Doktorkandidat på medisin får likevel lov til å ha prøveførelesing på norsk

Medisin gir no dispensasjon for at ei prøveførelesing kan haldast på norsk før ein disputas, sjølv om avhandlinga er på engelsk. Biologiprofessor Kristian Gundersen synest praksisen likevel er for streng.

RISTAR PÅ HOVUDET: Biologiprofessor Kristian Gundersen ristar på hovudet av den strenge praksisen på medisin om at engelsk skal vera talemålet på alle disputasar der avhandlinga er på engelsk. – Heilt unødvendig, synest han. 

Foto: Ola Sæther

Det var for to veker sidan Uniforum skreiv om doktorgradskandidaten Guro Haugen Fossum som fekk nei frå Det medisinske fakultetet til å halda disputasen sin på norsk. Dekanen var ikkje villig til å gi henne dispensasjon frå kravet om engelsk, trass i at alle opponentane var skandinaviskspråklege.

Leiaren for disputasen, Dag Berild fylgde likevel ikkje pålegget frå dekan Ivar Gladhaug, og opna for at ho likevel kunne ha disputasen på norsk. Meldinga kom same dagen, slik at det enda med at ho heldt presentasjonen på engelsk, medan diskusjonen etterpå gjekk føre seg på norsk og svensk.

Eit nei blei til ja

Etter at saka blei kjent gjennom Uniforum, har dekanen gitt streng beskjed om at språkkravet skal handhevast strengt. Ein doktorgradskandidat som skal ha disputas i juni, bad om å få dispensasjon frå kravet om engelsk. Kandidaten fekk fylgjande svar frå administrasjonen på Det medisinske fakultetet:

«Dekanen har avslått komitéens søknad om språkendring. Dette betyr at prøveforelesning, disputas og alle diskusjoner skal foregå på engelsk». Dette inneber med andre ord ei innskjerping av reglane, trass i at direktør Åse Wetås i Språkrådet oppfordra dekanen til å seia ja til søknader om dispensasjon når det er rimelege og faglege grunnar til det.  

 I førre veke kom det likevel ein kontrabeskjed: Doktorgradskandidaten hadde fått dispensasjon slik at kandidaten kunne halda prøveførelesinga på norsk. Det har ikkje lykkast for Uniforum å få ein kommentar frå medisindekan Ivar Gladhaug.

– Unødvendig

Biologiprofessor Kristian Gundersen ristar på hovudet av den strenge praksisen til Det medisinske fakultetet som gjorde at doktorgradskandidat Guro Haugen Fossum ikkje kunne presentera avhandlinga si på norsk under disputasen, sjølv om alle opponentane var skandinaviskspråklege: «Et dumt vedtak. Slik det nå er, kan vi ikke opprettholde norsk som fagspråk, skriv han i ein kommentar på Facebook.

I ein samtale med Uniforum utdjupar han kritikken sin mot Det medisinske fakultetet.

 – Dette er heilt unødvendig, og det er småleg at fakultet ikkje kan gi dispensasjon.  Og på medisinstudiet er det også viktig å kunna prata på norsk med pasientane. Derfor er nesten alle førelesingar på medisinstudiet på norsk. No er det viktig å gjera nokre viktige grep, dersom UiO meiner alvor med å ta vare på norsk som fagspråk, meiner Kristian Gundersen, som i i fleire valperiodar sat som representant for dei vitskaplege tilsette i universitetsstyret.

– Siste generasjon med norsk som fagspråk

Han tykkjer at UiO også er inkonsekvent i haldninga si til bruk av undervisningsspråk.

– I biologi som eg underviser i, er 90 prosent av førelesingane på engelsk. På andre fag er det forbode å bruka engelsk som undervisningsspråk. Og fram til for nokre år sidan, stod det også klart i universitets- og høgskulelova at undervisningsspråket skulle vera norsk, trekkjer han fram. No fryktar han for framtida til norsk som fagspråk.

– På Institutt for biovitskap går all undervisning frå høgare bachelornivå til og med ph.-d.-undervisninga føre seg på engelsk. Alle mine forskingsartiklar er på engelsk samtidig som eg sjølv også har hatt lengre forskingsopphald i USA. Derfor har eg ingenting imot bruk av engelsk. Men samtidig ser eg kor viktig det er å ta vare på norsk som fagspråk, seier Kristian Gundersen. Han trur også konsekvensane blir store, dersom ikkje noko blir gjort no. – Eg trur at då vil min generasjon vera den siste som vil bruka norsk som fagspråk, spår han.

Får epost på engelsk frå svenske fagfellar

Kristian Gundersen brukar som regel engelsk i samtalar med kollegaer så sant ein av kollegaene ikkje er skandinaviskspråkleg. Som leiar for Nordiska föreningen for fysiologi, ser han ein annan tendens som uroar han.

– No skriv dei andre svenskspråklege styremedlemane i foreininga til meg på engelsk. Det likar eg ikkje. Norsk, dansk og svensk er språk som er i nær slekt med kvarandre, og som me som regel ikkje har problem med å forstå, slår han fast.

Kristian Gundersen har ingen problem med å forstå at engelsk det viktigaste internasjonale språket i akademia.

– Ja, det er klart. Me ser kor store problem til dømes franske forskarar har hatt, fordi dei ikkje kunne akademisk engelsk godt nok. Verda verken vil eller kan unngå engelsk. Spørsmålet er om me skal ha norsk som fagspråk i det heile tatt. Derfor etterlyser eg felles retningslinjer frå universitetsleiinga, konstaterer han.

– Fangar opp fleire motsetningar

Uniforum har også vore i kontakt med rektor Svein Stølen for å høyra korleis han stiller seg til innspelet frå biologiprofesssor Kristian Gundersen  om at det bør vera felles retningslinjer for språkbruken ved disputasar og prøveførelesingar ved Universitetet i Oslo. Svein Stølen viser først til vedtatt språkpolitikk ved UiO.

SPRÅKLEG VEGVISAR: UiO-rektor Svein Stølen viser til at prorektor Gro Bjørnerud Mo inviterte direktør Åse Wetås i Språkrådet til utdanningskomiteen ved UiO i september 2018 for å sikra at den språklege vegvisaren blei godt kjent for dei tilsette. (Arkivfoto: Ola Sæther)

 – UiO har språkpolitiske retningslinjer godkjent av rektor i 2010. Desse retningslinjene byggjer på eit prinsipp om «parallellspråklighet» og fangar opp fleire motsetningar. Til dømes skal språkpolitikken utformast slik at den både tar vare på og utviklar bruk av norsk språk og fagterminologi, samtidig som "engelsk eller andre fremmedspråk skal brukes i de sammenhenger der det er faglig hensiktsmessig eller nødvendig", understrekar Stølen medan han viser til innhaldet i dei språkpolitiske retningslinjene.

Fakulteta avgjer språkval

Svein Stølen trekkjer også fram at hovudregelen er at disputasen skjer på det språket avhandlinga er skriven på.

– UiOs regelverk seier også at disputasar skjer på avhandlingsspråket med mindre fakultetet sjølv, etter forslag frå den sakkunnige komiteen, godkjenner eit anna språk. Innanfor gjeldande regelverk er det dermed delegert til fakulteta å avgjera kva språk disputasen skal gå føre seg på. Universitetsleiinga har tiltru til at fakulteta legg vekt på både dei språkpolitiske retningslinjene og faglege omsyn når dei gjer vedtak om kva språk disputasen og prøveførelesinga skal gjennomførast på, slår han fast.

– Ein god vegvisar

UiO-rektoren slår også eit slag for informasjonen som Språkrådet har laga om dette.

– Språkrådet har laga ein god vegvisar som gir konkrete råd til korleis universiteta og høgskulane skal gjera språkval som sikrar framtida for norsk fagspråk. Vegvisaren gir råd om bruk av både norsk og engelsk. Universitetsleiinga oppfordrar fagmiljøa til å bruka Språkrådets vegvisar, er rådet frå Svein Stølen. Han peikar på at Universitetet i Oslo også har gjort ein framstøyt for å gjera vegvisaren kjent.

– For å sikra at vegvisaren blei godt kjent på UiO inviterte prorektor direktøren i Språkrådet, Åse Wetås, til utdanningskomiteen ved UiO i september 2018. Wetås roste då UiOs språkpolitiske retningslinjer og meinte dei var gode. Språkdirektøren oppfordra derimot UiO til å forankra språkpolitiske retningslinjer i strategien til verksemda og tydeleggjera ansvaret for språkval på alle leiarnivå i organisasjonen, seier UiO-rektoren. Han trekkjer fram arbeidet med Strategi 2030. 

 – Me har denne våren mottatt liknande innspel knytte til ansvar for norsk språk, kultur og historie i strategiprosessen som no går føre seg. Innspela er med når styret og dekanane skal møtast til prioriteringsdiskusjonar på strategiseminar i juni, fortel rektor Svein Stølen.

Emneord: Språk, Språkpolitikk, Medisin, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. mai 2019 04:00 - Sist endra 20. mai 2019 09:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere