Kalle Moene: – Internasjonalisering har vore ein rikdom for fagmiljøet

– Det må ikkje stillast krav om norsk fødselsattest og bunad for å bli tilsett som forskar ved Universitetet i Oslo. Internasjonaliseringa har vore ein stor rikdom for heile forskingsmiljøet vårt. Det meiner økonomiprofessor Kalle Moene ved UiO.

FORSVARAR INTERNASJONALISERINGA: – Eg stussar spesielt når nokon snakkar om at det er naudsynt med kvotering for at ikkje norske forskarar skal tapa i konkurransen, seier økonomiprofessor Kalle Moene ved UiO i eit sterkt forsvar for internasjonaliseringa på universiteta.

Foto: Ola Sæther

I oktober 2016 kom historieprofessor John Peter Collett med krass kritikk av internasjonaliseringa av norske universitet. I Morgenbladet formulerte han eit retorisk spørsmål om kven som er i verdstoppen i norsk historie. Seinare har professor i statsvitskap Øyvind Østerud fylgd opp både i Klassekampen og i Aftenposten, og fyrer av ei breiside mot dei som ivrar for endå meir internasjonalisering ved Universitetet i Oslo og andre norske universitet.

Etter hans meining vil uavgrensa internasjonalisering føra til at det er irrasjonelt å ha universitet i ein språkleg og kulturell utkant som i Noreg. Aller sist ut på bana kom pensjonert medieprofessor Sigurd Allern. I ein kronikk i Uniforum skriv han at det er greitt at tre av ti ph.d.-stipendiatar er frå utlandet, men at det er meir problematisk når sju av ti er det.

Les i Uniforum: Internasjonaliseringens heiakor!

– Liknar på Trumps klappjakt på Obamas fødselsattest

Økonomiprofessor Kalle Moene stiller seg undrande til kritikken av internasjonaliseringa på universiteta. – Nokre gonger liknar dette meir på Donald Trumps klappjakt på Barack Obama for å avsløra at fødselsattesten hans ikkje er amerikansk, men kenyansk, seier han litt provokatorisk.

Kalle Moene er både grunnleggjar og leiar for senter for framifrå forsking, Senter for studiar av likskap, sosial organisering og økonomisk utvikling (ESOP).  

– I forskingsmiljøet vårt har alle dei utanlandske forskarane vore med på å gjera diskusjonane våre betre og problemstillingane våre endå meir relevante. Det blir mykje lettare å samanlikna norske forhold med forhold i andre land når det finst eit godt internasjonalt fagmiljø på eit institutt. For studentane er det også positivt å ha førelesarar med forskjellig nasjonal og kulturell bakgrunn, understrekar Kalle Moene.  

– Alle må konkurrera om forskarstillingane

Senteret han leier har svært godt ord på seg både nasjonalt og internasjonalt. – Det må i tilfelle vera på grunn av at me har eit levande, godt og internasjonalt fagmiljø, er han overtydd om. – Dei utanlandske forskarane tar med seg sine idear og sine tankar til senteret og instituttet. Alle som har forskarambisjonar på UiO og i Noreg må konkurrera om å få ei stipendiatstilling eller ei fast forskarstilling. Konkurransen er internasjonal, og nokre gonger er det folk frå Noreg som får stillingane, andre gonger er det nokon utanfor Noregs grenser. Slik er det overalt. Og det er likt for alle. Norske forskarar både søkjer og får jobbar ved institusjonar i andre land, peikar han på.

– Treng universitet med open rekruttering

– Ein av våre tidligare PhD-studentar har til dømes stor suksess som heiltidsprofessor i Chicago, på eitt av USAs beste universitet. Andre har vore ute nokre år og kjem heim att sjølv om dei har hatt gode faste stillingar ute. Slik er det og med utlendingar her. Nokre av dei blir her lenge, kanskje for alltid, andre dreg igjen etter ei tid, er erfaringa hans. – Universitetet i Oslo må aldri bli ein lukka stad. Noreg har internasjonale ambisjonar og ein svært open økonomi. Då treng me også eit universitet med open rekruttering, svarer han.

Kalle Moene ser at det kan vera behov for personar med spesielle kvalifikasjonar i nokre vitskaplege stillingar.

– Men då vil det vera mogleg å leggja inn desse spesielle krava i stillingsutlysinga, slår han fast.  Moene understrekar at kravet må gjelda kvalifikasjonane og ikkje fødestaden.

– Eg stussar spesielt når nokon snakkar om at det er naudsynt med kvotering for at ikkje norske forskarar skal tapa i konkurransen.

Like synlege i media som før

– Sjølvsagt har dei rett dei som nemner at universiteta har eit nasjonalt samfunnsoppdrag. Men dette er ikkje ei oppgåve som berre nordmenn kan gjera. Eg vågar påstanden at sjølv om ein tolkar samfunnsoppdraget snevert, har ikkje dei mest internasjonaliserte institutta svikta her. Hos oss på Økonomisk institutt deltek ein til dømes minst like mykje som før både i den nasjonale debatten i media, som ekspertar i offentlege utgreiingar og i debatten internasjonalt. Naturlig nok er også dei som ikkje har norsk som morsmål med her. Ingen gjer like mykje av alt. Det gjeld nordmenn og det gjeld andre, seier han engasjert.

Utlending heile livet?

– Og kvifor skulle ikkje dei som kjem utanfrå vera med? Eg skjøner ikkje kritikarane her. Kva er det som er så spesielt norsk at dei som ikkje er fødde her ikkje kan gjera oppgåvene? Er det noko kritikarane veit som me andre ikkje ser? Eller, kan det vera at ein ser meir negativt på internasjonaliseringa i dei miljøa der ein ikkje har hatt så mykje av den frå før? Dessutan er ein vel ikkje utlending livet ut, sjølv om ein er fødd ein annan stad? Kor lenge må ein ha vore her, før ein ikkje lenger skal reknast som ein framand?, spør han retorisk. Dessutan er Moene ikkje heilt nøgd med den vinklinga internasjonaliseringa ved universiteta, har fått i media.

– Eg undrar meg også på kvifor ein i ordskifte utanfor universitetet nesten berre snakkar om dei som er skeptiske til internasjonaliseringa, medan det må vera minst like mange som er positive utan at ein får høyra så mykje om det. Eg trur at det er eit fleirtall som er positive både blant forskarar og studentar, seier han til Uniforum.

Engelsk er blitt administrasjonsspråk

Kalle Moene minnest sjølv den tida då han var ung student.

– Då var det stas å få førelesarar frå utlandet på instituttet. I dag er det forskarar både frå Kina, Italia, India, Frankrike, USA, Sveits og Nederland ved Økonomisk institutt. – Engelsk er blitt administrasjonsspråk hos oss. Men om eg blir irritert på nokon, vil eg framleis gi uttrykk for det på bergensk, anten dei forstår eller ikkje, smiler han.

–Viktigare, hos oss spør me ikkje folk kvar dei kjem i frå eller kva faren deira heiter. Det me er opptekne av, er faglege spørsmål.

For Kalle Moene er internasjonalisering ein føresetnad for at eit fagmiljø skal bli leiande på sitt område.

– Kvifor har USA verdas beste universitet? Jau, det er fordi dei rekrutterer vitskapsfolk frå heile verda. Noreg kan få inn nokre av verdas beste yngre forskarar fordi me har gode fagmiljø. Me konkurrerer ikkje i lønn, men i sosiale ordningar, for unge forskarar som kanskje skal stifta familie, få barn og samtidig etablera seg i forskinga. Ordningane er verdifulle, og det kan gi oss eit fortrinn i konkurransen om dei gode kandidatane, trur han.

– Å reversera internasjonaliseringa ville vera til skade

– Avgått rektor Ole Petter Ottersen argumenterte godt for kor viktig det er med internasjonalisering. Eg håpar og trur nyvald rektor Svein Stølen fylgjer den same linja på det området, seier Moene.

Etter hans meining vil det ikkje vera til nokon fordel for UiO om internasjonaliseringa stansa opp.

– For det er svært viktig for UiO å leggja vekt på at forskinga i verden er utan landegrenser -- og at fagfolk ikkje har noko fedreland, for å vri på eit uttrykk i eit kjend manifest. Forskingsbasert undervisning må på den same måten vera internasjonalisert. Å reversera internasjonaliseringa på UiO, ville vera til skade både for forskingsmiljøet og studiemiljøet, er han sikker på. 

Emneord: Internasjonalisering, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 28. aug. 2017 17:31 - Sist endra 28. aug. 2017 17:31

Østerud tegner et for dystert bilde av unge norske forskere. I ERC konkurransen er det flere norske yngre forskere som har fått tildeling til å forske ved et annet europeisk universitet. Størstedelen av de som har fått ERC for yngre forskere i Norge er fra utlandet, spesielt i livsvitenskapene. 

 

adbjm@uib.no - 28. aug. 2017 19:53

Jeg kjenner ikke synspunktene mine igjen i dette innlegget. Jeg er tilhenger av internasjonalisering og har ikke fyrt av noen bredside mot det. Jeg har sagt at noen viktige deler av universitetsansattes oppgaver også forutsetter god kjennskap til norsk språk og samfunnsforhold. På litt sikt er det verdt å ha en strategi for å ivareta også dette, siden endringene har gått raskt de siste årene. Et ganske balansert synspunkt. Vi skal selvsagt drive fagutveksling på alle plan og samarbeide med utenlandske forskere, også for å kunne se norske forhold i relieff. Jeg har ikke foreslått kvoteringer. Jeg har ikke gått inn for krav til fødselsattest eller statsborgerskap. Jeg har sagt at i noen sammenhenger er det rimelig å kreve at fast ansatte kan fungere faglig på norsk, siden vi utdanner kandidater for norsk arbeidsliv og siden universitetene har oppgaver som deltakere i det norske samfunnet. Verre er det ikke.

Øyvind Østerud - 29. aug. 2017 10:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere