Held fram med sjølvfinansiert bachelor

Universitetet i Oslo skal også i framtida tilby opptak på sjølvfinansiert bachelor. Det er klart etter at Universitetsstyret med seks mot fem røyster gjekk imot universitetsdirektøren sitt forslag om å avvikla denne ordninga. Sjølvfinansiert bachelor inneber at søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse, kan koma inn på norskspråklege bachelorprogram mot at dei tar eitt år med norskundervisning før dei byrjar studia.

NORSKKURS: Det blir framleis tilbod om eitt år langt norskkurs for utanlandsstudentar som kjem inn på eit norskspråkleg bachelorstudium. (Arkivfoto)
Foto: Ola Sæther

Universitetsdirektør Hanne Harlem argumenterte for å leggja ned dette tilbodet ved å visa til at det stel ressursar frå andre oppgåver ved Studieavdelinga til UiO og ved Institutt for lingvistikk og nordiske studium på HF. Ho understreka dessutan at Studieavdelinga planlegg å trappa opp rekrutteringa av utvekslingsstudentar og mastergradsstudentar, og difor ville det vera naudsynt å prioritera dei administrative ressursane på ein annan måte.

I tillegg slo ho i saksdokumenta fast at Institutt for lingvistikk og nordiske studium rapporterer om underskot knytt til norskkursa. Ei innføring av norskkrav for bachelorstudentar kunne difor betra kapasiteten på norskkurs for utvekslingsstudentar og sjølvfinansierande mastergradsstudentar, noko mange på instituttet lenge har ynskt.

Motstand frå studentorganisasjonane

I hovudsak er det studentar frå Aust-Europa som kjem inn på sjølvfinansiert bachelor. I 2005 kom 31 av totalt 61 studentar i denne gruppa frå Aust-Europa. 15 kom frå Asia, medan det kom 4 frå høvesvis Vest-Europa og Asia. På høyringsrunden hadde ingen av fakulteteta noko imot å avvikla kurset, medan både International Student Union og Studentparlamentet gjekk klart imot.

På styremøtet torsdag 11. mai konstaterte styrerepresentant Kristian Mollestad at å leggja ned dette tilbodet ville vera det motsette av internasjonalisering.

- Dette er ei studentgruppe som har mykje å seia for det internasjonale studentmiljøet. Det vil difor vera svært trist om dei blir stengde ute frå UiO. Det faktum at International Student Union set seg imot ei avvikling, bør vega tungt, meinte Mollestad.

Styrerepresentant Nils Damm Christophersen meinte derimot at norskundervisning på begynnarnivå ikkje var UiOs oppgåve.

- Me kunne heller inngå ein allianse med Høgskolen i Oslo eller Bjørknes privatskole slik at dei kunne ta seg av norskundervisninga for desse studentane, sa han.

Studentrepresentant Torkel Nybakk Kvaal argumenterte sterkt for at ordninga skulle oppretthaldast.
- Desse studentane er eit viktig bindeledd mellom norske og utanlandske studentar. Dette samarbeidet vil bli vanskelegare dersom dei blir stengde ute frå UiO, meinte han.

Universitetsdirektør Hanne Harlem syntest likevel det var lett å forstå haldninga til Institutt for lingvistikk og nordiske studium.
- Frå min ståstad er problemstillinga ganske enkel. Det instituttet som underviser desse studentane i norsk har ikkje nok ressursar til å halda fram med det. Skal me då investera i eit gratis norskkurs på eitt år for at dei skal koma inn på eit norskspråkleg bachelorstudium? spurte ho retorisk.

Til slutt vedtok altså Universitetsstyret med seks mot fem stemmer å oppretthalda dette tilbodet også i framtida.

Kompendia blir dyrare

Prisen studentar må betala for kompendium og kopisamlingar går opp frå ei krone sida til 1 krone og 32 øre sida. Det er klart etter at eit samrøystes universitetsstyre røysta for forslaget til universitetsdirektør Hanne Harlem. Samtidig vedtok styret mot tre stemmer at prisen på sal av kopiar til studentar ved bruk av UiOs kopieringsautomatar skal setjast til ei krone for kvart "klikk" for alle korttypar. Alle studentar får ei fri utskriftskvote på 250 "klikk" kvart semester. Elles blir prisen på utskrifter også uendra i studieåret 2006/07. Det vil seia at ei tosidig utskrift i svart/kvitt vil kosta 80 øre. Fulltidsstudentar skal neste studieår halda fram med å betala 100 kroner i kopiavgift for semesteret. Emnestudentar skal akkurat som før betala 50 kroner semesteret.

Juridisk fusjon

Institutt for rettsinformatikk og Institutt for privatrett blir slått saman. Det er klart etter at Universitetsstyret samrøystes godkjente eit forslag frå universitetsdirektøren.

Grunnen til at institutta ynskjer å bli slått saman, er at dei har overlappande faglege interesser. Det vil dessutan vera gevinstar å henta inn på bruk av felles administrative og faglege ressursar, står det i sakspapira frå universitetsdirektør Hanne Harlem og fakultetsdirektør Benedicte Rustad.

Leiger magasinareal for Kulturhistorisk museum

Universitetsdirektør Hanne Harlem har fått mandat til å sluttføra forhandlingane om leige av magasinlokale for samlingane ved Kulturhistorisk museum innanfor ei økonomisk ramme på ti millionar kroner i året. Føresetnaden er at REVITA-prosjektet til museet dekkar ein million av leiga. Det bestemte Universitetsstyret i møtet 11. mai. Styret ber universitetsdirektøren om å finna dekning for dei framtidige leigeutgiftene og eingangsutgifter til innreiing og fremja dette som ein del av budsjettet for 2007 og langtidsbudsjettet for 2008-2009.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. mai 2006 13:30 - Sist endra 10. des. 2008 15:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere