22 færre årsverk i administrasjonen

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 8 1999


Effektiviseringtiltak førte til 22 færre administrative årsverk ved UiO i 1998. Berre to fakultet auka talet på administrativt tilsette i fjor.

Av Martin Toft

Gjennomgangen av det første året med Effektiviseringsprosjektet viser at målsetjinga til Kollegiet om reduksjon delvis blei oppnådd i 1998. Målet var å redusera dei administrative årsverka med 35,8, medan universitetet altså klarte å redusera dei med 22,3 årsverk. Av dei åtte fakulteta ved UiO var det berre HF-fakultetet og MED som ikkje klarte å redusera talet på desse årsverka. Dei seks andre fakulteta greidde å redusera med til saman 20,3 årsverk. Sentraladministrasjonen sparte inn mest 5 årsverk i fjor.

MN-fakultetet flinkast

Flinkaste fakultet i klassen var MN-fakultetet som klarte å redusera med mest 10 årsverk. Desse såkalla frigjorte ressursane har fakultetet brukt til å tilsetja teknisk personale ved laboratoria som ein støttefunksjon til det vitskaplege personalet. Også ved JUS- og SV-fakultetet har talet på årsverk gått ned. Ved JUS skuldast det i stor grad manglande nytilsetjing i ledige stillingar. Dei frigjorte ressursane har blitt brukt til å leiga inn ekstrahjelp, blant anna til utgreiingsarbeid. Omstillingsavtalen mellom UiO og tenestemannsorganisasjonane i samband med igangsetjinga av Effektiviseringsprosjektet, inneber at ingen skal seiast opp som fylgje av omstillingsprosessar. Difor må reduksjonen i talet på administrative årsverk skje gjennom naturleg avgang. Då Effektiviseringsprosjektet blei sett i gang i 1996, var målet å redusera talet på administrative årsverk med 105 frå 1998 til og med år 2000.

Mindre utbetalingar til overtid og ekstrahjelp

Universitetsleiinga tolkar resultatet for 1998 som at universitetet har klart å snu den veksten i administrative årsverk som har skjedd dei seinare åra. Oversynet for 1998 viser også at det har vore ein reduksjon i talet på bilagsløn med 17 prosent. Dette meiner universitetsleiinga viser at fakulteta og sentraladministrasjonen i stor grad har spart inn der det er enklast og raskast å spara inn, nemleg i utbetalingar til overtid og ekstrahjelp. Universitetsdirektør Tor Saglie og personaldirektør Grethe Fjeld Heltne understrekar begge at det i den komande perioden vil vera viktig at dei valde organa på institutt- og fakultetsnivå i budsjettfordelinga si fokuserer sterkare på korleis dei frigjorte ressursane blir omfordelte.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 8 1999

Publisert 20. mai 1999 14:23 - Sist endra 1. sep. 2014 13:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere