Stengjer alle heisane på UiO

UiO stengjer alle dei 100 heisane på universitetet frå klokka 15 i dag, anten det blir streik eller ikkje. - Dette må me gjera av reine tryggingsomsyn no, fordi me ikkje vil ha driftspersonale som kan gjera dette seinare i dag, seier teknisk direktør Frode Meinich til Uniforum. Dersom det ikkje blir streik, vil heisane byrja å gå igjen fredag morgon.

STENGJER HEISANE: - Me må stengja heisane av tryggingsomsyn, seier teknisk direktør Frode Meinich.
Foto: Martin Toft

Klokka 1425 var det enno ikkje klart om det ville bli streik for 320 tilsette ved UiO. Teknisk avdeling har varsla at alle dei NTL-organiserte i Vaktsentralen vil bli tatt ut dersom det blir streik.

- Det vil føra til at alle heisane vil stå utan overvaking frå kl. 2400 i natt. Av tryggingsomsyn må me difor stengja heisane no, sidan det tar så lang tid å få det gjort, seier teknisk direktør Frode Meinich. Han viser til at det er sendt meldingar om stengingsvarselet til alle einingane på UiO.

- Me har bede dei om å få ut alle som er dårleg til beins, brukar rullestol eller har andre funksjonshemmingar før klokka 15 i ettermiddag. Vaktsentralen vil stilla opp og hjelpa dei med denne oppgåva, lovar han. NTL har også gitt lovnad om at dei som kjem på jobb hos Vaktsentralen frå klokka 15 og utove, ikkje er tatt ut i ein eventuell streik.

- UiO er i ein konstruktiv dialog med organisasjonane, og med NTL i dette tilfellet. Og me seier oss svært leie for alle ulempene dette fører til, ikkje minst for dei som har forskjellige funksjonshemmingar, seier Frode Meinich. Dersom det ikkje blir streik, vil heisane først byrja å gå frå fredag morgon. Om det blir streik, vil heisane stå så lenge streiken varer,om det ikkje blir gitt dispensasjonar, etter det Uniforum forstår.

NTL-leiar Anita K. Solhaug er overraska.
- Eg er forundra over at dei stengjer heisen på onsdag når ein mogleg streik er utsett til fredag morgon, seier ho.

I Forskarforbundet forstår dei heller ikkje kvifor arbeidgjevar har funne det naudsynt å stengja heisane. Og dessutan synest dei det er spesielt at forhandlingane i staten trekkjer så langt ut.

- Det burde ha blitt sett av eit momentum eller ein bestemt frist for når forhandlingane skulle ha vore over, synest hovudtillitsvald Live R. Skrindo.

(Oppdatert 1445)

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 24. mai 2006 13:46 - Sist endra 10. des. 2008 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere