- Det som er nytt i år, er at alle som melder seg på, deltar i ein innleiande runde, der dei får presentera ideen sin for eit panel på tre personar før dei kan kvalifisera seg for ein delfinale, fortel prosjektleiar Rakel F. Hasen ved Senter for entreprenørskap, UiO.
Påmeldingsfristen er sett til 6. mars, medan dei innleiande rundane går av stabelen den 9. mars. Den 6. april er det delfinale, og i mai blir det finale, som altså blir avslutta med premieutdeling 8. juni.
150.000 kr og gratis kontorplass til vinnaren
- I år blir det også delt ut tre førstepremiar på 100 000 kroner kvar, i kategoriane tenesteidé, produktidé og teknologibasert idé. Den som går av med sigeren av dei tre,får i tillegg 50 000 kroner og gratis kontorplass i Forskingsparken i eit halvt år. Dei får også utarbeidd ein finansieringsplan av ekspertar som sit i Forskingsparken. Dei to andre får gratis kontorplass i eit halvt år i Startgropa i Forskingsparken, fortel ho.
Alle deltakarar får individuell oppfylging heilt fram til delfinalen, medan finalistane også må levera inn ein eigen forretningsplan.
Logg inn for å kommentere