Kloning

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999


– vitskap eller galskap?

I neste veke går høyringsfristen ut for framlegget frå regjeringa om å forby kloning av virveldyr. Genforskarane protesterer medan styresmaktene hevdar det er naudsynt å regulera denne forskinga. Uniforum har sett nærare på kva kloning går ut på og presenterer dei forskjellige synspunkta på lovforbod mot kloning av dyr.

Av Martin Toft

DNA-INJEKSJON: Biletet viser injeksjon av DNA i befrukta egg frå mus. Museegget blir halde på plass med eit lett sug i den store pinsetten. Med den tynne glasnåla blir det injisert 1-2 picoliter oppløysing som inneheld 200-300 kopiar av eit gen. I egget ser ein dei to forkjernane, ein frå hannmusa og ein frå homusa. (Foto: Frå lysbiletesamlinga til Bioteknologisenteret)

Kva er kloning? Er det den mørke sida av forskinga som forskarane helst ikkje vil ha nokon kontroll over eller er det forsking som kan gi nye medisinske og naturvitskaplege framsteg? Det er i alle fall svært langt frå den sensasjonsprega framstillinga av kloning i Hollywood-produserte filmar til røyndomen i forskingslaboratoria rundt i verda.

Former for kloning

Kloning kjem av det greske ordet klon som tyder kvist, nytt skot på tre. Det er naturleg eller kunstig framstilling av identiske kopiar av arvemateriale (DNA), celler eller individ. Kloning av gener og celler har i mange år ført til viktige medisinske framsteg. Embryokloning gjer det mogleg å standardisera den genetiske bakgrunnen for forsøksdyr, som gjer det lettare å studera ei rekkje menneskesjukdomar. Dessutan vil kloning av dyr i kombinasjon med genteknologi, truleg om nokre år gjera det mogleg å overføra organ frå dyr til menneske. Dersom lovframlegget om å forby kloning av dyr blir vedtatt, vil verken embryokloning eller kloning av dyr i kombinasjon med genteknologi bli mogleg å utføra i Noreg.

Dolly

Den direkte årsaka til at regjeringa kjem med framlegg om å forby kloning av virveldyr er framstillinga av den klona sauen Dolly i Skottland i 1997. Ei veke etter denne historiske hendinga vedtok Stortinget eit krav om forbod mot kloning av dyr og høgare organismar. Den klona sauen Dolly blei framstilt av Ian Wilmut og kollegaene hans ved Roslin-instituttet i Edinburgh. Dei hadde klart å skapa eit levande lam av jurceller frå ei vaksen søye. Eitt år seinare blei påstanden om at Dolly verkeleg var ein klon stadfesta av forskargruppa til Ryuzu Yanagimachi ved Universitetet i Honolulu. Dei hadde klona mus og framstilt rundt 22 individ i to generasjonar. Dermed hadde dei også klona klonane. Og 19. juni kjem mannen bak Dolly, Ian Wilmut til verdskonferansen for utviklingsbiologar i Oslo.

(Kjelder: STORE NORSKE leksikon, Aftenposten, Nature)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999

Publisert 7. mai 1999 16:22 - Sist endra 1. sep. 2014 13:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere