Ueinige om resultata av internasjonalisering i akademia

Kor mange internasjonale forkarar toler Noreg? Det var spørsmålet Vitskapsakademiet innleidde til debatt om torsdag kveld. Ordskiftet gjekk fram og tilbake, men utan at det blei nokon samla konklusjon. 

 

DISKUTERTE INTERNASJONALISERNG: Dette panelet diskuterte internasjonalering i akademia: Frå venstre: Arnfinn Haagensen Midtbøen, Øyvind Østerud, Ellen Rees, Malcolm Langford og Kalle Moene.

Det var på vårparten i fjor professor i statsvitskap Øyvind Østerud starta debatten i Aftenposten om det han kalla for den tankelause internasjonaliseringa av universiteta og høgskulane. Han peika likevel på at vitskapen ikkje kjenner landegrenser og at internasjonal publisering og kontaktnett er naudsynt. Også opphald i utlandet og rekruttering utanfrå er avgjerande stimulans til gode fagmiljø, understreka han.

Kunne svekka samfunnsoppdraget

Østerud åtvara likevel om at det går ei grense for internasjonalisering før alle universitet og fagmiljø like gjerne kunne liggja i USA eller Kina.  Etter hans meining ville for mange utanlandske forskarar utan kunnskap om norsk språk , historie og kultur, vera med på å svekka universiteta sitt samfunnsoppdrag, skreiv han. 

– Ein stor rikdom for heile forskingsmiljøet

Østerud møtte ramsalt kritikk for haldningane sine frå økonomiprofessor Kalle Moene. Både i Klassekampen og i Uniforum lovpriste han korleis forskingskvaliteten hadde auka etter at Økonomisk institutt ved UiO hadde bestemt seg for å lysa ut alle stillingane internasjonalt.

– Det må ikkje stillast krav om norsk fødselsattest og bunad for å bli tilsett som forskar ved Universitetet i Oslo. Internasjonaliseringa har vore ein stor rikdom for heile forskingsmiljøet vårt, sa han i Uniforum i august i fjor.

Både Øyvind Østerud og Kalle Moene var med i panelet som drøfta internasjonalisering i går. Dei fekk selskap av forskar Arnfinn Haagensen Midtbøen frå Institutt for samfunnsforsking, jussprofessor Malcolm Langford frå UiO og Ellen Rees, som er prodekan for forsking og forskarutdanning ved Det humanistiske fakultetet, UiO. Møtesalen var heilt fullsett, så mange måtte setja seg i salongen ved sida av.

Utanlandske forskarar er stort sett frå Vesten

Arnfinn Haagensen Midtbøen tok utgangspunkt i konkrete tal frå 2014 som viste at rundt 25 prosent av fagpersonalet ved norske universitet og høgskular er utlendingar. – Det store fleirtalet av dei kjem frå USA, Europa og Australia. Desse landa er altså overrepresenterte, medan barn av innvandrarar i Noreg er sterkt underrepresenterte, konstaterte han. 

Midtbøen trekte også fram at det er færrast utlendingar mellom dei faglege tilsette i humaniora og samfunnsvitskaplege fag. – Ingenting tyder på at det er mindre uvisse om arbeidssituasjonen blant utanlandske forskarar enn det er blant dei norske. Derimot opplever dei ofte at dei blir forbigåtte og stengde ute frå viktige komitear, la han til.

 – Kor mange klarer ikkje å uttrykkja seg på norsk?

Då Øyvind Østerud fekk ordet ville han gjerne ha meir informasjon om kor stor del av dei utanlandske fagpersonane som ikkje kunne uttrykkja seg fagleg på norsk. – Eg ser at talet på utanlandske tilsette har auka dramatisk dei siste ti åra på grunn av presset om internasjonalisering, slo han fast.

– Berre 25 prosent av doktorane får jobb i akademia

Prodekan Ellen Rees ved HF tykte ikkje at det var eit stort problem. – Nokon seier at utanlandske forskarar publiserer meir, men ingenting hindrar norske forskarar i å gjera det same. Det stemmer ikkje at utanlandske forskarar tar jobben frå dei norske. Det me bør kommunisera endå betre, er at berre 25 prosent av dei som tar doktorgrad får jobb på universitet eller høgskule. 

– 45 forskarar frå åtte land på Norden-satsing

Jussprofessor Malcolm Langford peika på at lokale undersøkinga ikkje tyda på at det var stor skilnad i formidlingsgrad mellom utanlandske og norske vitskaplege tilsette.  – Nei, mellom dei som formidlar ofte, er det lik fordeling mellom dei som har utanlandske og dei som har norsk bakgrunn, hadde han registrert. Sjølv leiar han den store forskingssatsinga på Norden.

– Me er 45 forskarar frå åtte land. Under etableringa av sentra for framifrå forsking har det ofte vore vanskeleg å få toppforskarar til Noreg, peika han på.

– Store gevinstar for alle

Økonomiprofessor Kalle Moene var like positiv til internasjonalisering som før:

– Mitt syn er at  det vil vera store gevinstar for alle forskingsmiljø om dei var endå meir opne. Hos oss er det friksjon og konkurranse. Det er viktig for å få fram nye idear, og så er det rikt for heile forskingsmiljøet. Og me har aldri formidla så mykje som me gjer no, slo han fast. 

– Udelt fordel med internasjonale forskarar

Øyvind Østerud meinte at han var blitt tolka litt feil i debatten. – Internasjonale forskarar er ein udelt fordel for Universitetet i Oslo. Det er det stor semje om. Men me er ueinige i kor stor grad det er behov for å ha ein strategi for fordeling av faglege stillingar, sa han. 

Etter at panelet hadde hatt ordet, fekk ulike stemmer frå salen koma med sine synspunkt på temaet.  Det som alle var opptekne av, var kor viktig det var for utanlandske forskarar å kunna læra seg norsk språk både for å kunna undervisa på norsk og kommunisera endå betre med kollegar.  Unntaket var Nils Chr. Stenseth. – Me har eit godt internasjonalt fagmiljø, og derfor brukar med det språket som er mest praktisk for oss, nemleg engelsk, slo han fast.

– Nasjonaliteten avgjer ikkje kvalifikasjonane

Giuliano D'Amico frå Milano i Italia fortalde korleis han var blitt tilsett som førsteamanuensis i nordisk litteratur ved UiO. 

– Det er ikkje nasjonaliteten som avgjer om du har kvalifikasjonar i norsk språk og kultur. Sjølv tok eg også doktorgraden min i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo.  

Historikaren Edgeir Benum meinte at det ikkje var så enkelt å vera utlending på hans fagområde, norsk historie, sjølv om han var positiv til at utlendingar kjem til norsk akademia.  – Det er ikkje nok å kunna norsk språk og kultur. Då må du vita forholdet mellom sentrum og periferi, skilnadene på dei ulike landsdelane og kystområda i Noreg og korleis utviklinga har gått over tid, meinte han. 

Prodekan ved HF, Ellen Rees, opphavleg frå USA, kom også med eit sluttpoeng.

– Ingen stiller spørsmål ved etnisk norske som er professorar i fransk litteratur, engelsk litteratur eller spansk litteratur. På HF er det ein person frå Polen som er instituttleiar for Institutt for lingvistikk og nordiske studium, medan ein person frå Estland nyleg blei tilsett som førsteamanuensis på det same instituttet.  

Debatten blei leidd av kommunikasjonssjef Marina Tofting, og den var på norsk. – Ja, det er eg kjempeglad for, sjølv om eg er internasjonalist, sa Reidun Sirevåg som tidlegare var generalsekretær for Vitskapsakademiet. 

 

 

Emneord: Språkpolitikk, Universitetspolitikk, Internasjonalisering, Arbeidsforhold, Språk Av Martin Toft
Publisert 19. jan. 2018 17:39 - Sist endret 19. jan. 2018 17:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere