Må setjast ei grense for klonforskinga

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999


 
KRISEMAKSIMERER: - Det er ein god tradisjon på universiteta å krisemaksimera når det er snakk om å lovregulera forskinga, seier direktør Sissel Rogne i Bioteknologinemnda. (Foto: Hanne Buxrud)

Direktør for Bioteknologinemnda:

- Forskarane må slutta å gjenta frasen om at berre fantasien set grenser for kva forsking dei kan driva med. Med eit slikt prinsipp vil dei aldri få folket med seg. Det seier direktøren for Bioteknologinemnda, Sissel Rogne.

- Det er ein god tradisjon på universiteta å krisemaksimera når det er snakk om å lovregulera forskinga deira. Dei hevdar at det ikkje bør innførast eit forbod mot kloning av dyr før det er vitskapleg grunngjeve at det er behov for eit slikt forbod. For meg har Stortinget rett til å innføra lover for det området det vil, og spesielt innanfor genteknologi og kloning er det viktig med ei lovregulering fordi folk lett føler seg usikre og utrygge på kva det inneber, meiner Rogne. Ho synest forskarane heller bør bli flinkare til å forklara fordelane med kloning og genteknologi framfor å krisemaksimera med kor ille ei lovregulering vil bli for norsk medisinsk og naturvitskapleg forsking. Rogne har sin faglege bakgrunn frå biomedisin, og skreiv ein doktorgrad om genkartlegging av menneske og dyr. Før ho blei tilsett som direktør for Bioteknologinemnda, var ho professor og forskingsdirektør ved Noregs landbrukshøgskule.

- Eg var ein av dei som var heilt på styr kvar gong det var snakk om å innføra lover på dette området. I dag ser eg at innføring av eit lovverk lettare gir aksept frå folket om at forskinga er under kontroll, konstaterer Rogne. Ho kjøper ikkje argumentet om at den foreslåtte lova om forbod mot kloning av virveldyr vil lamma norsk forsking.

- Forskarane bør delta i høyringa og vera med og koma med framlegg om ei fornuftig avgrensing av denne lova. Stamcelleforskinga og forskinga på transgene dyr blir det viktig å debattera i samanheng med dette, seier ho.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999

Publisert 7. mai 1999 16:22 - Sist endra 1. sep. 2014 13:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere