Utviklingsbiologikonferansen manglar ein halv million

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 8 1999


LITEN INTERESSE: Næringslivet har vist liten interesse for å støtta verdskonferansen for utviklingsbiologar i Oslo i juni, fortel førsteamanuensis Sigurd Hj. From, som er leiar i arrangementskomiteen. (Foto: Ståle Skogstad)

Verdskonferansen for utviklingsbiologar i Oslo i juni manglar framleis ein halv million kroner. Norsk næringsliv viser ingen interesse for konferansen, meiner leiar i arrangementskomiteen.

Av Martin Toft

-Me bad dei 150 største norske selskapa støtta oss økonomisk, og ingen av dei 15 selskapa som svarte, gav oss positivt svar på søknaden vår. Det fortel førsteamanuensis Sigurd Hj. From ved Institutt for oral biologi ved UiO. Han er leiar i organisasjonskomiteen for Verdskonferansen for utviklingsbiologar i Oslo frå laurdag 19. til onsdag 23. juni.

Ingenting frå regjeringa Bondevik

- Det er kanskje på grunn av den manglande interessa frå næringslivet at Noreg framleis er ein kvit flekk på kartet når det gjeld forsking i biomedisin? spør han. - Me søkte også regjeringa Bondevik om 1 million i støtte til konferansen, men me fekk ingenting. Gro Harlem Brundtlands regjering gav 3 millionar til ein kongress for hjartespesialistar for ein del år sidan. Konferansen har derimot fått 200 000 kroner i støtte frå Den Norske Kreftforening og 100 000 kroner frå Noregs forskingsråd.

Storsatsing i USA og Storbritannia

From er uroa over at norske styresmakter ikkje satsar meir på forsking innan biomedisin.

- Både i USA og Storbritannia satsar staten store summar på dette forskingsfeltet. Også Finland og Sverige kjem høgt opp på lista over dei landa som brukar mest pengar på biomedisin. Det seier jo også sitt at av dei 110 forskarane me har spesielt invitert til denne konferansen, er 50 amerikanarar og berre fire er nordmenn, fortel han. Blant dei som kjem til konferansen, er forskaren Ian Wilmut frå Roslin-instituttet i Edinburgh. Han har fått æra for å ha framstilt den klona sauen Dolly. From har tru på at dei skal klara å få inn dei pengane dei manglar før konferansen tar til.

- Eg er optimist, og trur det skal lata seg gjera å skaffa desse pengane på ein eller annan måte.

Relevante pekere i Uniforum:

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 8 1999

Publisert 20. mai 1999 15:19 - Sist endra 1. sep. 2014 13:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere