Genforskaren: Åtak på den frie grunnforskinga

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999


- Eg synest lovframlegget om eit generelt forbod mot kloning av dyr er uheldig og eit åtak på den frie grunnforskinga. Det meiner leiar for Bioteknologisenteret ved Universitetet i Oslo, professor Hans Prydz.

UETISK: Leiar for Bioteknologisenteret, professor Hans Prydz meiner det vil vera uetisk å ikkje halda fram med kloning når ein ser kva medisiske framsteg den kan gi. (Foto: Martin Toft)

Han vil setja grensa for kloning til kloning av primatar (menneskeaper). Dessutan ser han heller ikkje behovet for kloning av vanlege husdyr. Bortsett frå desse døma, ser han ingen alvorleg negative sider ved kloning i vitskapleg samanheng.

- Kloning vil i framtida gjera det mogleg å utvikla dyr som kan overvaka forureining både i luft, vatn og på landjorda. Desse dyra kan forskarane setja under forskjellig type miljøpåverknad og sjå korleis forureininga virkar inn på dei. Men då er det viktig at desse dyra har identisk arvemasse, altså at dei er genlike. Også innan medisinsk forsking ser han føre seg ymse fordelar med kloning av dyr.

- Når det gjeld xenotransplantasjon, altså om me til slutt klarer å transplantera eit organ frå eit dyr til eit menneske, ville kloning av den beste grisen som det ville lukkast med, løysa problemet med å få tak i høvelege organ frå menneske. Han vil gjerne ha kloning av produksjonsdyr som framstiller blodlevringsfaktorar som blødarar treng gjennom mjølka.

- Då vil det vera mogleg å klona eit grunndyr som har høg produksjon for å halda produksjonen av desse faktorane ved like i neste generasjon av dyra. Tidlegare har me vore nøydde til å overføra fraksjonar av menneskeblod til dei, og i enkelte tilfelle har det ført til at dei har fått HIV-infisert eller gulsott-infisert blod, nemner Prydz. Kloning vil også gjera det mogleg å halda ved like høg produksjon av transgene dyr som produserer andre faktorar som blødarar og folk som lir av andre sjukdomar treng.. Han meiner at kloning av mus etter Dolly-metoden kan fortelja oss mykje om kva som fører til aldring.

- Denne forskinga kan ikkje gå føre seg i Noreg dersom det blir innført eit forbod mot kloning av dyr. Eg meiner det vil vera uetisk å stoppa denne forskinga når me ser på kva medisinske framsteg den kan gi, meiner Prydz.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999

Publisert 7. mai 1999 16:22 - Sist endra 1. sep. 2014 13:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere