Vil ha ny superdirektør for IT

Ein ny superdirektør direkte underlagt universitetsdirektøren skal få ansvaret for forvaltinga av alle dei felles datatenestene på UiO frå 1. juli. Det foreslår IT-direktør Arne Laukholm i eit notat til universitetsdirektør Hanne Harlem.

BØR TILSETJA IT-FORVALTAR: - Det er naudsynt å lyfta ansvaret for å kartleggja behovet for IT-tenester og administrasjonen av dei opp til universitetsdirektørnivået, meiner IT-direktør Arne Laukholm.
Foto: Ola Sæther

IT-direktøren skal i framtida ha ansvaret for IT-ressursar til undervisning, forsking og ordinær drift på UiO, og han skal ha driftsansvaret for nasjonale IT-system som Samordna Opptak, Frida og Felles studentsystem. Ein ny superdirektør, eller IT-forvaltar, skal ha ansvaret for planlegging, implementering og for samspelet mellom arbeidsprosessane og nye informasjonssystem.

- IT-forvaltaren skal ha ansvaret for alle bestillingar innanfor desse områda. Tenestene vil bli kjøpte som no, men med betre samordning og betre kapasitet på kjøparsida, seier IT-direktør Arne Laukholm.

- I dag er me ikkje flinke nok til å sjå dei forskjellige datasystema i samanheng. Det finst eitt lønns- og personalsystem, eitt økonomisystem og éi arkivteneste som har vore planlagt heilt uavhengige av kvarandre. Systema deler no felles data, og det blir meir og meir vanleg at same saksbehandlar arbeider med fleire av systema. Då treng me ei planlegging som ser desse i ein samanheng, meiner Laukholm. Han trur det blir viktigare å sjå på kva tenester som skal løysast, enn på sjølve IT-teknologien.

Manglande opplæring

- I dag lagar me IT-system som føreset at arbeidsprosessane blir utførte utan å ta omsyn til at det også trengst opplæring av brukarane. Vi er ikkje flinke nok til å endra arbeidsprosessane når nye IT-løysingar gir høve til å gjera ting annleis. Dette kan vi gjera mykje betre i åra framover. Det er difor naudsynt å lyfta ansvaret for å kartleggja behovet for IT-tenester og administrasjonen av dei opp til universitetsdirektørnivået. Dermed blir det bruk for ei eiga stilling, altså ein Chief Information Officer, som kan ta seg av dette ansvaret, understrekar han.

Laukholm avviser at den nye superdirektøren eller IT-forvaltaren vil koma på kollisjonskurs med IT-direktøren.

- IT-direktøren vil ha sine fasttømra ansvarsområde. I siste instans er det Universitetsstyret som skal peika ut ansvarsområda for kvar av desse to stillingane, seier han. Etter hans meining er det viktig å skilja mellom systemeigar og systemforvaltar på universitetet. Medan systemeigaren har ansvaret for å skaffa finansiering og å samordna prosessane rundt IT-utvikling, skal systemforvaltaren syta for at systema fungerer og løyser dei konkrete problema til avdelingane.

- Difor bør systemforvaltinga leggjast til den avdelinga som har størst nytteverdi av det aktuelle datasystemet. Forskingsdokumentasjonssystemet Frida bør forvaltast av Forskingsavdelinga, studentsystemet (FS) av Studieavdelinga og det nye lønns- og personalsystemet (POLS) av Organisasjons- og personalavdelinga. Men sidan dette er nasjonale system, bør systemeigaren for alle vera den nasjonale styringsgruppa for administrative system (NSG), forklarar han.

Datavarehus

Det vil også bli behov for ei koordinering av dei ulike datasystema. Dette kan ifølgje Laukholm gjerast ved hjelp av eit eige datavarehus, der alle datasystema som no ligg under ulike avdelingar, vil vera samla.

- Då vil det bli mogleg å få til eit datasystem som kan bruka data frå alle systema. Universitetsleiinga vil til dømes kunna finna ut nøyaktig kor mykje det kostar å utdanna ein psykolog, ein lege eller ein samfunnsvitar, utan eit omfattande manuelt reknearbeid i etterkant. Når UiO etter kvart både skal skifta ut dagens arkivsystem og innføra elektronisk sakshandsaming, vil dette bli ein svært nyttig styringsreiskap, meiner Laukholm. Han ser for seg at administrasjonen av datavarehuset og koordineringa av tenestene blir lagt under den nye stillinga som IT-forvaltar.

- Med ei slik nyorganisering blir det lettare å tenkja på heilskapen i staden for å berre tenkja på si eiga avdeling.

Endringar i styringsformer

- Kvifor har spørsmålet om ei anna organisering av IT-tenestene kome opp i år og ikkje før?

- Det er heilt klart ein konsekvens av endringar av styringsformene ved UiO. Med ei koordinering av desse datasystema vil det bli lettare for universitetsleiinga å få inn konkrete opplysningar før dei tar avgjerder i viktige saker. Dagens universitetsdirektør, Hanne Harlem, er oppteken av å sjå universitetet som ein heilskap, og difor er det viktig med eit godt datagrunnlag på tvers av universitetsinndelinga, forklarar Laukholm.

I dag får Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) inn 60 millionar kroner frå eksterne oppdrag og 100 millionar kroner frå UiO.

- I åra framover må USIT i endå sterkare grad enn i dag delta i konkurransen med private om tilbod på datatenester ved UiO. Difor blir det viktig å ha både IT-direktør og IT-forvaltar, seier Laukholm.

- Vil du søkja den nye stillinga som IT-forvaltar?

- Nei, det veit eg rett og slett ikkje, slår han fast.

Saka kjem opp i Universitetsstyret i vår.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. feb. 2006 10:21 - Sist endra 10. des. 2008 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere