No får UiO ein klima- og miljøstrategi

Førstkomande tysdag får UiO sin eigen klima-og miljøstrategi. Det er ei av sakene som kjem opp i Universitetsstyret.

Medlemar i Universitetsstyret sit langs eit langbord

KLIMAJUBEL: Universitetsstyret kan på tysdag skapa klimajubel når det truleg vedtar ein klima- og miljøstrategi for UiO. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var i juni 2019 Universitetsstyret først fekk på bordet eit forslag om å utarbeida ein eigen klima- og miljøstrategi for Universitetet i Oslo. Den gongen sa rektor Svein Stølen til Uniforum at strategien ville vera i boks ved utgangen av 2020. Dåverande studentrepresentant Christen Andreas Orvin Wroldsen gav Studentparlamentet æra for at  spørsmålet om ein eigen klima- og miljøstrategi for UiO var kome på dagsordenen.

– Eg trur Studentparlamentet kan ta ein del av æra for å setja dette på agendaen. Samtidig er det fleire eldsjeler både i styret, administrasjonen og på universitetet elles som har vore viktige for å løfta dette fram. Utan samarbeid på tvers av organisasjonen kjem me ikkje i mål, sa han til Uniforum i juni 2019.

• Les også: UiO skal laga klima- og miljøstrategi

Og forslaget vann fram. Det blei bestemt at det skulle greiast ut nærare, og etter kvart blei det sett ned eit eige utval leia av UiO:Energi-direktør Vebjørn Bakken, som i desember 2020 fekk oppdraget med å leggja fram eit utkast til klima- og miljøstrategi.

Utkastet var klart i august 2021, og ein del av innhaldet vekte debatt, mellom anna innspelet om at ingen forskingsprosjekt i regi av UiO måtte gå inn i prosjekt som ikkje ville vera berekraftige og forslaget om å oppretta eit Oslo berekraftsenter. Utkastet blei diskutert på allmøte før alle einingar blei inviterte til å senda inn høyringsinnspel.

• Les også: NTL-leiar Natalia Zubillaga: Dette er ein klimastrategi frå oven

Dei blei sydde saman til eit forslag til klima- og miljøstrategi som blei lagt fram i Universitetsstyret i desembermøtet. Då blei det avgjort at det endelege forslaget til klima- og miljøstrategi skulle koma opp som ei vedtakssak i Universitetsstyret i februar 2022.

• Les også: Revidert klimastrategi: UiO-ledelsen har lyttet til kritikerne

Tiltaksplan skal utviklast seinare

Det er eit forslag med ein del mindre endringar som kjem opp på Universitetsstyrets bord på det digitale møtet tysdag 8. februar. Endringane som var komne inn på grunnlag av høyringane og ulike innspel, har no fått fylgje av endringar som er føreslegne i møte og diskusjon i Universitetsstyret. I forslaget vert det også understreka at Universitetsstyret føreset at einingane prioriterer ressursar til dette.

Ein eigen tiltaksplan om korleis klima- og miljøstrategien skal gjennomførast, var med i det opphavlege utkastet. Den er tatt ut av strategidokumentet, men skal utviklast separat etter at strategien er vedtatt, går det fram av styrepapira. Om ein skal dømma etter debatten om klima- og miljøstrategien i det førre møtet, vil det endelege forslaget bli samrøystes vedtatt.

UiO får ny biblioteksdirektør

Før møtet blir opna for alle, skal Universitetsstyret også bestemma kven som får den ledige stillinga som ny biblioteksdirektør for Universitetsbiblioteket ved UiO. Dagens direktør Hanne Graver Møvig slutta i fjor haust for å bli ny fakultetsdirektør for Fakultetet for kunstfag på Universitetet i Agder. Sidan då har Randi Halveg Iversby vore fungerande biblioteksdirektør.

• Les også: Ny UB-direktør: Bibliotekene må bidra til et faktabasert offentlig ordskifte

UiO-rektor presenterer Oslo Science City 

Og aller først på den opne delen av møtet skal rektor Svein Stølen sleppa til med ein presentasjon av eit prosjekt som har fått mykje omtale både i Uniforum og i andre media det siste halvåret. Oppgåva hans er å presentera Oslo Science City og fortelja meir om planar og satsingar for denne medlemsforeininga som han er styreleiar for.

• Les også: Svein Stølen: – Dette er bra for Oslo og viktig for Noreg

• Les også: – Vi har snakket overraskende lite om Oslo Science CIty

Ber Universitetsstyret om å føra UiO:Energi vidare 

Ei anna vedtakssak som kjem opp, er eit forslag om å vidareføra den tverrfaglege forskingssatsinga UiO:Energi med fire nye år, men då under nytt namn og med fleire oppgåver. Det nye namnet kan bli UiO:Energi og miljø, om Universitetsstyret stemmer for det. Og det skal gjelda frå den nye satsingsperioden tar til i 2023 og til og med 2027.

I åra framover er ambisjonane til senteret også å peika på at i utviklinga av eit berekraftig samfunn, er det ikkje nok berre å sjå på nye teknologiske løysingar. Det må også omfatta korleis desse løysingane kan utviklast og takast i bruk på ein rettferdig, inkluderande og berekraftig måte, går det fram av saksdokumenta. I år har denne tverrfaglege satsinga fått ei løyving på 23 millionar kroner.

Framhevar samarbeidet mellomThe Guild og afrikanske universitet

Rektor Svein Stølen skal også presentera ein framdriftsrapport for det europeiske universitetsnettverket “The Guild” som Universitetet i Oslo er med i. I den vert samarbeidet med dei afrikanske forskingsuniversiteta i ARUA ((African Research Universities Allianc) trekt fram. I rapporten vert det vist til at “samarbeidet har som formål å utvikle en felles langsiktig plan for å styrke forskningskapasiteten til afrikanske universiteter, og mobilisere og påvirke nasjonal og europeisk politikk og virkemidler i en retning som gjør det mulig. UiO har vært initiativtaker og pådriver av samarbeidet”, vert det understreka.

Og i rapporten vert det også lagt vekt på at The Guild skal påverka EUs forskingsprogram og kunnskapspolitikk. Samtidig skal nettverket også vera ein arena for samarbeid, gjensidig læring og kapasitetsbygging mellom medlemsuniversiteta, står det i styrepapira.

Skal drøfta regelverk for tilsetjing og nye karrierestandardar

Universitetsstyret får også presentert ei oppdatering av arbeidet med å innføra eit nytt heilskapleg regelverk for tilsetjing av forskarar og opprykk til førsteamanuensis- og professorstillingar. Det endelege forslaget vil bli handsama av Universitetsstyret ein gong før sommarferien.

Også arbeidet med å innføra karrierestandardar for ferske forskarar på alle fakultet, institutt, museum og andre einingar på UiO, skal Universitetsstyret få ein statusrapport om.  Den skal visa resultatet av ei kartlegging som nyleg er gjort på UiO.

Dette er sakslista:

Møte nr. 1/2022 i universitetsstyret

Møtet vil bli streamet.

Tid og sted: 8. feb. 2022 10:00–17:00, Møtet gjennomføres digitalt

Legg til i kalender

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet

Forslag til vedtak:

Dagsorden og habilitet ble godkjent.


Diskusjonssaker


D-SAK 1 Årsrapport 2021 - Styrets beretning

Saken er unntatt offentlighet offl § 5


Informasjonssaker


I-SAK 1 Oppstart av arbeid med ny utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet

Saksnr. 21/2697

Saken er unntatt offentlighet offl § 14


Ordinære saker 


V-SAK 2 Bibliotekdirektør ved Universitetsbiblioteket

Saksnr. 2021/15782

Saken er unntatt offentlighet offl § 25


Saker til behandling i åpent møte

Informasjonssaker


I-SAK 2 Oslo Science City

Presentasjon ved rektor Svein Stølen


Ordinære saker


V-SAK 3 Helhetlig klima- og miljøstrategi

Saksnr. 

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar UiOs helhetlige klima- og miljøstrategi med de merknader som fremkom i møtet. Universitetsstyret forutsetter at det settes av ressurser til å følge opp prioriteringene på alle nivå i organisasjonen.

Saksdokumenter:


V-SAK 4 UiO:Energi - videreføring og utvidelse

Saksnr. 

Saksdokumenter:


V-SAK 5 Endring av studie- og eksamensforskriften - medisinstudiet

Saksnr. 2017/9957

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret godkjenner forslaget til endring av forskrift om studier og eksamen ved UiO, jf. den vedlagte endringsforskriften.

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-SAK 3 Fremdriftsrapport for samarbeidet i det europeiske universitetsnettverket The Guild i 2022

Saksnr.

Saksdokumenter:


I-SAK 4 Status for implementering av karrierestandardene for forskere i tidlig karrierefase

Saksnr.

Saksdokumenter:


I-SAK 5 Prosesser for vurdering av forskere og akademiske karriereløp – en oppdatering

Saksnr.

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 1 Universitetsdirektørens orienteringer

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 2 Eventuelt


Ordinære saker


V-SAK 6 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

Forslag til vedtak:

Protokollen ble godkjent. 


Protokoll

Emneord: Klima. Miljøpolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2022 20:24 - Sist endra 6. feb. 2022 22:52

Logg inn for å kommentere