Lite frø gav store idear

- Eg er glad i å driva med medisinsk forsking fordi det gir høve til å utføra arbeid så godt som ein evnar utan press om kortsiktig lønnsemd. Det gir ei heilt spesiell arbeidsglede. Det meiner årets vinnar av Universitetet i Oslos forskingspris, medisinsprofessor Sjur Olsnes ved Radiumhospitalet.

Sjur Olsnes viser fram maska som er laga av frø frå planten som kan gi nye cellegifter til bruk i kreftbehandlinga.
Foto: Ståle Skogstad

Prisen, som er på 250 000 kroner, skal han bruka som delfinansiering av utstyr til videomikroskopi ved Avdeling for biokjemi ved Det Norske Radiumhospital. Denne avdelinga har han sjølv vore med og bygd opp og sidan 1990 har han vore leiar for avdelinga som i dag har 36 tilsette. Men Sjur Olsnes var ikkje blant dei som gjennom heile ungdomstida i Vaksdal og Øystese i Hordaland gjekk rundt og drøymde om å bli lege. Han var heller ikkje blant dei som hadde så gode karakterar at han kunne gå rett inn på medisinstudiet i Noreg.

- Eg tenkte at medisinstudiet kunne vera interessant, men samtidig ein fin måte å koma seg til utlandet på. Difor hadde eg ikkje noko imot å ta medisinstudiet i Bonn i Vest-Tyskland, då eg likevel ikkje kunne ta medisin i heimlandet. Det er eg glad for i dag, for medisinstudiet ved Rheinische-Friedrich-Wilhelms-Universität i Bonn var eit universitetsstudium og ikkje ein dokterskule, minnest han.

Umoralsk

- Medisinstudentane måtte finna fram til relevante bøker på eiga hand. Me måtte sjølve finna ut kva bøker det var naudsynt å lesa for å kunna klara eksamen. På denne måten lærte me oss til å bli sjølvstendige. Og eg trur faktisk det er ein like stor del av dei norske utanlandsstudentane som har blitt professorar som dei som har studert medisin i Noreg, seier Olsnes. Likevel synest han det var umoralsk av norske styresmakter ikkje å oppretta fleire studieplassar ved dei medisinske fakulteta i Noreg.

- Det fører jo til at fattigare land enn Noreg må ta kostnadane ved å gi kostbar medisinutdanning til norske studentar i staden for å utdanna legar til sitt eige helsevesen, konstaterer han. Sjølv hengde han legefrakken frå seg for godt for over 20 år sidan. Då hadde lagnaden allereie ført han inn på medisinsk forsking.
Abrus precaratorius

- Eigentleg hadde eg berre tenkt å ta ein medisinsk doktorgrad og jobba nokre år som forskar og så dra tilbake til ein jobb som sjukehuslege. Men etter kvart blei eg biten av forskingsbasillen, og då invitasjonane til å halda foredrag på internasjonale konferansar dukka opp, auka sjølvkjensla, og dermed heldt eg fram med medisinsk forsking, seier han. Arbeidet i laboratoriet går ut på å finna fram til nye metodar i kreftbehandlinga. Då eg spør han om kva det går utpå, ber han meg om snu meg og kika på ei maske som heng på kontorveggen hans.

- Denne maska er laga av frø frå den giftige planten Abrus precaratorius. Den veks i alle tropiske område i verda. Me klarte å isolera toksinane eller giftstoffa i denne planten og prøvde å målretta dei mot kreftceller. Tanken vår var nemleg å finna ut korleis me kunne bruka dei mot kreftceller. Til slutt undersøkte me korleis desse toksinane, som er protein, klarer å gå inn i celler.

Vanlegvis klarer nemleg ikkje protein å trengja inn i celler, men toksinane i frøa til denne planten klarte å lura cellene til å opna porten til det indre i cella. Me fann ut at planten som er basis for lakserolje, Ricinus communus, har eit protein som er i stand til å gå inn i det indre av cellene. Oppgåva vår blei å finna ut korleis dei kom seg inn i cellene, forklarar Olsnes. Han viser til at toksina, som også kjem frå bakteriar som til dømes difteribakterien og dysenteribakterien, kan delast inn i to hovudgrupper; dei som har sin eigen mekanisme for å koma inn i ei celle og dei som brukar cellene sitt eige apparat for å koma inn.

Nye medikament

- Gransking av desse mekanismane, kan avsløra Akilleshælar i cella og føra til at ein finn fram til nye typar medikament som kan øydeleggja kreftcellene, utan å skada friskt vev. Det kan best illustrerast ved at medikament som antibiotika blir brukt for å bryta ned bakteriar, utan at det går utover mennesket som skal behandlast, seier Olsnes.

- Håpet er at denne forskinga kan føra til at me kan ta i bruk heilt andre cellegifter i kreftbehandlinga enn dei som er i bruk i dag. Desse cellegiftene vil vera meir spesialiserte til å ta knekken på kreftceller. Når desse metodane kan takast i bruk, vil dei gi færre biverknader enn dagens cellegiftbehandling, forklarar medisinprofessoren, som blir skikkeleg engasjert når han kjem inn på løyvingane til kreftforsking i Noreg.
Bruk oljefondet til forsking!

- Noreg brukar mykje mindre pengar på kreftforsking enn andre rike land, men er blant dei første til å ta i bruk nye medikament straks dei kjem på marknaden. Er det meininga at me skal overlata til andre å finna fram til nye medikament og så hausta fruktene av deira forsking utan å bidra med noko sjølv? Dette kan samanliknast med medlemskapen i FN og NATO. Det ville vera umoralsk å vera medlem utan å vera med og dela kostnadane. Noreg er også moralsk forplikta til å delta i forskinga på å finna betre metodar i kreftbehandlinga. Difor kan han ikkje skjøna noko anna enn at det burde vera mogleg å investera større delar av oljefondet i forsking.

- Det vitskaplege utstyret måtte me likevel ha kjøpt i utlandet, og det ville difor ikkje ha vore inflasjonsdrivande. Gamalt utstyr treng jo meir vedlikehald enn nytt, og dette må vera inflasjonsdrivande, konstaterer han. Trass i manglande løyvingar til medisinsk forsking i Noreg synest han likevel den medisinske forskinga har gått mange sjumilssteg framover sidan han byrja som forskar i 1966.

- På den tida var det ingen som i sin villaste fantasi kunne tenkja seg at me kunne koma så langt som me har kome i dag. Då me lærte om forskjellige sjukdomssyndrom på medisinstudiet, hadde me ingen tru på at gåtene til desse sjukdomane kunne løysast i vår levetid. I dag kan me gå heilt ned på det molekylære nivået og finna ut kva gen det er noko i vegen med og kvifor det slår ut i sjukdom hos ein person.

270 artiklar

- Mange reknar Radiumhospitalet som dødens venterom. Korleis er det å jobba her?
- Då eg byrja på dette sjukehuset i 1969, blei kreft rekna som ulækjeleg. I dag har dei som er råka av kreftsjukdomen, langt lysare utsikter enn før. Difor kan eg med handa på hjarta seia at det har vore triveleg å jobba her i alle desse åra. Me kranglar heller ikkje innbyrdes, og på den måten har me det ganske fredeleg og får god tid til å driva med forsking, smiler Olsnes. Forskingsverksemda hans har også ført til 270 artiklar i vitskaplege tidsskrift.

- Kva artikkel av dei 270 er du mest stolt over at du har fått på trykk?
- Den første artikkelen eg vil trekkja fram, er hovudartikkelen i Nature i 1974 som handla om arbeidet vårt med plantetoksin, og den andre er ein artikkel om korleis me for første gong hadde klart å isolera og skildra dysenteritoksinet. Dysenteribakterien gir farleg diaré, og det same toksinet finst i "hamburgarbakterien". Den er farleg fordi folk kan få store nyreskadar av den. Difor vil eg åtvara folk mot å eta dårleg steikte hamburgarar og blodige biffar, er legerådet til Olsnes. Når han slappar av, gjer han det gjerne med ei skjønnlitterær bok.
- Det blir altfor sjeldan eg får tid til det, men kvar gong eg skal ut på ei reise, tar eg med meg ein roman, seier forskingsprisvinnar Sjur Olsnes.

Emneord: Priser Av Martin Toft
Publisert 2. nov. 2000 11:40 - Sist endra 10. des. 2008 15:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere