DEBATT:Om bruk av språk i skandinavisksspråklege publiseringskanalar

Vårt syn er at vitskapleg publisering bør skje på dei språka som er relevante for forskingsresultata og forskarfellesskapen, skriv direktør Åse Wetås i Språkrådet. 

Ei kvinne står framfor eit vindauge med utsyn til Observatoriet

URÅD: Når skandinaviskspråklege publiseringskanalar blir borte, ser me at det kan føra med seg at det blir vanskeleg eller beint fram uråd å få publisert forskingsresultat om norske empiriar som er viktige for det norske samfunnet, skriv direktør Åse Wetås i Språkrådet i eit svar til Arnved Nedkvitne. 

Foto: Ola Sæther

Historikar Arnved Nedkvitne rettar i Uniforum 3. november eit spørsmål til Språkrådet og meg om publiseringsspråk i forskingsbidrag. Bakgrunnen er eit debattinnlegg i avisa Khrono der eg gjorde greie for Språkrådets syn på korleis det lovfeste ansvaret universitets- og høgskulesektoren har for å gje studentane og ålmenta eit godt norsk fagspråk, kan kombinerast med behovet forskarane har for å dela forskingsresultat med fagfellar andre stader i verda.

Debattinnlegget mitt tok utgangspunkt i ei førestilling om at Språkrådet meiner vitskapleg publisering primært bør skje på norsk. Det er ikkje tilfellet at Språkrådet ønskjer seg ein slik språkpraksis. Vårt syn er at vitskapleg publisering bør skje på dei språka som er relevante for forskingsresultata og forskarfellesskapen. Då bør det òg vera ordningar som gjer det mogleg å publisera forskingsresultat på norsk og skandinaviske språk.

Når skandinaviskspråklege publiseringskanalar blir borte, ser me at det kan føra med seg at det blir vanskeleg eller beint fram uråd å få publisert forskingsresultat om norske empiriar som er viktige for det norske samfunnet, men som er mindre relevante for forskarar i andre delar av verda. Ei slik utvikling vil kunna styra innretninga på forskinga på ein måte som er svært uheldig for samfunnet vårt.

At somme tidsskrift berre (eller i hovudsak) publiserer på skandinaviske språk, er eit verkemiddel for å halda oppe fleirspråklegheit i sektoren når utviklinga går stadig sterkare i retning av engelsk einspråklegheit. Dei språkpolitiske verkemidla skal gje nettopp det høvet Nedkvitne peikar på, til å kunna velja publiseringsspråk ut frå «hvilke lesere en monografi eller artikkel sikter mot», gjennom at dei legg til rette for at også norsk og andre skandinaviske språk er moglege val.

Språkrådet kjenner ikkje i detalj til dei ulike publiseringskanalane på alle fagområde i universitets- og høgskulesektoren. Det er likevel overraskande om stoda i dag er at historiefaget manglar engelskspråklege kanalar til publisering av forskingsresultat som primært rettar seg inn mot eit anna publikum enn det skandinaviskspråklege.

Emneord: Språk, Språkpolitikk Av Åse Wetås, direktør i Språkrådet
Publisert 5. nov. 2020 05:00 - Sist endra 10. nov. 2020 11:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere