Engelsk kan bli undervisningsspråk i lingvistikk på UiO

Engelsk kan bli undervisningsspråk på master i lingvistikk ved UiO frå 2020. Språkrådets direktør Åse Wetås meiner dette er svært uheldig.

UHELDIG: Direktør Åse Wetås i Språkrådet meiner det er uheldig at engelsk kan bli undervisningspråk på masterstudiet i lingvistikk på Universitetet i Oslo.

Foto: Ola Sæther

Det var måndag denne veka insituttstyret ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium vedtok å be studieseksjonen ved Det humanistiske fakultetet om å gjera masterprogrammet i lingvistikk engelskspråkleg frå 2020. Føresetnaden er at endringa skal evaluerast i 2023 med tanke på studentrekruttering, undervisningskvalitet og fagleg samspel med andre undervisningstilbod på instituttet. 

Håpar å få fleire dyktige masterstudentar

Undervisningsleiar Annely Tomson har fronta forslaget og ho forsvarar det.

– Motivasjonen til instituttet er å heva studiekvaliteten ved å rekruttera  både nasjonalt og internasjonalt slik at me  får fleire dyktige masterstudentar på programmet. Det er fakultetet som avgjer om master i lingvistikk blir engelskspråkleg, understrekar ho i ein epost til Uniforum.

– Kva er det som gjer at de trur det blir lettare å få rekruttert studentar om undervisninga er på engelsk?

– Me kan også rekruttera utanfor Skandinavia, så me  meiner at me då  får eit større rekrutteringsgrunnlag.

– Er meininga å fylla opp studiet med studentar frå land utanfor Noreg og Norden?

– Nei, me vil halda fram med å satsa på rekruttering også nasjonalt. Me ønskjer oss eit studentmiljø med ei god blanding av norske og internasjonale studentar, som me trur vil vera til stor nytte for begge grupper. Gjennom å byggja opp eit studieprogram med internasjonal anerkjenning håpar me også at programmet vil bli endå meir attraktivt for norske studentar, seier ho til Uniform.

FORSVAR SPRÅKBYTE: Undervisningsleiar Annely Tomson forsvarar at dei ynskjer å innføra engelsk som undervisningsspråk på masterstudiet i lingvistikk. – Motivasjonen til instituttet er å heva studiekvaliteten ved å rekruttera  både nasjonalt og internasjonalt, seier ho. (Foto: HF/UiO)

Kan skriva oppgåver på norsk

Ho fryktar ikkje at dette vil føra til at norske studentar blir dårlegare i å uttrykkja seg skriftleg på norsk.

– Studentar som ønskjer å skrive oppgåver på norsk, også masteroppgåva, kan halda fram med å gjera det, sjølv om master i lingvistikk blir engelskspråkleg. Arbeidsmarknaden i Noreg er blitt meir internasjonal, så det er ein styrke å kunna uttrykkja  seg presist på både norsk og engelsk, å meistra norsk og engelsk fagspråk på høgt nivå, slår Annely Tomson fast.

– Bryt med språklege retningslinjer

Språkrådet kom med kraftig kritikk av forslaget om å innføra engelsk som undervisningsspråk på master i lingvistikk rett før det blei vedtatt i instituttstyret.  Der går direktør Åse Wetås og seksjonssjef Nina Teigland i Språkrådet skarpt i rette med alle argumenta som blir brukte for å endra undervisningsspråk frå norsk til engelsk.

–Språkrådet meiner at eit fullstendig språkbytte til engelsk i masterstudiet i lingvistikk er svært uheldig, og me er sterkt kritiske til delar av saksframstillinga i notatet, skriv Åse Wetåas og seksjonssjef Nina Teigland. Dei viser til at forslaget også bryt dei språkreglane som alle andre einingar på Universitetet i Oslo må fylgja.

– Forslaget bryt med UiOs språklege retningslinjer og vil gjera det vanskelegare å fylgja  opp sektoren sitt lovpålagde ansvar for å vedlikehalda og vidareutvikla norsk fagspråk. Me vil derfor minna om universitetet sine språklege retningslinjer, der det heiter at UiO skal fremja det parallellspråklege, og at «norsk er hovedspråk i undervisningen». Videre heiter det at «studenter forventes å kjenne til og bruke fagspråk både på engelsk og norsk, eller annet fremmedspråk». Forslaget er dermed i direkte konflikt med institusjonen sin språkpolitikk og sektoren sine språkpolitiske retningslinjer, slik dei er nedfelte i Universitets- og høgskulerådet sine overordna retningslinjer, er konklusjonen til direktør Åse Wetås i Språkrådet.

– Studentane får styrkja kvalifikasjonane sine

Undervisningleiar Annely Tomson ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium har stor tru på at tiltaket vil gi store fordelar for tilstrøyminga av studentar.

– Me meiner at studiekvaliteten blir betre på grunn av tilstrøyming av dyktige internasjonale studentar. Dessutan kan me då inngå fagnære utvekslingsavtalar med utanlandske universitet slik at dei norske studentane får mogelegheit til å dra på utveksling ved universitet med relevant kurstilbod. Studentane våre kan med andre ord styrkja kvalifikasjonane sine, og dette gir ein stor fordel på arbeidsmarknaden, meiner ho.

– Men dersom det ikkje kjem fleire nye studentar til masterstudiet i lingvistikk, vil de då gå tilbake til norsk som undervisningsspråk?

– Dersom me får grønt lys frå fakultetet, skal me gjere ei grundig evaluering etter tre år. Då vil me sjølvsagt sjå nøye på korleis omlegginga til engelsk har fungert, seier Annely Tomson.

Dei fleste må bruka norsk på arbeidsplassen

Åse Wetås og Nina Teigland i Språkrådet meiner at Institutt for lingvistiske og nordiske studium er på heilt galne vegar når det vil innnføra engelsk som undervisningsspråk på master i lingvistikk.  Dei peikar på at dei aller fleste norske studentar, anten dei har studert i Noreg eller i utlandet vil gå ut i den norske arbeidsmarknaden.

– Skal  ein kunna formidla fagstoff til ålmenta, må ein kunna norsk fagspråk. Det må ein også om ein skal delta i det norske arbeidslivet. Ifylgje ei NIFU-undersøking går ni av ti studentar ved norske utdanningsinstitusjonar ut i den norske arbeidsmarknaden og fire av fem studentar som drar utanlands, vender tilbake for å jobba i Noreg. Evna til å uttrykkja seg på norsk er dessutan den mest etterspurte kompetansen for NHOs medlemsbedrifter, ifylge NHOs kompetansebarometer for 2018. Også Universitetet i Oslos eigne arbeidsgjevarundersøkingar viser dette, trekkjer dei fram.

– Kan undergrava samfunnsrelevansen til småfaga

I kommentaren sin gir Språkrådet uttrykk for at det forstår at lingvistikkfaget har problem med å få nok studentar på mastergradsnivå. Samtidig viser dei til at regjeringa har uttrykt uro over rekrutteringa til små og utsette humaniorafag. Det er grunnen til at det er sett ned ei ekspertgruppe som skal vurdera om at det bør opprettast ei ordning med finansiering som tar vare på nasjonale behov. Gruppa skal levera innstillinga si etter sommaren.

– Det ber verkeleg gale av stad om småfag skal gå bort frå norsk for å sikra  eit sterkt nok studentgrunnlag. Me fryktar at slike språkbyter, sjølv om dei kan gi ein kortsiktig gevinst i form av flerie studentar, på lengre sikt vil vera med på å undergrava samfunnsrelevansen og legitimiteten til småfaga, skriv direktør Åse Wetås og seksjonssjef Nina Teigland i Språkrådet.  

Forslaget om å innføra engelsk som undervisningsspråk på masterstudiet i lingvistikk, må først bli endeleg vedtatt i fakultetsstyret ved HF, før det kan bli gjennomført.  

Emneord: Språkpolitikk, Språk, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 1. mars 2019 11:46 - Sist endra 1. mars 2019 11:46

 I tildelingsbrevet til UiO for 2019 står det:

"Universitetene og høyskolene har et lovpålagt ansvar for norsk som fagspråk, og institusjonene skal utarbeide egne språkstrategier. Internasjonaliseringen av forskningen og den økende bruken av engelsk gjør det nødvendig å ha særlig oppmerksomhet om dette arbeidet. Departementet ber om at institusjonene følger utviklingen for norsk som fagspråk og vurderer behovet for å sette inn tiltak. "(side 6 https://www.usit.uio.no/om/it-dir/planer/2019/fra-kd/tildelingsbrev.pdf )

Jeg har jobbet med morsmålsdokumentasjon siden 1992, i Norge, Zimbabwe og Mosambik. Ut fra den erfaringen ser jeg hvor viktig det er å ha fagspråk og terminologi på morsmålet. I Norge ser det ut som vi er på vei vekk fra det, men en i det sørlige Afrika prøver å etablere fagspråk og fagterminologi på morsmålene i tillegg til engelsk og portugisisk.

Et eksempel er saken referert i artikkelen: Ved Institutt for lingvistikk og nordiske studier (ILN) har styret hatt en vedtakssak på de to siste styremøtene (11.02.2019 og 25.02.2019, se https://www.hf.uio.no/iln/om/organisasjon/styret/moter/2017-2020/) om å gjøre om mastergraden i lingvistikk til en fullstendig engelskspråklig master. Begrunnelsen  i saksdokumentene for denne engelskspråklige graden kan kort oppsummeres som

«Det nåværende studietilbudet er for lite attraktivt så en ikke får nok norskspråklige studenter. Derfor velger å skifte til engelsk slik at kundegrunnlaget blir større»

 Det er jo en grei begrunnelse, men kanskje en noe enkel løsning på problemet med dårlig rekruttering.  En kan også vurdere om det er god samfunnsøkonomi og om det er i samsvar med prinsippet om at pengene følger studenten. 

Jeg har ingen ting i mot internasjonalisering. Det skulle nå bare mange med min faghistorikk og profil (informatikk, digital humaniora, e-leksikografi og ontologier) der mesteparten av samarbeidspartnerne mine ikke er norske og ikke befinner seg i Norge, og hvor 99,99 prosent av faglitteraturen ikke er på norsk.  Men det er et stort tap om en ikke klarer å vedlikeholde og videreutvikle norsk fagspråk innenfor de enkelte fagfeltene. Da ender vi i en veldig kolonial situasjon slik jeg ofte har møtt den i Zimbabwe og Mosambik. UiO blir neppe mer internasjonalisert om vi snakker halvgod engelsk til hverandre i undervisningsrommene på Blindern. 

Å introdusere engelsk fagspråk og undervisning er neppe særlig vanskelig. Å vedlikeholde norsk som akademisk fagspråk ser ut til å være adskillig verre (for å vri på Majakovskij)

 

Christian-Emil Smith Ore - 2. mars 2019 07:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere