasakhstan har det, fortel Stenseth. Men pesten kan aldri utryddast. - Då måtte me ha utrydda heile ørkenrottebestanden, og det er heilt umogleg. Det me kan gjera, er å redusera sjansane for at menneska skal få pestbakterien i seg, seier Stenseth.

Skal forska på data frå Kina

No ser han fram til å forska på nye interessante data frå Kina.

- Me har fått tilgang til data frå alle kinesiske kommunar der det har vore registrert tilfelle av pest frå 1900 til 2006. Mange av desse områda har same økologi som Sentral-Asia. Difor har me no sett i gang arbeidet med å samanlikna dei med dei funna me har frå blant anna Kasakhstan, seier Stenseth.

Emneord: Internasjonalisering, Forskning, Biologisk institutt Av Martin Toft
Publisert 21. aug. 2006 15:46 - Sist endra 10. des. 2008 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere