Etter å ha halde hus i PO-bygningen på Blindern dei første barneåra, er heile Gründerskulen no flytta inn blant forskingsgruppene og dei nystarta selskapa i Forskingsparken i Gaustadbekkdalen. Skulen starta med seks UiO-studentar i 1999, medan det i dag går 150 studentar frå undervisningsinstitusjonar over heile landet på Gründerskulen. Inspirator og grunnleggjar er informatikkprofessor Nils D. Christophersen som under eit forskingsopphald på Stanford University såg den synergieffekten som låg i eit samarbeid mellom universitetet og næringslivet. Dei første seks studentane drog til Silicon Valley i California der dei både fekk undervisning i entreprenørskap og praksis i nystarta selskap. I dag ligg Gründerskulen under Senter for entreprenørskap ved UiO.
Praksisopphald på fire kontinent
No får studentane velja mellom praksisopphald i Johannesburg, Shanghai, Singapore, London, Boston eller San Francisco. Det eitt semester lange studiet startar opp i januar og blir avslutta i oktober og gir studentane 30 studiepoeng. Undervisninga tar til i januar med eit innføringskurs der deltakarane får eit teoretisk innblikk i alle delar av ein forretningsplan. Det blir fylgt av eit tre månader langt utanlandsopphald, før studiet blir avslutta i september med eit innføringsseminar og eit avsluttingsseminar med innlevering av eit eige essay. I fjor hadde Gründerskulen 300 søkjarar, men berre 150 av dei kom inn. 40 prosent er kvinner.
Intervjuar søkjarane
Og opptaket er ikkje akkurat som opptaket på andre
studium.
- Me ber alle søkjarane om å senda inn eit motivasjonsbrev
saman med ein CV. På grunnlag av dette plukkar me ein del av
søkjarane ut av bunken og ber dei om å stilla opp i eit
intervju. Slik får me godt motiverte studentar til
Gründerskulen, seier prosjektleiar Eli Berge. Studentane
Randi Aalgaard og Petter Hareim synest det var uvanleg.
- Det er ikkje alltid like lett å koma på kva du skal seia
når fire personar stiller deg vanskelege spørsmål samtidig.
For oss var det om lag som eit jobbintervju, konkluderer dei
med. Men den verkelege sveineprøva kjem når dei skal finna ut
kva bedrift dei kjem til å jobba for under
utanlandsopphaldet.
- Då blir alle studentane intervjua av representantar for
desse bedriftene og så plukkar bedriftene ut dei kandidatane
dei vil ha. Det er ei både tøff og nyttig røynsle for desse
studentane. Eg kan likevel garantera at alle blir
utplasserte, lovar Eli Berge.
Johannesburg og London
Medan informatikkstudent Petter Hareim har valt å ta
utanlandsopphaldet i London, har statsvitskapsstudent Randi
Aalgaard valt Johannesburg.
- Eg veit at det er eit land og ein region som er på veg opp
når det gjeld å etablera nye verksemder. Det finst blant anna
eit selskap som er basert på eit patent som gjer det mogleg å
fjerna HIV-viruset frå morsmjølk, slik at barn av HIV-smitta
mødre ikkje får den sjukdomen. Og så er det både fint og
eksotisk å dra til eit land så langt borte for å observera
korleis dei skaper nye bedrifter, synest ho. Medstudent
Petter Hareim har andre motiv for å velja London.
- Det blir sagt at om du overlever på arbeidsmarknaden i
London, så kan du overleva over alt. Eg fann ut at det kunne
vera både praktisk og smart å dra til ein by som er så nær at
det går an å reisa tilbake dit for å pleia kontaktane sine
ved eit seinare høve, seier han.
Tøffe utfordringar
Eli Berge er overtydd om at studentane får ei unik
røynsle.
- Dei blir kasta ut i ganske tøffe utfordringar i utlandet
med ein gong dei kjem dit. Ikkje berre må dei jobba for ei
utanlandsk bedrift, men dei må også bu saman med 20-30
medstudentar i tre månader på det same universitetsområdet.
Fordelen er at dei får eit godt internasjonalt nettverk og
høve til å jobba meir for den utanlandske bedrifta seinare. I
eit slikt miljø vil dei veksa på det personlege planet, trur
Berge. Gjennom åra har studentane vore plasserte i mange
forskjellige selskap. I hovudsak er det oppstartsbedrifter og
teknologibaserte verksemder, men det finst unntak.
- Det mest spesielle var eit barne-TV-produksjonsselskap i
Singapore, minnest ho.
Praktisk læring
Aalgaard og Hareim synest Gründerskulen har skilt seg kraftig
ut i høve til det dei har vore vande med frå statsvitskap og
informatikk.
- Det er eit svært praktisk opplegg, der studentane får vera
med i undervisninga og der forelesarane spør deg kva du
meiner. Sidan me held på med problembasert læring, har me
heile tida kontakt med andre studentar på gruppa vår, men me
blir også opptekne av å diskutera korleis dei andre
studentane har løyst dei oppgåvene dei har fått. Det er den
viktigaste lærdomen vår, men me set sjølvsagt stor pris på
arbeidet som blir gjort for å skapa eit godt sosialt
studentmiljø, understrekar Hareim og Aalgaard. Ingen av dei
har enno planar om å starta opp eiga bedrift. Men blant
alumniforeininga sine medlemar har ein tredel gjort
det.
- Ein student frå 2001-kullet grunnla eit rekrutteringsfirma
som seinare blei kjøpt opp av StepStone. I dag er han dagleg
leiar i StepStone Norge. Andre studentar har fått jobb i
Telenor, Statoil, Birkeland innovasjon eller på
Gründerskulen, fortel Eli Berge, som også har vore student på
den skulen ho i dag er prosjektleiar for.
- I dag kan Gründerskulen bli godkjent som ein del av ein
mastergrad blant anna i entreprenørskap og i informatikk her
på UiO. Men me håpar fleire etter kvart skal kunna integrera
kurset i mastergradsprogrammet sitt, seier ho.
- starta opp i 1999 av informatikkprofessor Nils D.
Christophersen
- ligg under Senter for entreprenørskap ved UiO.
- eit samarbeid mellom norske universitet og
høgskular
- 150 studentar tar eit semester langt kurs i korleis dei
kan starta nye selskap
- kurset inkluderer eit tre månader langt praksisopphald i
utlandet
- aktuelt: Gründerskulen er tildelt UiOs pris for godt
læringsmiljø på 250 000 kroner
Logg inn for å kommentere