Prinsesse Märtha Louise og Finlands presidentgemal til Blindern

Prinsesse Märtha Louise og ektemannen til Finlands president Tarja Halonen, kjem på besøk til Blindern torsdag 26. oktober. Dei skal få omvising i biblioteket i Georg Sverdrups hus.

I morgon, altså torsdag 26. oktober, klokka 0915 kjem prinsesse Märtha Louise og ektemannen til Finlands president, Tarja Halonen, til Problemveien. Derifrå vil dei spasera over gangstien til biblioteket i Georg Sverdrups hus, der dei skal få omvising.
Det ekslusive besøket vil vera over i løpet av ein time.

Siste gong Märtha Louise besøkte UiO, var då ho opna utstillinga Missing Links på Tøyen i fjor vår. Ho har heller ikkje vore på offisiell omvising i Georg Sverdrups hus tidlegare. Bygningen blei offisielt opna av Hans majestet kong Harald i fjor haust. Då var også dronning Sonja til stades.

Emneord: Kongelege besøk Av Martin Toft
Publisert 25. okt. 2000 10:45 - Sist endra 10. des. 2008 15:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere