Det var stor oppslutnad om mesteparten av forslaget til klima- og miljøstrategi for UiO då det kom opp i Universitetsstyret i dag.
Representant for dei vitskapleg tilsette, Ingrid Lossius Falkum ville likevel ha vekk ei del av teksten der det blei vist til at det i framtida til dømes vil kunna bli etablert eit berekraftssenter på Nedre Blindern. Reint konkret står det i den formuleringa fylgjande:
«For eksempel vil vi kunne etablere Norges fremste bærekraftsenter – et samlingspunkt som eksperimenterer med tverrfaglig forskning og undervisning i hele bredden av organisasjonen, og i samarbeid med andre sektorer i samfunnet og internasjonale partnere. UiO skal utrede muligheten for på kort sikt å starte opp en slik samarbeidsarena virtuelt, for deretter å oppskalere når lokaler blir ledige og det foreligger finansiering», heiter det.
Ingrid Lossius Falkum lova å koma med eit forslag om at det blir fjerna frå den endelege teksten til klima- og miljøstrategien.
– For dette bør heller koma inn i mandatet til ei arbeidsgruppe som skal jobba med dette, syntest ho.
Også representant for dei teknisk-administrative tilsette, Marianne Midthus Østby lurte på om satsinga på berekraftsenteret hadde noko å gjera i klima- og miljøstrategien.
– Eg lurer på om det skal inn i ein strategi eller om det skal koma inn seinare. Elles så synest eg at forslaget til strategi er blitt endå betre enn det førre utkastet, så det viser at de lyttar til innspela, meinte ho.
Viserektor for klima, miljø og tverrfaglegheit Mette Halskov Hansen var ikkje heilt einig med Ingrid Lossius Falkum.
– Eg synest det er viktig for det er med på å forklara det. Men eg har ingen sterke meiningar om det, sa ho.
Rektor Svein Stølen sa at merknadane hennar skulle bli vurderte på lik linje med andre innspel som kom fram i møtet, men at Universitetsstyret likevel samrøystes kunne vedta den heilskaplege klima- og miljøstrategien for UiO. Og han ville delegera til administrasjonen å formulera inn merknadene i den endelege teksten, opplyste han.
Skal få ned utslepp frå reiser
I debatten peika også viserektor Mette Halskov Hansen på at klima- og miljøstrategien ikkje nødvendigvis hadde som mål å få ned talet på reiser, men å få ned talet på utslepp frå reiser. Då svara ho på eit spørsmål frå ekstern representant Maria Strømme som lurte på om det verkeleg var mogleg å få til eit forbod mot konferansereiser for dei tilsette for å få redusert klimagassutsleppa. – Det er eit fint mål, men greier me det? spurte Maria Strømme.
– Me veit alle som har jobba ei stund på UiO kva konferansereiser som det er mogleg å kutta ned på, og kva reiser som det er fagleg viktige å gjera. Derfor er eg ganske optimistisk, svara Mette Halskov Hansen.
– Det vil nok ikkje skje lenger at nokon tar ei reise frå USA til Noreg, berre for å tilbringa ein dag her, spådde ho.
Sender ut tiltaksplan på høyring
Klima- og miljøstrategien skal fylgjast opp av ein eigen tiltaksplan.
– Utkastet til tiltaksplan blir sendt ut på høyring 1. mars, opplyste også viserektor Mette Halskov Hansen.
Studentrepresentant Karl Oskar Lie Bjerke var opptatt av at det var viktig å ha med i tiltaksplanen både ein auke i talet på grøne emne i alle studieløp, og ha eit mål om å få ein kraftig reduksjon i bruk og sal av animalsk mat.
– Det er naturleg å få utarbeidd tiltaksplanen i tett samarbeid mellom administrasjonen, tillitsvalde og ikkje minst studentar, sa han.
Når det galdt matynsket, fekk han straks svar frå viserektoren.
– Universitetsstyret kan ikkje vedta at me skal slutta å eta kjøt. Det er det opp til Studentsamskipnaden i Oslo å ta stilling til, peika Mette Halskov Hansen på.
Fekk medhald i endringsforslag
Dei to representantane for dei vitskaplege tilsette Finn-Eirik Johansen og Ingrid Lossius Falkum var også opptekne av delmålet og formuleringa om at det skulle jobbast for å få etablert fleire fakultetsoverskridande stillingar. «Likeledes skal UiO arbeide for å gjøre det enklere å tilsette i tverrfaglige og fakultetsoverskridende stillinger.»
Ingrid Lossius Falkum meinte det burde leggjast til «institutt», slik at det ville bli institutt- og fakultetsoverskridande stillingar. Etter ei kort meiningsutveksling gjekk Universitetsstyret inn for at det var mogleg å ta inn ei slik endring.
Studentrepresentant Julianne Sørflaten Grovehagen var opptatt av det vidare arbeidet etter at Universitetsstyret har vedtatt ein klima- og miljøstrategi.
– Det er viktig at tiltaksplanen blir sett i verk, at det blir opplyst om den og at den blir fylgt, meinte ho.
– Me må oppretthalda motet
Ekstern representant Eirik Frantzen hadde berre rosande ord å koma med om arbeidet med klima- og miljøstrategien.
– Det er ei imponerande forankring som har skjedd. Me må oppretthalda motet til å gjera forandringar, sjølv om alt ikkje er like populært, trekte han fram.
Ekstern representant Qaisar Farooq Akram var nøgd med strategien, men han lurte på om det var sett av ressursar til arbeidet.
– Og kva føringar vil strategien leggja på ressursbruken framover? ville han vita.
Universitetsdirektør Arne Benjaminsen viste til at det var sett av 5 millionar til arbeidet på 2021-budsjettet og 10 millionar kroner på 2022-budsjettet.
Sjølv om studentrepresentant Karl Oskar Lie Bjerke gjerne hadde sett klarare mål om få ned kjøtforbruket i strategien, var han likevel nøgd.
– Eg stiller meg bak strategien, sa han.
Etter at diskusjonen var over, kunne rektor Svein Stølen konstatera at arbeidet med strategien var i hamn.
– Då seier me at den er vedtatt. Eg er glad for at me har fått eit samrøystes vedtak, slo han fast.
• Les meir om klima- og miljøstrategien i Uniforum:
No får UiO ein klima- og miljøstrategi
Klimastrategien: – Ekstremt viktig å ha legitimitet som forskningstung institusjon
Klimastrategien: – Enklere å komme med kritiske utspill enn positive
SUM vil bygges ut til å bli Oslo bærekraftsenter
NTL-leiar Natalia Zubillaga: Dette er ein klimastrategi frå oven
Professor advarer mot ordlyden i UiOs foreslåtte klimastrategi
UiO anbefales om ikke å gå inn i prosjekter som ikke er bærekraftige
UiO skal laga klima- og miljøstrategi
Logg inn for å kommentere