Klonforskaren: Ei framtid utan sjukdomar

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999



 
SJUKDOMSFRI VERD: Førsteamanuensis Sigurd Hj. From drøymer om at kloning kan gi oss ei framtid utan sjukdomar som kreft, hjartekarsjukdomar, malaria og diabetes. (Foto: Martin Toft)

Det er heilt bak mål å forby kloning av dyr brukt i etisk forsvarleg forsking. Det meiner førsteamanuensis Sigurd Hj. From ved Laboratorium for molekylær embryologi ved Universitetet i Oslo. Han rasar mot lovframlegget til regjeringa.

Dette er heilt imot alle tendensar innanfor internasjonal forsking. Eg kan visa til at allereie på 50-talet klarte forskaren John Gordon å utføra vellukka forsøk med kloning av frosk ved Oxford-universitetet. Med eit forbod mot kloning av virveldyr, vil det ikkje vera mogleg å klona froskar i Noreg i dag, forklarar From.

Imot kloning av menneske

Sjølv vil han setja grensa ved kloning av menneske.

- Dei aller fleste forskarane er imot kloning av menneske. Og eg ser heller ingen gode grunnar til å gjera det. Derimot er det vellukka kloningsforsøket som førte fram til den klona sauen Dolly ein langt steg framover i den forskinga som går ut på å finna ut kva som styrer bruken av genar. Eg kan jo visa til at tidsskriftet Nature har kloninga av Dolly og den seinare framstillinga av den klona musa Cumulina og systerklonane hennar som to av dei ni viktigaste gjennombrota innan naturvitskapleg forsking sidan 1869, fortel han.

- Dolly-metoden skiljer seg lite ut frå teknikkar som blir brukt i andre laboratorium i verda, også hos oss på Blindern. Den viktigaste skilnaden er at forskarane ved Roslin-instituttet lukkast fordi dei klarte å finna dyrkingsvilkår som førte til at celler frå eit vaksent dyr radikalt endra bruken av genane sine.

Transgene mus

Ved laboratoriet til Sigurd Hj. From brukar ein i dag transgene mus, det vil seia mus som har fått tilført eit eller fleire gen som har gitt dei bestemte eigenskapar. Dessutan arbeider han og forskarkollegaene hans mykje med embyonale stamceller. Sidan 1981 har det vore mogleg å dyrka desse cellene i cellekulturar. Desse cellene kan utvikla seg til kva som helst avhengig av miljøforholda.

- Musa har stamceller som dannar eit så breitt spekter at dei kan utvikla seg til alle dei celleformene som finst i vaksne mus etter at stamcellene har blitt ført inn i eit musefoster i det såkalla blastocysttrinnet. I kultur kan desse stamcellene stimulerast til å bli til ei rekkje spesialiserte celleformer som nerveceller, muskelceller og blodceller. Dessutan kan dei i kultur også ordna seg til organliknande ting som til dømes lever og pulserande hjarte. Desse resultata har ført til ein sterk vekst i forskinga på organutvikling i kultur. From ser for seg store framsteg på dette forskingsfeltet.

- For to år sidan klarte forskarar å etablera slike stamceller isolerte frå menneskefoster. Det er ingen grunn til å tru at menneskelege stamceller (ES-celler) vil oppføra seg annleis enn stamceller frå mus. Dette opnar for ei framtid der me i løpet av 10-20 år kan gjera noko med sjukdomar som kreft, hjartekarsjukdomar, diabetes og malaria sjukdomar som har øydelagt livet for mange fleire menneske enn krigar opp gjennom åra, meiner From.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999

Publisert 7. mai 1999 16:22 - Sist endra 1. sep. 2014 13:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere